Kalenderen nærmar seg slutten av mai, og våren er komen langt. For ivrige skientusiastar tyder det vanlegvis eit par månar igjen med ski på beina, med med årets korte vinter, blei det ei tidlegare sesongavslutning enn venta. Likevel har det vore ein god skisesong, med mange turar og flotte opplevelsar. Eg tenkte å avslutte denne sesongen med eit par smakbitar heilt på tampen:

 

Hetta 1125 moh – Veslebroren til Vassdalstinden er verdt eit besøk

Etter ein travel dag på skule, tok eg turen til Langedalen. Saman med ein turkompis gjekk vi til fots nesten heilt fram på Ørstaskaret utan å trakke på snø. Målet var å kartlegge snøforholda på Åvasstinden 1233 moh, som eg snart skal kome tilbake til. Attende ved Mosetra seinare på kvelden fekk eg auge på at råsa til Bukkedalen var snøfri; kanskje ein tur på Vassdalstinden igjen? Dagen etter bestemte eg meg for å ta ein tur til nettopp Bukkedalen. Denne gang i eit anna ærend enn sist. Frå Vartdal ser du ikkje noko meir majestetisk fjell enn Vassdalstinden. Men til venstre for den(nord), ligg Hetta 1125 moh. Ruta hit er enkel, og heller ikkje så lang. Turdato 15. mai. Nedanfor ligg ved eit par bilete:

 New panorama 1

Panorama frå Hetta. Vassdalstinden 1277 moh til høgre.

 Vass

Nesten oppe. Vassdalstinden er eit fabelaktig skue frå denne toppen.

 IMG_2543

Åleine på Hetta denne dagen. Også einaste i år?

 IMG_2547

Signaturen er viktig å få med. Det er vår, stein stikk opp i sida.

 

Kolåstinden 1432 moh – Ei flott 17.mai-feiring

For mange er turen til Kolåstinden årviss, nokre plar å ta den også kvar 17. mai. Denne gang tenkte eg og min gode turkamerat Eivind (Goksøyr Holte) å gjere det same. Vi starta roleg, og bar skia opp på «fossane». Her møtte vi dei fyrste som var på veg attende, og skulle rekkje eit anna tog? Omlag 40 personar vitja Kolåstinden denne dagen, men ikkje på same tid. Eit par foto må sjølvsagt leggast ved:

 Frå-toppen

Triveleg stemning på toppen av Kolåstinden 1432 moh, 17.mai. Betre ver enn året før gjorde nok at fleire tok turen til fjells i år.

 Svartkvitt

Kolåstinden er sjølvsagt eit flott fjell, uansett dag. Her i svart/kvitt.

 Topppartiet

Toppartiet er sjølvsagt eit flott skistykke i motsetning den elles så skrå-prega nedkøyringa(normalvegen).

 

Åvasstinden 1233 moh– Spennande tur i grått ver, men svarte den til forventingane?

Som vanleg går den yngre garde i fotspora til dei meir røynde, og også denne gang måtte inspirasjon frå Knut(Hustad) og Fred Ingar (Somby) til før eg og skispesialisten Magne (Sætre) kunne legge i veg frå setra på Nøre Vartdal, også kalla Vartdalsætra. Dei flotte rennene frå Åvasstinden var nøye studert frå Kolåstinden eit par dagar før, og på nært hald frå fotturen til Langedalen. Dette blei siste tur for Magne, før han laurdag( i dag) drog til Hellas for å segle.

Det blei ei flott avslutning på sesongen, sjølv om veret ikkje strakk heilt til. Skodda skapte litt forvirring mellom Kuvane, men ikkje meir enn det som stod i «Skiturar i Sunnmørsalpane» der ruta forbi Åvatnet vist nok blir karakterisert som «svært side bratt». Dette kunne ikkje vi forstå sidan ruta vi gjekk knapt var brattare enn plenen heime. Ikkje meininga å vere arrogant, mogleg dette har med snøforholda å gjere? «Arrester» meg her og kom gjerne med opplysningar . Den årlege skavlen på Ørstaskaret blei passert før vi tok av oss skia og slengde dei på sekken. Ryggen til topps baud ikkje på noko problem og om toppen blei dette sagt: «Steikje de mannj, ha me vore et par kara til konne me ha arrangert plattingdans her...» - Magne Sætre. Sjølvsagt ironisk meint om den elles så steile tinden.

New panorama 3

Nærmar seg toppen av Åvasstinden. Fossholtinden (t.h) var grå denne dagen.

 topp-fotoet

Det etterlengta toppfotoet. Magne Sætre(t.v) og underteikna.

 Toppegga

Frå tinderad til tareblad på denne karen. Snakk om kontrastar!

Ei etterlengta nedkøyring stod for tur, men(mogleg vi igjen er litt for kritiske), forutan dei øvste meterane som er i følgje kartet 42-43 grader(henta frå artikkelen til Knut og Fred Ingar), så svarte ikkje rennene heilt til forventningane. Likevel har nedkøyringa ei ganske direkte linje ned til Langedalen. Turdato 21. mai.

 fart

Magne i sitt ess.

 Magne hopp

Drop på Ørstaskaret.

Lisje Eidskyrkja 1243 moh og eit forsøk på Tårnet 1310 moh.

I Magne sitt fråvær, tok eg og Eivind turen heim til Bjørke i dag, laurdag. På veg heim hadde vi planlagt å ta turen til Skinnviksetra på jakt etter snø. Det enda med ein tur på Lisje Eidskyrkja og eit forsøk på det noko mindre kjende Tårnet ca. 1310 moh(?). Sistnevnte er sjeldan besøkt vinterstid og lokale frå Austefjorden held teljinga om kven som når toppen. Ei svært interessant renne skjær seg mellom toppen og Eidskyrkje-massivet, men har ein skummel inngang. Vi vurderte lenge å prøve oss, men ras og skavlar på begge sider,samt i renna og sprekker i byrjinga av den, gjorde at vi let eit spennande eventyr vente på seg til andre vågehalsar tek sjansen. Det kan opplysast at det var stor aktivitet i fjellveggane utover dagen...

Vi bestemte difor å prøve oss på ein anna veg opp mot toppen. Den såkalla «nordveggen» (sjå komementarar: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1691 )som går frå skaret mellom Tårnet og Lisje Eidskyrkja sørover mot toppen. Det såg lenge bra ut, men då det nærma seg toppen blei alt mykje brattare og meir krevjande. Ein smal passasje, som vi døypte «Smuget» blei forsert, men like over den, ca. 40 høgdemeter frå toppen, måtte vi snu. Eit tau og litt sikringsutstyr hadde vore greitt opp siste biten. Sikkerheit kjem først og vi tek ikkje unødige sjangsar. Det er mogleg vi valde ei dårleg løysing, men ute til høgre(vest) mot Høydalen, var det svært bratt og stor utglidingsfare i vårsnøen. Vi rann oss difor ned igjen til skaret og traska oss enkelt bort på toppen av Lisje Eidskyrkja 1243 moh, før den flotte austsida ned frå toppen blei køyrd.

 Rute

Ruta vi valde mot Tårnet sett frå Lisje Eidskyrkja.

 Opp Smuget

Denne smale passasjen døypte vi «Smuget».

 Spor frå Tårnet

Spora vår opp og ned mot Tårnet. Klikk på bilete for større versjon.

 Ready for dropdown

Ingen sure miner.

Eivind andre

Austsida held høg standard, og var triveleg å køyre ned.

 et

Eit siste gjensyn med Tårnet(t.v). Sesongens siste svingar i forgrunnen?

Foto og tekst: Håvard Myklebust