Korleis reklamerer ein på facilitetane i Hjørundfjorden?
Sannheita er vel at ein skal være godt lokalkjendt for å finne dei.
Men om ein tenkjer seg at det skal verte ei bedring på dette kan ein lage ein foldar, eller ei lita bok med "Ting å sjå i Hjørundfjorden":
Då kan ein starte med eit vakkert bilete med utsikta frå Flatneset: "Her kan ein kjøyre forbi den verna naustrekka, sjå badestranda og Kapteinskvia før ein startar på vegen opp til Flatneset. Vegen er eksklusiv med sin særskilt låge vegstandard, sjølv i Noreg. Heilt oppe kjem ein fram til utkikspunktet, der ein og kan nyte utskta ved rasteplassen" Det må då skiltast, og setjast opp bord og lagast til rasteplass på Flatneset.
Det er veldig mange fine turar å gå i fjellheimen. Eit skikkeleg turkart for alle bygdene vil være påkrevd. Og skilting. Nabo Sverre Magnus byrja med skiltinga for nokre år sidan. Eg tykkjer at dei skilta er fine - kanskje han kan legge inn eit bilete av det dei har rett utanfor huset som viser vegen til Nøvedalen? Brukar eit anna turmål som eksempel her.
Skilting av Gunnarråsa, vegen til Olavshola og alle andre stadar er nødvendig for å få turistrar (og kanskje og fastboande) til å gå der.
Godt oversiktskart ved fergekaia, hotellet, gjerne og Kaihuset trengst. Turistane er ikkje synske.
Kva meir har ein?
- Kyr på beite, hestar på beite, sauder, alle slags dyr. Det er ikkje sjølvsagt at folk har sett dyr i levande live lenger. For mange vil det faktisk være ien turistatraksjon. Men for ein bonde er det ikkje noko særleg.
Ved Hobbittown var det ikkje så mykje kulissar igjen, så dei spedde på med å reklamere om at ein kunne sjå på saudeklipping...
Pointballbana - eksisterar den fortsatt? Er det godt kjendt kvar ein kan få leige den? Om ein ynskjer guide - kvar vender ein seg då?
Det er sikkert mykje som kan takast med som turistaktivitetar om ein berre er åpen for nye idear, og brukar fantasien. Kva med arkeologiske utgravingar i grushola på Kvistad? Turar rundt rampa - godt skilta? På Bjørke har dei Tussafossen, Kva med omvisingar inne på Kraftstasjonen? Den nye Jettegryta? Men uansett kva det er så må det tillagast og tilretteleggast, og ein m å ta med i betraktninga at andre stadar i verda er det høg sikringsfaktor. Ulykker er dårleg reklame...
God skilting er sjølvsagt eit must her.


Og kven vil gripe fatt i dette arbeidet no når HB går inn i sluttfasa? Vil Ørsta reiselivslag grippe fatt i dette eller kva trur de?
Kommentarar
Den ligg på nettet slik alle kan sjå den.
Den er ikkje ferdig ennå(vi jobber med den)
God reklame for kulturminna bygda kan vise fram til folk som besøker oss.
Vi skal lage en falder 1000 stykk og lage skilt som viser kvar du er komen i kulturminneløypa.
Oversiktskilt over løypa skal vi få på plass.
Vi fekk 10000 kr i tilskot til kulturminneløypa.
Informasjon om kulturminna må vi ha i bygda.
Dramatiske historier om ras og hvordan folk livnærte seg i fjorden finnes det nok rikelig av. Både fra eldre og nyere tid. Det er bare å ta seg tid til å studere sogebøkene og snakke med dem som fremdeles husker tilbake i tid. Finnes sikkert gode, positive historier å putte innimellom også så ikke alt blir bare trist og dramatisk.
Kan hende er det en liten terskel å forsere mht. å ha tro på at folk vil la seg imponere på samme måte som i Geiranger, men jeg tror absolutt ikke Hjørundfjorden har noe mindre "å fare med" enn andre fjorder.
Turister vil veldig gjerne høre lokale historier.
Og i Hjørundfjorden trenger man ikke "smøre tjukt på" for å få historiene dramatiske og interessante. Her er dramatikken ekte nok.
Har liten tro på hjelp fra noe reiselivslag.
Dette må vi nok ordne og organisere selv på et vis.
Reislivslaget og Sunnmørsalpene Guidservice vil og vere med å lage kulturminneløypa.
Håper Bygdemobliseringa og støtter oss.
Guida Turer rundt Bjørke håper vi å få til slik vi hadde sist sommer.
Mykje arbeid med slikt men kjekt å gjere noko for bygda.
Eg begynte å jobbe med tanken på en folder i November.
Det er no Kulturminneåret 2009 i år.
Problemstillinga er nok at det krever mykje arbeid. Og det vil nok koste og. Og nokon må ta innitiativ for å få sette i gang arbeidet, gjennomføre det og søke om tilskot osv. osv.
det gjelde uansett kva som skal gjerast. Ein har hatt HB nokre år, no er den perioda over - dessverre. For det er fortsatt mykje arbeid att.
Det å sjå seg rundt når ein er ute å reiser, vil kunne gi mange idear til ting som kan gjerast i Hjørundfjorden. Men ein må også sjå på standarden på tinga. Og det er heilt utruleg kor føreseggjort ein del ting er. Og ein må faktisk tenke at det må være litt standard på ting skal turistane kome att...
Og Kari har nok rett i at ein må gjere det sjøl...
Dramatikken er stor. Berre tenk på Molaupen - ras, og så kan ein peike på den steile fjellsida og fortelje om "gamletantene" til onkel Lars og onkel Knut som gikk råsa mellom Molaupen og Nes - og dei hadde strikketyet framme meda dei gjekk der og.... Tenk på det å sjå på vegen mellom Nes og Molaupen...
Det er opptil arbeidsgruppa å bestemme korleis dei vil informere om arbeidet.
Kan ei forslagskasse på Bellingen / Slettedal være ein måte å få inn tips på?
Brukt nettet-epost-telefon få kontakt med folk rundt om i landet.
Brenn man for noko så er det og lett of bruke både tid og penger på det.
Kvifor ikkje bruke nokre 1000 lapper av egen lomme på ideen man brenn for og til det beste for bygda.
Eg tar det ikkje så nøye om det reiser nokre 1000 lapper på en ide.
Småpenger i forhold til tobakken.