I tillegg til Knut Skram vil Torhild Staahlen delta på konserten. Ho er mezzo-sopran og også ho har hatt store delar av verda som arbeidsplass. I Hjørundfjord kyrkje vil ho framføre Negro Spirituals i lag med Hjørundfjordkvintetten.

Dette er ein konsert arrangørane har store forventningar til.

Er du av dei som skal på konserten, men ikkje har kjøpt billett endå?

Dei kostar kr. 250,- pr. person og kan tingast på telefon 913 26 967.