Kjartan Alnes er frå Skjåstaddalen på Bjørke og driv Jakobgarden ilag med kona og familien, som er ein opplevelsegard for folk som vil ha weekendtilbod med overnatting og turar med riding og kursing, spesielt om den gode gamle fjordhesten. I tillegg til hovslagar er han også dykker på store djupter bl.a i Nordsjøen og har lite fritidsproblemer, men skulle det være noko tid til overs, og véret er høveleg, og det er nok vatn i Saurselva så… ja les sjølv ved å klikke her.

Hov servicevogna
Service vogna frå Jakob-
garden er på plass.Treng
du hjelp til å sko hesten
så har du telefonnr.her.

For den som ikkje kjenner til faget hovslagar, så vart det tidlegare også kalla hovsmed. Hovslagaren er fagmann og i tillegg til å lage hestesko og tilpasse dei, så har han også kunnskapar om korrekt hovstell. Spikarane som han brukar til å feste skoen på hesten heiter hesteskosaum. I dag vert det brukt for det meste maskinlagde ferdige sko, som hovslagaren tilpassar med kaldforming, på staden.

 

I dag var han på besøk på Kvistad for å stelle hovane til hesten Samset Pil, som går under namnet ”Pilen”. Hesten er ein kaldblodshest- Lett døl. Har var også 18 år i dag og eigaren Silje kan nok ikkje gje det trufaste dyret ein betre fødseldagspresang, enn gode føter å gå på. Og denne presangen får ho att ved sine rideturar på sin beste ven. Utan å nemne Siljes alder, så har ho hatt hesten sidan ho var tretten år, og hesten var då godt voksen når ho fekk den.


Kjartan vurderer hesten

Ved å studere hesten sine bein og beinstilling veit Kjartan nøyaktigt korleis han skal trimme hoven, så den vert god å gå på for hesten.

Hestehoven vert renska for drit Sålen vert skåren med kniv

Denne hestefoten er fin utan skadar. Den gamle skoen vert fjerna og solen vert renska for drit og skoren med kniv til alt gamalt og daudt er fjerna. Ein hov veks 7-8 mm i månaden og skoen må skiftast og hoven trimmast mellom 6-8 veker. Ein slik skifte av sko og trimming av hoven vil koste rundt ein 1000lapp. Alt ettersom kva arbeid som ligg i det.

Litt rotdannelse

Her var litt rotdannelse mellom hovveggen i lamellsjiktet. Her må det renskast opp og viss det er mykje må det behandlast medisinsk med ein salve. I dette tilfelle var det ikkje nødvendigt.

Ytter hornkappa vert klipt og raspa Ny sko vert spikra på.

Hovveggen vert klipt og trimma med rasp og ny sko vert spikra på med hesteskosaum. Saumen går gjennom hoveggen og ut der den vert bøygd og kutta og fila så ikkje nokon skader seg ved kvasse spikarar som stikk ut. Å spikre i hoven kan høyrast vondt ut, men hesten leda ikkje på ei øyre ein gong. Ved lett gonge på mark og veg vert det brukt 3-4 saumar på kvar side, men skal hesten gå tildømes i fjellet må den ha 5-6 på kvar side.

Ambolten er med

Ambolten og ei presse for å forme skoen er med, sjølv om skoen vert forma kald.

Hesteskoen passer fint.

Hesteskoen passar fint. Skoen har tåbeskyttelse og hesten får gode føter etter fagmannen er ferdig.

Dette er ein hest som passar for nybegynnarar kommenterer Kjartan. Han er så snill at det er berre ei fryd å sko han, seier han.

Og i midtre del av Bondalen er det eit aktivt hestemiljø iblant jentene våre. Her er nokre bilder:

Hestejentene Silje,Kristin og Lisa

Hestejentene Silje med sin Lett-Døl og Kristin og Lisa med sine Fjordingar

IMG_2567 IMG_3186
Pilen og Silje Plask

IMG_2556
Hest og eigar i godt samspel