Bygdemobiliseringa si tilmålte tid er snart over, og planane om nærmiljøanlegg på Kapteinkvia er framleis berre planar. Nemnda har reist ca 90.000,- i kontantar og tilsagn, og ventar no på 2de året på at kommunen skal kjøpe området.
Grendalaget, Idrettslaget og Helselaget er blitt samde om å ta over ansvaret for prosjektet. Men, her trengst det folk som ivrar for å delta med arbeidsinnsats og meiningar. Vårt framlegg er å dele det store prosjektet opp i mindre prosjekt og snarast råd starte med prosjektering av ei sandvolleyballbane. Den er teikna inn som "aktivitetsflate grus" i teikningane, lengst bak mot skogen.

Vi ber om innspel på teikningane. Kva kan vi sløyfe? Kva anna treng vi? Kva med badestranda? Plassering av sandvollyballbane? Kva standard må det vere på denne?
I tillegg treng vi hjelp av bygdefolket. Vi treng deg som er dyktig til å skaffe pengar, deg som kan skrive søknader om tippemidlar, deg som kan lage tekniske kalkyler og kostnadsrekne desse og deg som kan leie ei slik gruppe. Meld deg snarast til Grendalaget, Idrettslaget eller Helselaget.
0ver 5 år (23.05.2009 kl. 15:54)
Haurde på Tv-en att ei dame hadde ventet 5 år før ho fekk bygge kiosken/butikken sin.
ATT DET GÅR ANN?
Det burde ta under 1 år vist nokon jobbet på med saka.(kort ned behandlingstida ved å gi folk i etatene meir mynde til å ta avgjerder i saker)
Spør Siv når ho kjem til Sæbø kor lang behandlingstid ho vil kreve av kommunene på byggsaker og Disp/løyver
1år?
Perry Bjørke
Kommuna som samarbeidspartnar? (21.05.2009 kl. 07:19)
Eg trur det er raskere å realisere ting uten kommuna som samarbeidspartner.
Møter og møter før avgjrd i saker tar tid.
Mange større aktører/givera vil og halde seg unna der kommuna er med.
Eg ser ofte på kreteriene til søknader att dei reduserer tilskota med 50% vist kommuna er med.
På tippemidler treng man berre underskrift frå kommuna ikkje deltaking i pengestøtte.
Då vi starta opp musikkverkstedet på Bjørke såg eg med en gang problemet med å rote kommuna inn.
Då måtte vi innhente 30000 kr frå kommuna og vi fekk då berre 50 prosent i tilskot frå MVO.
Då var det bedre å stå åleine om søknaden.
Vi tok egenandelen sjølve og fekk fullt tilskot.
Det lønte seg viste det seg .
Vi fekk full uttelling på tildelte midlar frå MVO.
Perry Bjørke
(20.05.2009 kl. 10:06)
Trur og meina bestemt at lista må leggast lenger ned, skal ein få få folk på dugnad for og gjere noko.For store plana og papirmølle, gjeng tida.Det er ti år sidan vi kom med forslag om og lage ei enkel rampe til barnevogne og rullestolar ned til badestranda,men det kunne ein ikkje ,for her var det større planer. ??Det enkle er oftast det beste.Lykke til:)
AnnHelene Wille
Stå på! (20.05.2009 kl. 09:22)
Ja her treng vi nokon som kan stå på, ej oppfordra noken i sentrum gjerne som he små born og ungdomma? Lykke til!
Bodil Skare