Korleis reklamerer ein på facilitetane i Hjørundfjorden?

Sannheita er vel at ein skal være godt lokalkjendt for å finne dei.

Men om ein tenkjer seg at det skal verte ei bedring på dette kan ein lage ein foldar, eller ei lita bok med "Ting å sjå i Hjørundfjorden":

Då  kan ein starte med eit vakkert bilete med utsikta frå Flatneset: "Her kan ein kjøyre forbi den verna naustrekka, sjå badestranda og Kapteinskvia før ein startar på vegen opp til Flatneset. Vegen er eksklusiv med sin særskilt låge vegstandard, sjølv i Noreg. Heilt oppe kjem ein fram til utkikspunktet, der ein og kan nyte utskta ved rasteplassen"                                                                             Det må då skiltast, og setjast opp bord og lagast til rasteplass på Flatneset.

Det er veldig mange fine turar å gå i fjellheimen. Eit skikkeleg turkart for alle bygdene vil være påkrevd. Og skilting. Nabo Sverre Magnus byrja med skiltinga for nokre år sidan. Eg tykkjer at dei skilta er fine - kanskje han kan legge inn eit bilete av det dei har rett utanfor huset som viser vegen til Nøvedalen? Brukar eit anna turmål som eksempel her.

Skilting av Gunnarråsa, vegen til Olavshola og alle andre stadar er nødvendig for å få turistrar (og kanskje og fastboande) til å gå der.

Godt oversiktskart ved fergekaia, hotellet, gjerne og Kaihuset trengst. Turistane er ikkje synske.

Kva meir har ein?

- Kyr på beite, hestar på beite, sauder, alle slags dyr. Det er ikkje sjølvsagt at folk har sett dyr i levande live lenger. For mange vil det faktisk være ien turistatraksjon. Men for ein bonde er det ikkje noko særleg.

Ved Hobbittown var det ikkje så mykje kulissar igjen, så dei spedde på med å reklamere om at ein kunne sjå på saudeklipping...

Pointballbana - eksisterar den fortsatt? Er det godt kjendt kvar ein kan få leige den? Om ein ynskjer guide - kvar vender ein seg då?

Det er sikkert mykje som kan takast med som turistaktivitetar om ein berre er åpen for nye idear, og brukar fantasien. Kva med arkeologiske utgravingar i grushola på Kvistad? Turar rundt rampa - godt skilta? På Bjørke har dei Tussafossen, Kva med omvisingar inne på Kraftstasjonen? Den nye Jettegryta? Men uansett kva det er så må det tillagast og tilretteleggast, og ein m å ta med i betraktninga at andre stadar i verda er det høg sikringsfaktor. Ulykker er dårleg reklame...

God skilting er sjølvsagt eit must her.

New Zeeland 041New Zeeland 042
Tek med eit pareksempel på skilting - i denne byen har dei ein kar som gleder alle som åpnar forretning eller liknande med flotte skilt laga av bølgeblekk.
 
Uansett må ein gjere noko skal ein få folk til å stoppe og bli verande...
Vonar denne artikkelen kan sette i gang en kreativ utfoldelse av gode idear for korleis ein kan få turistar til å stoppe i Hjørundfjorden, og at andre kreative forslag kan takast med. Slik som Hjørundfjordråsa, djupvasskai, gondol til Saksa og veg til Skårasalen, og vonaleg mykje mykje meir :-)))) 

 Og kven vil gripe fatt i dette arbeidet no når HB går inn i sluttfasa? Vil Ørsta reiselivslag grippe fatt i dette eller kva trur de?