Flott utsikt frå toppen av Tårnet i Trandalsdalen. Her: Skarp egg over Kjersetdalen med Standaleidet bak til høgre.
Etter ei fin påske, med varierande forhold og mange skiutfartar, mangla det likevel eit skikkeleg utropsteikn bak "Påska 2009". Etter vermeldingane å tolke, skulle ferien nå sitt klimaks med sol og lite vind i dag(måndag), og dette skulle vere svært grunnleggjande til val av fjelltur, som ein siste innspurt før skulane(og jobb?) byrjar på igjen. Eg har undra meg over snøforholda i år, og har lurt på om det blir feil og skru kalenderen ein månad fram, ettersom snøgrensa har trekt seg så høgt opp, og markane allereie har byrja å verte grøne? Dette gav igjen begrensingar, men samtidig nye moglegheiter, og tenkte det var like greitt å avslutte påska med ein ny, og kanskje ukjend topp, ein stad på den andre sida av Hjørundfjorden.
Etter ein tur på Skårasalen sundag, observerte eg at forholda låg godt til rette for at det skulle bli min første tur til Trandal( ja, eg skjemst), men då i eit anna ærend enn det folk flest forbind Trandal med. Sætrevegen opp Trandalsdalen var snøfri langt opp, og den skredfattige vinteren hadde ikkje sett sine spor før den siste snaue kilometeren før setra. Så kvifor utsette turen til ein av toppane der til langt uti mai, då vegen vanlegvis er køyrbar?
Saman med systera mi og kjærasten hennar, tok vi 08.50-ferja frå Sæbø, og køyrde i land på Trandal vel halv ti. Med ein Volvo, full av ivrige skifolk, i ryggen, gjekk turen vidare opp igjennom Trandalsdalen. I krysset der Knut (Hustad) hadde bemerka kva veg fjellfolk skulle ta vegen (etter sin tur til Blåbretinden i fjor) , tok vi sjølvsagt til venstre, og køyrde så heilt til vegen blei avbroten ei fonn, omlag ein halv kilometer før Trandalssætra. Her hadde ein gjeng telta i løpet av natta, og venta så på dei i Volvoen som dei skulle gå i lag med, til Blåbretinden. «Flott», tenkte eg, «endeleg ein folketom topp», og meinte sjølvsagt dagens mål; Tårnet 1338 moh.
Tårnet(t.v), ein litt ukjend topp for dei fleste, men byr fullt og heilt på ein fantastisk skitur.
Tårnet, denne einsame toppen på grensa til Riksheimdalen, har enno ikkje fått same preget på ski-og fjellturistane som sine høgre og meir kjende toppar som t.d. Råna 1586 og Blåbretinden 1476. Det skulle likevel vise seg å vere ein tur på høgde med nettopp slike som desse to toppane.
I nytt landskap, følgde vi spora til gjengen som skulle på Blåbretinden , medan blikket var alle andre stader enn framfor skia. Dei spektakulære Hjelledalstindane, med Trandalstinden som den høgste, gjorde eit mektig inntrykk, saman med Råna sin iskalde vegg. Dette uhyggjelege terrenget under desse toppane er ikkje vitja av mange, og det er ikkje for utan grunn at Trandalstinden vert rekna som den «vanskelegaste tilgjengelige tinden på Sunnmøre» av Standal og Co.
Tverrelvane er namnet på terrenget i den kvite sida bak. Ruta vår følgde den, men svingar inn under Storvasstinden oppe i venstre hjørne.
Lett terreng i byrjinga innover Trandalsdalen.
Dei forrivne Hjelledalstindane med Trandalstinden 1543 moh til venstre.
Ruta vi følgde er relativt enkel og har ingen særskilt utsette punkt. I den dryge sida opp Tverrelvane, nedafor Skarrabbvatnet, var der allereie signaturar frå dagane før, men ingen kom frå sidedalen mellom Tårnet og Storvasstinden 1260 moh, der vi skulle svinge av. Her fortsette vi til vi nådde ryggen mellom dei to toppane, og bauta oss oppover til den bratte skrenten mot toppen av Tårnet. Her var det nokså hard, noko som ein ser igjen på sommarruta der ein kanskje kan få problem med nettopp denne skavlen. Dette, og den korte avstanden til skavlen på kanten mot Riksheimdalen, gjorde at vi sette frå oss skia like under toppen for å unngå unødvendige ekle situasjonar.
Oppover den dryge sida. Hjørundfjorden med Sæbøneset (t.v) i bakgrunnen
Utsikt i panorama-format.
Gjengen som gjekk mot Blåbretinden nærmar seg toppen.
Oversiktsbilete frå den bratte kneika mot toppen. Storvasstinden midt i mot. Mine turkameratar litt lenger nede blir små i forhold.
Bilete kan lyge, men her var det bratt!
Om eg ikkje har bemerka det nok frå før i artikkelen, var utsikta under oppstigninga noko av den beste ein kan få på Sunnmøre. «Det vil ej absolutt tåre å påstå!» som Kjell «Kjellen» Bigset seier. Når ein bikka kanten, og står ved varden på Tårnet, er det få fjell som kan måle seg med det synet som då treff augo. Eg kan vel verte så drøy og sei at eg har vore på nokre fjellturar, men knapt nokon av dei har klart å overbevise meg meir enn kva utsynet frå Tårnet fekk by oss på i dag. Eg legg ved nokre bilete frå toppen. Som de sikkert ser, var det ein del skodde og skyer, kva om dei ikkje hadde vore der?
Endeleg på toppen. Vi nyt eit par appelsinar før kampen om å rekkje ferja startar...
Mohns Topp tek seg godt ut frå Tårnet.
Det gjer også Skårasalen...
Det var lite å sei på utsikta frå Tårnet.
Tårnet hadde mykje å by på denne dagen også, og som ein seier når ein har nådd toppen av eit fjell; no er vi halvvegs. For det finst ikkje ein skitur på Sunnmøre utan nedkøyring. Som nemnt tidlegare, er Tårnet som ein veslebror i forhold til nokre av dei høgre toppane rundt. Og med utsikta på toppen var det ikkje så vanskeleg å sjå at nedkøyringa frå Blåbretinden er ei sjeldan perle. Likevel var flanken ned frå toppen av Tårnet av høg karakter, og sidan dei to toppane delar sida ned Tverrelvane, ja så er ikkje Tårnet heller nokon dårleg kandidat når det gjeld kategorien "flottaste nedkøyring". På bileta under får vi avbilda aktivitet frå toppen attende til bilen.
Først ned attende til skia.
Flott side ned frå toppen til dalen mellom dei to tindane.
Aktivitet ned frå toppen. Vi ser antydningar av gamle skispor heilt frå toppen.
På kanten og attende til den dryge sida nedover Tverrelvane.
Utpeiking av beste ruteval.
Eit lite tilbakeblikk.
Måtte bearbeide bilete for å få fram skikkeleg konturane etter spora, diverre eit dårleg resultat, men klikkar du på bilete kan du sjå mange spor.
Kort oppsummering: Tårnet er ei noko ukjend perle med ei utsikt av dei sjeldne. Utruleg flott vårtur, etter at store delar av setrevegen er snøfri, og den enkle anmarsjen gjer at ein kan setje spørsmålsteikn rundt kvifor ein vel enn meir krevjande topp som Blåbretinden. Nedkøyringane er identiske i den nedre delen, og kan verkeleg målast opp mot den frå Skårasalen(attende til Kvistaddalen) eller Sandegga.
Kommentarar