Oppussing nedvask og baking 062

Anne Margrete, Karen, Berit, Anna, (bakom Borghild og Liv)

Praten går lett, medan Berit sveivar på kaffikvenna.

Oppussing nedvask og baking 063

Eldbjørg og Karen forsyner seg av godsakene, denne gongen var det vafler som vart steikt.

Det har vore steikt potetekaker, sveler og mykje anna godt.

Men det viktigaste av alt har vore kaffikosen etterpå og den gode praten .

Takk til alle bakedamene som har vore i sving, Eldbjørg, Berit, Karin, Oddrun, Anne Lise og Judith for gode kaker og sosiale stunder. 

Oppussing nedvask og baking 065

No er det vår og nedvask frå "topp til tå" , desse flinke Parkettkosmetologane er i sving heile dagane og gjer Hjørundfjordheimen til verdens reinaste sjukeheim.

Takk til Alvhild og Sigrun for alt dei gjer og held orden på.

Oppussing nedvask og baking 060

Her er Kirsten Berg ,innleigd "utafrå" for å vaske ned heile fyrste etasje, det blenkje i krenå ette ho har vore der med moppen.

No er det snart sommar og vi håpar på varme og sol .

Vi har snart gjort klare uteområda vår til sesongen, så no er vi klar for sommaren!