På veg ut såg dei mange vårtegn, hestehov, kvitveis, skogfiol, surgras og froskeegg. Mange ville kjenne på froske egga, og fleirtalet meinte det kjentes ut som gele. Barna fant og haustnøtter som var fulle i mat. Namm......

Lappegobler  Nøtter frå i fjor
Lappegopler - kjennest ut som gele.                                    Nøtter frå i fjor.

Då dei kom til Sæbøneset, var nokre av sauene i full sving med lambing. Dei fekk god hjelp av Lasse og Nutte som fekk det travelt med å ta i mot både barnehagen og nye lamb.

Eit lam hadde akkurat komt ut og kanskje var der eit til på veg. Lasse tok handa inn i rompa på sauen for å kjenne om der var fleire der inne. Det vart det! Dette var nytt for mange av barna og dei sa tydeleg ifrå: Sjå ka han gjer! Æssj kor ekkelt! Koffor gjer du ditta! Etter litt såg vi noko som var på veg ut, det var vist beina. Lasse tok tak, dro fast - så var det ute, raudt og fullt i slim. Dette skulle mora slikke i seg, kor ekkelt......

 Lasse drar ut lambet  Mora slikkar lambet reint
Lasse må dra lambet ut av rompa.                          Sauemora må slikke lambet sitt reint.

Medan mora gjorde jobben sin fekk barna gje namn til eit lite jentelamb som var født dagen før. Barna hadde mange forslag, og til slutt vart dei samde om "Vanja". Lambet fekk hol i øyrene som fortel kva det heiter og kvar det høyrer til.

Barn og lamb   Lambet blir merka
  Dette lambet vart født i går                         Barna bestemte namnet "Vanja"

Lambet heiter "Vanja"

Alle som ville fekk halde lambet i armane sine. Kanskje kjenner det oss att når vi kjem på besøk neste gong?

Takk til alle på Sæbøneset for at de alltid tar godt i mot oss frå barnehagen.