Eg gav meg i prat med ein av dei, som fortalde at dei var ein stab på frami 40 stk. Dei fleste var frilanserar, og mykje utstyr hadde dei med.

Det skal mykje reklame til før TV Norge tener inn att eit slikt program!

71 grader nord 003

Her held dei på å riggar ei kran for kamera midt i portalbiletet.

Ein av dei var godt kjend i området etter mange skiturar. I går var han på Randers topp, kunne han fortelje.

Han var frå Sveits og hadde bodd i Norge frå 2001, og snakka perfekt norsk.

71 grader nord 005

Reto Trøndle var frå Sveits og godt kjend, spesielt i Standalfjella. Han tykte fjella våre var fantastiske og uberørte.

71 grader nord 007

Så kom programleiar Tom Stiansen prøvesyklande mot meg. Verdsmeister i slalåm 1997. På heimesida hans står det språk: Norsk, nynorsk, engelsk, swahili. Det med nynorsk vart eg ikkje klar over før i kveld, så det fekk eg ikkje spørje han om bakgrunnen for.

71 grader nord 009

Han tykte det var stas at eg hugsa godt at far hans ,Svein Erik Stiansen var ein god 1500 meter løpar på skeiser.

Sjølvsagt likte han området i det fine veret. Og eg fekk løyve til å legge ut bilete av  han på portalen. Men deltakerane måtte ikkje avslørast, og eg hadde heller ikkje tid til å vente på at dei skulle kome.

71 grader nord 011

Mykje utstyr og rigging før dei kunne ta til med konkurransen.

71 grader nord 012

Reklameflagg og målflagg må vere i orden før innspeling. Den tidlegare skialpinisten Tom Stiansen trivst godt som programleiar i 71 grader nord.

Eg har ikkje sett dette programmet siste året, men i haust skal eg prøve å få det med meg att frå start til mål.

Konkurransen tek til ved Lindesnes og endar på Nordkapp. Ein større flokk deltakerar startar, men ein går ut for kvart program.( Slik var det i alle fall før, men det er kanskje nokre endringar)?

 Deltakerane vert utsette for tildels store utfordringar på vegen til målet.

Den som når  Nordkapplatået først, får ein bra premie, som alltid har vore ein bil, så vidt eg veit.

Det var ikkje så godt å få vite kva dei skulle vidare, men det høyrdest ut som om dei fine fjella skulle utfordrast.

I skrivande stund er dei framleis i området, og vi får gle oss til hausten når programmet skal sendast.

God reklame for Hjørundfjorden er det også. Det fine veret gjer også sitt til at alle får sjå bygda vår på sitt likaste, med grøne lier og snø i fjellet.