På Sæbø var det tradisjonell 17. mai-feiring. Det starta med familiegudsteneste klokka 11, så vart det kranspålegging og markering ved bautasteinen, barne- og folketog, barneleikar og matsal. Det heile vart avslutta med utandørs folkefest ved Sæbø skule. Det vart ein flott og minnerik dag.
Under legg eg inn nokre foto. Klikk på fotoa for evt. å få dei i stor versjon.
Festtalarane: Cecilie Torbjørnsson, Volda (t.v) og Jakob N. Hustad og Silje Riise.
Det vart nok ein fin dag også for måsane. Ungfuglen til høgre var ikkje heilt nøgd, men det rettar seg nok til neste år...
Kommentarar