Helga startar med trekkspelseminar for born fredag klokka 19.00-21.00, med Stian Aase og Lars Røyseng i "Duo Jupiter" som instruktørar. Seminaret held fram laurdags formiddag.

Kjell Harald Langhaug stiller i år som i fjor med trekkspelutstilling. Nytt av året er demonstrasjons-seminar der Kjell Harald vil fortelje om instrumentet og demonstrere ulike speleteknikkar. Dersom dette høyrest spanande ut er det berre å ta kontakt med Åmdal Trekkspelklubb, eller møte på Sagafjord Hotel laurdag klokka 12.00.

Laurdag klokka 15.00 vert det konsert i gymsalen på skulen, der vi mellom anna får høyre: deltakarane frå seminaret, Duo Jupiter, Kjell Harald Langhaug, Odd Arne Halaas, Åmdal Trekkspelklubb og mange fleire. 

Både fredag og laurdag vert det dans ved Sagafjord Hotel med mykje god musikk.

Vel møtt til ei triveleg trekkspelhelg!