Årsmelding for Hjørundfjord kulturvernlag år 2008.   ( Samandrag)

Synnøve Rekkedal Hill, leiar.—Per Atle Røe, nestleiar.—Kjell Arne Årseth, skrivar. Styremedlemer: Helge Nordang; Oddhild Saure Bogen; Marita Sandnes Saltre. Varamedlemer:Ingeborg Standal; Karin Gjerset Trandal; Halvard Urke.

Aktiviteten i laget har vore bra siste året. Som vanleg har det vore ein del synfaringar, både på prosjekt som er igangsette, og diverse planlagde som det kan vere aktuelle å delta i.

Av dugnadsarbeid, kan nemnast utgraving av masse under 1500-tals stova, på Åkre. Største dugnadsinnsatsen har like vel vore på notanaustet på Bjørke. Omlag 320 timar med dugnadsarbeid i 2007 og 2008. Stor takk til dei som deltek der.

I godt samarbeid med eigaren av Bakkegarden, Marita Bett Jensen, har laget brukt ca. Kr. 100 000,--, til materialar og leigd arbeid, i 2008. Her kan ein skyte inn, at for inneverande år har Riksantikvaren gått inn med : Kr. 600 000,--, i tilskot. Fylkeskonservatoren, ved bygningsantikvar Christ Allan Sylthe, fyl arbeidet nøye, og utførande firma er Inge Kolås A/S.

Den massive innsatsen frå Riksantikvaren, når det gjeld dette prosjektet, syner betre enn ord den verdien dette tunet vert ilagt nasjonalt. 

I tillegg til dugnad, har me ogso hatt innleigd hjelp på notanaustet. Fylkeskonservatoren ytra eit sterkt ynskje om å få meg ein handverkar med erfaring frå antikvarisk arbeid, i prosjektet. Her var me so heldige å få med tømrar Magnar Øverland, frå Vestnes. Mesteparten av naustet er no kledd, med gamle båtbord, so langt det rakk. På reste har me brukt orebord, som ein tradisjonelt har brukt til kledning i den barskog-fattige Hjørundfjorden. Or er kanhende eit undervurdert trevyrke, for på naust og adre uthus har det synt seg at han har lang levetid. Kulturvernlaget har også fått lovnad på meir båtbord til naustet.

Hjørundfjord kulturvernlag hadde ansvaret for den årlege kulturvandringa. I 2008 var den lagt til Skår i Hjørundfjorden. Omlag 250 personar kom til Skår med ferja eller private båtar. Dette var eit samarbeid med kyrkja, så det vart også ei kort gudsteneste oppe på bakkane på Skår. Hjørundfjordkvintetten deltok. Vakrare gudstenesteomgjevnadar skal ein leite lenge etter for å finne.

Hjørundfjord kulturvernlag hadde informasjonsstand på Hjørundfjorddagane. Hausten 2008 feira Ørsta kommune 125 år. Leiar i Hjørundfjord kulturvernlag deltok også der med informasjon. 

Kulturvernlaget har hatt synfaring og dugnad i Presteløda, det som er samla der av verdifulle gjenstandar er no katalogisert. Det er også inngått ein intensjonsavtale med OVF om at vi kan nytte delar av løda til kulturvernforemål.

Hjørundfjord kulturvernlag jobbar no med å få restaurert den gamle vårfjøsen som står ved inngangen til Kvistaddalen. Ellingsfjøsen.

Fullstendig årsmelding vert lagt fram på Årsmøtet til Hjørundfjord kulturvernlag på Sæbø skule sundag 10. mai kl 17.

Synnøve Rekkedal Hill

-styreleiar-