Foreløpig mappe 026

 

Første uniforma var kvite huer som innkjøpte i 1949. Dette biletet er frå tidleg 50 tal.  foto: Sverre O. Moe..

17. mai  foto Sverre O. Moe

Dette er nok frå same året, men kven dei er som går føre musikken?

Foto: Sverre O. Moe

Hornmusikken like etter krigen. foto Sverre O. Moe

Her er dei komne nesten ned til kyrja. Eg går ut frå at dei gjekk frå Holebrua, som var vanleg den tida. Eg minnest ein gong  toget gjekk frå Rise på grunn av dårleg ver. Då sludda det kraftig.

Hornmusikken anno 1967. foto Edvin Riise

Her er årgang 1967. Siste gongen toget gjekk frå Holebrua.

Speidarar og hornmusikken 1967 foto Edvin Riise

Her er speiderane i 1967 med Svanhild Bringsvor som leiar, like før dei kjem ned i Risegarden.

17. mai gammal årgang

Toget er kome til same stad som biletet ovanfor, like før Rise. Det må vere frå like etter krigen. Våren er komen tidleg for den tid å vere. Løvetanna er i bløming.

Eg kan ikkje hugse desse fanene og kva dei stod for. Men kanskje nokon hugsar?                   Foto: Sverre O. Moe.

 

I fleire år var det temmeleg hektisk å vere i hornmusikken. Det var rett frå barnetoget på Sæbø og oppi kommunebåten og rett inn til Bjørke. Sjølvsagt gjekk det ut over fruene våre som sat att med små born åleine.

På  Bjørke  var høgdepunktet god mat på skulen. Oftast kjøtkaker. Og vi langa inn.

Andreas Riise, Ole Arne Aklestad og Knut Riise til

Her er vi på veg heim att, stappmette, frå Bjørke. Biletet er frå etter 1970. Det viser på uniformene som vart innkjøpte det året.

Frå venstre: Andreas Riise, Ole Arne Aklestad, og underteikna. Eg trur fotografen er Anders Hustadnes.