Før i tida vart der bere mjølk og vatn og her på våre kantar vart det nytta hisse til transporten. Hissa har eit hissetre som var ca.1mtr langt og ei kraftig berereim som vart lagt over skuldrane. På den eine skuldra var reima på framsida og den andre på baksida, dette for å gje ein god balanse. I kvar ende av hissetreet var der krokar som ein kunne henge bytter i.

Hisse Bakkedalen

Setrejenter og karar i Bakkedalen er klar med hisser for å bere ned i bygda mjølka. Mange gongar bar dei heim mjølka i mjølkebytter utan lok. Ved å bruke hisser hadde beraren god kontroll med balansen, men for å stablisere mjølka så den ikkje skola over,  la dei einekvistar på mjølka.Bilde lånt frå årboka nr.9 (bildeboka til H.Sogelag)

Vi har undersøkt litt og det ser ut som at hisser er noko som er lokalt for Ørsta, Volda og Hjørundfjorden. Når vi kjem andre plassar så nyttar dei beretre eller vassåk. Hedemarken seier dei vassele, på Vestlandet vert det brukt børtre og i Trøndelag finn vi ordet vassgrei.
http://www.dks-hordaland.no/kommune/dokumentasjon-detalj.asp?DokumentasjonID=41&KommuneID=1246

Wikipedia beskriv:

Vassbering - vassåk
VassåkPå norsk er den vanligaste betydninga eit bæreredskap til å legge over skuldrane, med ei taustropp med krok i kvar ende. Krokane er vanligvis til å henge bytter i, oftast vassbytter. Ei bytte på kvar side utjamna kvarandre.
Åket er ei spesielt utformet vektstang, ca. 1,50 m lang, med snor og krok hengende i kvar ende. Stonga var tilpassa skuldrane, med ei utsparing på midten til nakken. I endane heka ein på to jamnvektige lass, vanligvis vassbytter. Det vart dermed lettare å handtere lasset, og ein klarte litt tyngre bør enn i handa eller i fanget. Åket kunne også brukast til å bære andre ting enn vassbytter.
Vassåket har vore i bruk overalt i Norge.

Etter Asbjørn Øye si bok ”Reiskapskulturen i Ørsta”:

Vassbering - hisser.
Før ein fekk lagt inn springvatn, gjerne rundt 1915 – 20, vart det mykje vassbering frå ”Vassnøyta” til drikkevatn, kokvatn, klevask og husvask. Det var særleg kvinnene og halvvaksne barn som stod for vassberinga. Somme hadde lang veg til vassnøyta, og når det var mykje snø og styggever, var det eit slit for trøytte husmødrer å bere vatn i bytter som skola over. Storklevasken gjekk ofte for seg ved elv eller grov eller vassnøyte, der ein kokte klærne i ein stor kjel, og skylde dei i elva.

 Når ein bar vatn, brukte ein ”hisser” med beretre og brei reim over skuldrane. Frå den breie berereima gjekk det reimar gjennom hissetreet i kvar ende til ein krok som vart huka til byttekylpen. Hisser vart brukt når ein bar mjølk på setra eller fjellet.

clip_image002

Hisse med trebytter frå Hjørundfjord i l890 - åra. Sunnmørsposten 11.11.83. Foto Axel Lindahl. Fotografiet med tekst var sendt inn av Jostein O. Mo. Fotografiet syner hissetreet med berereim og dei to trebyttene med trekylp. Ein mann sit ved slipesteinen.

Kulturvernlaget ynskjer:

Når vi avdukar modellen av Risestøylen er det naturleg vi set fokus på kulturen som var på dei gamle setrane. Her var det mjølking, ysting og mykje av mjølka vart frakta heim til gardane. Setrejentene nytta hisse for å bere mjølka ned att.

 Vi ynskjer difor helst to hisser med spann. Vi har lyst til at born som no veks opp skal ha høve til å bere ”mjølk” (vatn) på same viset.

 Er det nokon som har utstyr å låne til utstillinga, bilder frå setrane eller lyst å delta på kulturminneutstillinga med å fortelje historie eller møte folk som kjem innom, er de hjarteleg velkomne.

Kom gjerne med kommentar eller ta kontakt dersom du har noko å kunne fortelje på førehand. Spesielt er vi ute etter å kartlegge om det vart brukt beretre her i distriktet og om dei brattaste gardane nytta hylkje.(Ein tretank som ein bar mjølka på ryggen i sele)

Vi får assistanse frå Brudevolltunet i Ørsta med forskjellige reiskapar som var brukte i Setringa.


Ta kontakt med Synnøve R. Hill på 91326967.