Første uniforma var kvite huer som innkjøpte i 1949. Dette biletet er frå tidleg 50 tal. foto: Sverre O. Moe..
Dette er nok frå same året, men kven dei er som går føre musikken?
Foto: Sverre O. Moe
Her er dei komne nesten ned til kyrja. Eg går ut frå at dei gjekk frå Holebrua, som var vanleg den tida. Eg minnest ein gong toget gjekk frå Rise på grunn av dårleg ver. Då sludda det kraftig.
Her er årgang 1967. Siste gongen toget gjekk frå Holebrua.
Her er speiderane i 1967 med Svanhild Bringsvor som leiar, like før dei kjem ned i Risegarden.
Toget er kome til same stad som biletet ovanfor, like før Rise. Det må vere frå like etter krigen. Våren er komen tidleg for den tid å vere. Løvetanna er i bløming.
Eg kan ikkje hugse desse fanene og kva dei stod for. Men kanskje nokon hugsar? Foto: Sverre O. Moe.
I fleire år var det temmeleg hektisk å vere i hornmusikken. Det var rett frå barnetoget på Sæbø og oppi kommunebåten og rett inn til Bjørke. Sjølvsagt gjekk det ut over fruene våre som sat att med små born åleine.
På Bjørke var høgdepunktet god mat på skulen. Oftast kjøtkaker. Og vi langa inn.
Her er vi på veg heim att, stappmette, frå Bjørke. Biletet er frå etter 1970. Det viser på uniformene som vart innkjøpte det året.
Frå venstre: Andreas Riise, Ole Arne Aklestad, og underteikna. Eg trur fotografen er Anders Hustadnes.
Kommentarar
Dei stod og spelte på båten på vei til kaia.
Vi stod oppe på bakkene og såg dei kome.
17 mai følelsen med en gang når musikken kom.
Vi gjekk ned på kaia og sammen gjekk toget ut til Kyrkja.
Etter Gudstenesta så gjekk vi tog til nyeskulen.
Eg husker at hornmusikken frå Sæbø fekk seg mat før dei for ut att til Sæbø.
Kjekt var det at vi fekk besøk kvart år av Hormusikken frå Sæbø.
Musikk.
På 17 mai.
Vi hadde 2 fester på 17 mai.
Først fest og tog om dagen men og fest om kvelden med mykje program og musikk.
En gang det kom nokre felespelera som dei måtte låse inne på biblioteket på skulen.
Dei var så fulle at dei ikkje kunne spele.
Det var i tida då det var heimebrygg på maltspanner.
Tidene forandrer seg.
Godt er det.!
Men eg trur nok dei har like mykje moro som vi hadde....
Lottene hadde temmelig like uniformer som speiderane, men kan ikkje huske å ha hørt om lotter på Sæbø så eg tviler på at det er det.