Klokk på fotoa og få dei i stor versjon.

Det skulle bli Vassdalstinden, ein av dei argasta - mest utfordrande - toppar ein vanleg toppturentusiast kan nå på våre kantar.  Denne toppen kan det  lesast meir om her.

Som vi brukarar av hjorundfjord.no veit, er Håvard Myklebust ein svært viktig brukar for oss.  I det siste har han skrive mest om fjellturar, men denne unge herren  på 18 har eit vidt interessefelt og så er han "forferdeleg" sprek.  Eg frykta såleis det verste då vi var på veg oppover bomvegen mot Mosetra i Ørsta.

IMGP0013 kopi

Ikkje så ofte vi ser foto av denne herren - i alle høve ikkje utan store skibriller - men her er han, rett til venstre for Bukkedalshølen.  Bukkedalen er oppe i himmelsjå.

For svært mange er Vassdalstinden ein svært så kjend topp, men den er ikkje synleg frå Ørsta sentrum.  Såleis kjem denne tinden gjerne noko i skuggen av Saudehornet og Kolåstinden, men det er ikkje tvil om kven som er tøffast...

Litt repetisjon om vegval.  Vi køyrde fram til Mosetra der vi parkerte  - v i frykta at vegen til Vallasetra var stengt.  Vi gjekk så over brua til Vallasetra, vidare ei kort strekning fram til Bukkedalshølen og gjekk opp til venstre for den.  Vi greidde å gå nesten heilt opp i denne dalen uitan å gå på snø.

IMGP0016 kopi

Bratt tur opp til Bukkedalen.  Vallasetra under, Mosetra på motsett side av elva. 

Håvard hadde heldigvis, og sjølvsagt, vore på Vassdalstinden tidlegare.  Eg er litt usikker på om eg hadde funne fram til Bukkedalen, men heile turen gjekk fint - stort sett.  (Men dette kjem vi tilbake til).  Det var Håvard som stort sett gjekk først heile vegen og laga gode spor/trinn.  Det synte seg å vere eit sjakktrekk å få vere med ein slik ungdom på tur.  Under er ruta teikna inn - frå omtrent der vi kom opp i Bukkedalen.Ruta opp frå Bukkedalen (Large)

Vassdalstinden er ikkje synleg frå Ørsta sentrum, men frå svært mange fjell og dalar er denne flotte toppen godt synleg.  Her er han fotografert frå Klovtinden i Kvistaddalen. Ruta inn Bukkedalen og vidare til topps er teikna inn med raud strek.

Natt til denne dagen var det kjøleg og då vert det hardt i skuggepartia - det fekk underteikna erfare då vi gjekk opp eit kort stykke på nordsida av austryggen.  Nosjalang gange og deretter litt segling på hard snø gjorde at det vart nokre ekstra høgdemeter.

IMGP0020 kopi pause

T.v.: Håvard inn på austryggen frå nord.  T.h.:  Du verden kor godt det kan vere med ei pause.  Foto:  Håvard Myklebust.

Eg har tidlegare gitt lovord til kuppert terreng.  Her gjer eg utan blygsel det motsette.  Turen til toppen av Vassdalstinden vert berre brattare og brattare etter kvart. Men i alle fall lengre nede var det jamnt og fint, nærast som eit stovegolv.  Etter kvart hjalp også sola til slik at det vart eit fint køyrelag på toppen.  Det var berre å gle seg sjølv om sveitten rann og pulsen gjekk for fullt.

IMGP0032 kopi  opp (Large)

T.v.:  Håvard gjekk ikkje berre først og laga gode trinn, han er også ein ivrig fotograf(t.h.)

IMGP0038 kopi

Det er trangt om plassen på toppen, men vi kom opp!!

Vassdalstinden er ikkje så lett å fotografere ifrå - toppen er ikkje så stor, men nokre foto frå toppomnrådet må med. Sjå under.

IMGP0037 kopi IMGP0050 (Large) (2)

Vi ser ikkje Ørsta sentrum frå Vassdalstinden, men vi ser på foto til høgre så vidt i byggefeltet i Mosmarka.

IMGP0048 kopi Toppen

Årsetdalen på Vartdal t.v. og  på foto til høgre har Håvard dokumentrt at skia sjølvagt er med til topps også her :).

Vassdalstinden var nådd og no stod "berre" sjølve nedkøyringa att.  Håvard først - med telemarkutstyr.  (Det må vel kallast utfordring)  Eg såg vel ikkje eit einaste fall - av han.

IMGP0053 kopi IMGP0058 kopi

Etter ein bratt start(t.v.) er det berre å gje på nedover mellom pinaklar i flott skiføre.

Håvard 3 kopi

Håvard 2 kopi IMGP0077 kopi

Og etterpå vart det slakkare og lettare å ta fine svingar, men då måtte vi berre tenkje ski og ikkje fotografering.

Under er det ein flott fotoserie som Håvard har teke.  Flott, ja, men eg likar den ikkje.  Eg gjekk glipp av det brattaste partiet.  No må det understrekast at det ikkje var noko dramatikk - men lite kjekt.  Andre som ikkje likar slike artiklar kan no få eit høve til å dra på smilebandet :)

Det heile var min eigen feil - eg visste om at den eine bindingen var for slakt innstilt, men hadde gløymt å gjere noko med det.  Då eg var på veg nedover løyste eg ut noko våt og tung snø.  Eg såg det var lite  og brydde meg ikkje noko særleg om det.  Men då eg tok ein ny sving og køyrde inn igjen i mitt eige "skred", løyste bindingen ut og på ei ski gjekk det ikkje lenge før mannen låg rett ut i ei stilling som ikkje står i ABC-boka for skikøyring.  Den eine skia vart ståande att, men den andre for sigande nedover på snøslapset  - slushen.  Treng eg seie meir?

heile (Large) Fall, (Large)

Og under her ser de ein irritert person.

Dyrebart Ekstra høgde meter (Large)

Klikkar de på fotoet til venstre og får det i stor utgåve, ser det to ski - den ned til høgre er på veg nedover og den i motsett ende har stoppa.  T.h.:  Vassdalstinden var høgre enn 1277 m denne dagen.. Personen ned til høgre var ikkje heilt blid her. Foto: Håvard Myklebust.

Kjedeleg, men heldigvis ei kort strekning likevel.  Fotoet under likar eg kort og godt svært godt.  Det har Håvard teke etterpå.

Ned

Humøret er på topp igjen.  Foto: Håvard Myklebust.

Rett nok vart det aldri så lite barmarkstrening med vanlege ski på føtene, men utruleg nok kom vi oss nesten heilt ned til Vallasetra - også ned frå Bukkedalen med ski på føtene.  Rett nok var denne skrivaren gjennomsveitt og sliten, men du verden for ein tur.

Tusen takk for turen, Håvard.  Kjempegreier.

Og heilt til slutt - quizen.

IMGP0045 kopi

Kva heiter dette fjellet - det høgste?