På fredag ,arbeidarane sin nasjonaldag, stiller Sæbø som alltid heilraudt når dei sparkar serien i gong. På fredag kl 13.30 får vi besøk av Stranda2 på Sæbø Stadion og trenar Emile van Embden lover mål den eine eller andre vegen!

Sæbø A-lag 2007

Dei fleste av desse ¨gamle¨ fjesa samt ein rekke nye kan sjåast på fredag. Dette er A-laget anno 2007.

Mange kjende spelarar men og ein del nye vil være å sjå på bana i år. Fra å ha eit heller labert oppmøte på treningane i vinter, og faren for å ikkje kunne stille lag, har det komt til ein del nye spelarar. Dette er unge gutar som ikkje har fylt 20 enda men som valde Sæbø for er bra miljø mn ogso ein ganske lav snitt alder. I tillegg har alle juniorane som i Vår gjekk til Ørsta komt attende etter ei kort men strålande karrière der.

 

Narius S. 2008

Årets spelar 2008, Marius Strandmann

Årets spelar 2008, Marius Strandmann, fekk i vår dispensasjon frå treningane til å prioritere ski. Han svikta ikkje og på laurdag tok han ein meget solid 1. plass i slalomgruppa på Standalseidet, samt han hadde beste tida av alle som deltok. No er skisesongen over og fram til snøven igjen ligg på attelegene, lovar han å gi alt for Sæbø trøya.

Med ei veke igjen til seriestart stod leiinga i fotballgruppa i den merkelege situasjonen at vi hadde 25 spalarar på listene våre. Vi frykta at dette var lit vel mange og at vi her kunne risikere at fleir stod utan tilbod slik at dei kunne bli leide og slutte. Med den filosofien i bakhand at mest mogleg av bygdas unge skal være med og synes at det er kjekt å spele fotball, så har Fotballstyret meldt på eit A-lag ogso i 7-ar serien. Første heimekampen til dette laget blir 14. Mai. Dette laget har ingen fast leiar so viss nokon kunne tenke seg å leie 7-ar laget på kampane kan dei ta kontakt med meg: Alex Riise Olsen.

 

Alex.Emil

Årets tranar Emile van Embden og leiar i fotballgruppa Alex Riise Olsen håper at so mange som mogleg kjem å heiar fram gutane våre.  Hjarteleg velkommen til kamp på Sæbø, Fredag 1. mai 13.30!!

 

Mvh: Alex Riise Olsen                                                                                Leiar Sæbø Fotball