Det er ein årleg tradisjon - plantedagen på Sæbø. I starten vart det visstnok kalla gravdag, men det namnet vart i tristaste laget. No har dagen fått eit trivelegare namn - altså plantedagen. I går, onsdag 27. mai, var det den 31. plantedagen i rekkja som vart avvikla. Som vanleg var det "bedehusdamene" som stod bak.
Blomar vert selde på plassen mellom bedehuset og kyrkja.
Noko enkjelt forklart, er plantedagen den dagen i året då folk flest tek storreingjeringa og oppussinga av gravene til sine næraste. Planter får ein kjøpe av gartnarar som møter opp på utanfor bedehuset. Så er det berre å plukke ut dei rette blomane og setje i gang med spade og mold. Men dei som utfører arbeidet med gravene treng også næring. Mat - flotte smørbrød, sveler, lefser og kaker som er eit stort bryllaupsbord verdig - får ein kjøpt av "bedehusdamene". Den som ynskjer å vere med på ei andakt, kan berre møte opp i kyrkja klokka 12. Andakta tek soknepresten seg av.
Ekteparet Sigurd(t.v.) og Bertha Stokke er mellom veteranane på plantedagen på Sæbø. Her er dei i samtale med Ole Standal.
Åshild Taklo, som har vore med å arrangere plantedagar heilt sidan starten i 1978, veit at det var tidlegare sokneprest Arne Svilosen som tok initiativet til denne dagen. Ein morgon han sat og åt frukost oppdaga han svært så mange kyrkjegarden. Om han trudde det hadde vore ein oppstandelse skal vere usagt, men etter kvart såg han at dei planta og stelte til på gravene. Han tok kontakt med bedehusforeninga og dermed var dei i gang.
Åshild trur forresten at det var B.M. Håndlykken, gartnaren på Urke, som hadde ei hand med i laget, dvs. gjorde at så mange møtte opp og pynta gravene denne spesielle morgonen då Arne Svilosen oppdaga dei.
Åshild Taklo (t.v.) og Knut Åmås (t.h.) meiner å hugse at den første plantedagen var i 1978. I bakgrunnen kan vi skimte kakebordet med den gode maten.
No må det også seiast at fleire av oss møter opp denne dagen berre for å drikke kaffi, ete kaker og slå av ein hyggeleg prat. Om fleire skulle få lyst til akkurat det neste år, vert det sjeldant tomt for mat på kakebordet.Andre igjen, kanskje dei fleste, kjøper også med seg sommarblomar til hagen heime.
Sjølvsagt er det flest eldre som nøter opp på denne festdagen, men både barnehagebarn og skuleelevar møter gjerne opp. Mange veit om at det er lodd å få kjøpt også...
Margreta Aklestad, i midten, er sjefen for loddsalet. Åshild Taklo(t.h.) kan berre smile, denne dagen kom det inn over kr. 12000,- til bedehuset. Det vart seldt kaker for ca. 8.000,- og lodd for ca. 4.000,-. Og kyrkjegarden? Den er no på sitt vakraste.
Kommentarar
Her har nok kjeldene dine svikta mykje. Var sjølv med og grov fram stedmor under 10 cm nysnø i drivbenkane ein tidleg junidag før 1965. Me pakka stedmor fem og fem i pakken sette røtene i kasser og køyrde dei med traktor og tilhengar til Urke-kaia der gamle kommunebåten tok ombord blomar og folk.
Snakka så med mor mi i Ørsta, som er 90 år og hugsar godt. Ho var med heilt frå starten. Ho hugsar dei også tok med seg kasser med blomar på rutebåten om morgonen. Ho meiner starten på "gravdagen" var alt på slutten av Skram si tid som sokneprest, Ho veit at ho og far hadde kontakt med Skram før fyrste "gravdagen" som då må ha vore før 1953. Andakta i kyrkja kl. 12.00 var det Ekeland som starta med fyrst. Når Svilosen hugsar det slik, kan det vere at informasjonen har svikta fyrste året han var prest. I starten var plantesalget på kaia utanfor Årsetbutikken. Mor hugsar eit år med forferdeleg regnver og lite folk. Han far var var framme på kyrkjegarden og stelte dei mange gravene han hadde ansvar for og ho tok ein tur opp til hennar gode ven, Kalla Årset for å tørke seg litt. Etter ei stund kikka bestemor Bia ut av glaset og sa: "Nei no må du ned å passe handelen din morr".
Dei fyrste åra var samvirkelagskaféen møteplassen og det med servering på bedehuset kom etter at den vart nedlagd. Mor og far var aleine med plantesalet i mange år, men på slutten av 60 talet kom også Olaf Viddal med sine varer. Utvalet i blomar bei stadig større frå dei første stedmødrene og georginerøtene. Oppmøtet var alt tidleg på 70 talet stort. Eg hugsar sjølv dagar då folk stod i flokk og venta når me kom over med den game blå plantebilen på halv ni ferja. I starten var plantedagen på ein vanleg vekedag. Kjeringar frå Viddal, Trandal og strendene kom med skuleskyssen ( ja det var få karar som planta den tida..) Det var enno svært få som hadde fast arbeid utanom gardsdrifta, slik at plantedagen greitt kunne takast mellom fjøsane. Etter vårvinna var slutt og før slåtten kom var det tid for slikt. Folk sjansa ikkje på nattefrosten den tida, slik at plantedagen som regel ikkje var før fyrste veka i juni.
Eg vil tru at mange andre også har minne og kanskje også foto frå "gravdagar" på 60-talet. Eg vil tru at det også finst opplysningar om dette i protokollar på prestekontoret.
Rune Håndlykken
gartnarson frå Urke
Etter dei tilbakemeldingane er har fått, er det ingen som tvilar på det gartnarson Rune skriv er sant. Dei fleste minnest denne dagen med stor glede.
Men etter det eg forstår, snakkar vi om to ulike typer dagar.
Etter det eg forstår (korriger meg gjerne), skriv Rune om ein generell plantedag - ein plantedag for folk flest og ein dag der det også vart sett ut nye planter på gravene.
Åshild Taklo kom med informasjon om den spesielle gravdagen - ein dag som Arne Svilosen altså tok initiativet til. Gravdagen(eit trist namn) - som seinare også fekk namnet plantedagen - var, og er, spesiell på den måten at det vart matsal på bedehuset på Sæbø, eit matsal som gjev årlege gode inntekter til bedehuset.