I ein gammal album som eg har arva etter onkel Edvin (Riise), er der eit bilete som heiter kommunetraktoren. Dette må vel vere frå før krigen? Kanskje nokon veit meir om den? Her har du den i alle fall.
Frå venstre Larsarapp, Nygårds Martin ? Far min Johan K., og onkel Edvin.
Som de ser er traktoren godt skodd og forspent ei skålhorv.
---------------------------------------------------------------------------------------------
Der fanst 3 slike skogaløder inne på Sledalsbøen, fortel Einar Slettedal.
Sevrinløda kan korkje Einar eller eg huske, men den avbilda studerte eg mang ein gong når eg var på veg til setra. Eg tykte det var rart at dei ikkje hadde råd til anna enn einegjerde til bordkledning. Akkurat maken stod nede ved elva rett nedafor.
Høyet vart plassert inne i lødene for å verte lagra og køyrdt heim om vinteren. Eg fekk forresten høyre mang ein gong når vi sætte høy om kvelden, (raka saman høyet til små såter for at ikkje dogga skulle bløyte for mykje om natta), at finare såter enn Sledals Syver sine kunne ingen lage. Såtene til Sledalsfolket beundra dei når dei køyrde på setra om kveldane, nettopp kring den gamle skogaløda.
Kanskje var det tanken på såtene hans Sledals Syver og vemod over farne tider som fekk onkel Edvin til å ta dette biletet i ca. 1965 før den rausa ihop.
Eg har kanskje arva frå begge sider dette med å "stoppe tida" ved å ta bilete av av det meste. Om ikkje lenge har det sin verdi, og kan lettare få fram minnet om ei anna tid.
Eg har forresten aldri fått heil klarheit i kvar torva vart brukt etter at den var tørka i torvhuset. Var det nede på Skår innblanda i gjødselen, eller var det som brensel på setra?
Nokon veit kanskje meir og kan kommentere det?
Dette biletet var teke i 1991, ein laurdag føremiddag over skoddehavet.
No, snart 20 år seinare finst korkje Kjetil eller torvhuset. Men eg har bilete.
Av Kjetil har eg heldigvis svært mange bilete...
Kommentarar
Bjarne Hustadnes
Og eit flott bilete også. Godt at du har slik sansen for å ta bilete av det som no berre er minner...
Eg meiner å hugse at mor har fortalt at dei nytta torva i fjøsen slik Bjarne skriv.
Løypestreng brukte dei, men ikkje før frå omlag kring 1940, for far min var med å sette den opp, og familien vår flytte ikkje til Skår før på denne tida. Før den tid var det nok handemakt som vart nytta det meste av vegen, for dei fekk ikkje hesten heilt til seters med vogn eller slede.
Utruleg flott at du tek slike bilete Knut, og eg må vedgå at eg har lasta det ned for eige bruk, og vonar at det er greitt.
Biletet vekte mange og gode minner frå sutalause oppvekstår.
Her på Bjørke hadde vi før noko som heitte myrhola der alle kunne hente seg torv og mold.
Det viser litt av ho endå då kanten på ho var 1-2 meter der dei hadde stukke ut myrtorva.
Eg trur dei der hentet både mold og myrtorv som dei brukte til taktekking og til å dekke rabbene og anna for som dei hadde liggende ute om vinteren.Talle frå saudefjøsen blei og brukt til å dekke rabber med.
Mold blei og køyrd på der det var skrint og steinet.
Nokre strødde og med mold på snøen for at den skulle tine.
Mold og torv var viktig å ha tilgang til før i tida.
Det er fortalt at då dei kom til Bjørke. Vilde mannen kontrollere kvaliteten på det han hadde kjøpt, og slo opp lokket på ei tønne. Han stakk heile handa ned i tønna og rota rundt. Då sa han:
"Berre vatn og papir og ikkje kammer"
Det vert fortalt meg at den var i drift rundt 1950. Lida Laurits var visst ein av dei som køyrde den.
Kjell Arne Årseth
Då eg tok til med møbelproduksjon i Borstova i l953 Kom Lida Lauris med ein ny kommunetraktor.Og denne traktoren skulle vere mykje sterkare enn alle dei andre på den tida.
Ein heil gjeng fylgde etter han burt i Riise øyene , der han skulle rive røter !
Dei gjorde fast i ei svær orerot. Og Lauris gav gass. Rota rikka seg ikkje men traktoren reiste seg på bakhjula og det kunne ha gått skikkeleg gale. Men Lauris sa; "Dette var je
forbereidd på,og derfor trøkte je på kløtsjen og traktoren datt ned att. " Han meinte at dette hadde han lært i America.
Men om det er denne traktoren og Lauris som er på billdet er eg ikkje sikker på. Spør Arne Rekkedal.