Tysdag 31. Mars hadde styret i Sæbø grendalag det første møte etter årsmøtet som var 23/3, der vi konstituerte oss og kom fram til fylgande:

 

Leiar: Marit Riise Olsen

Nestleiar: Emile Van Embden

Kasserar: Anne Mone Strandmann

Skrivar: Synnøve Mo

Ungdomsrepresentant: Tiril Holen

Ungdomsrepresentant: Martin Årseth Dimmen

Første Vararepresentant: Øystein Mo

Andre Vararepresentant: Elisabeth Årseth Dimmen

 


  • Sæbø Grendalag kjem til og kalle inn til eit møte med alle lag, om kva som skal skje vidare med Kapteinkvia etter Hjørundfjord Bygdemobilisering går av 01.07.09

 

  • Dugnad før Hjørundfjorddagane blir Laurdag 23.Mai kl.12.00, vi konsentrerer oss om Sæbø Sentrum og Kapteinkvia. Meir info om dette kjem seinare

 

  • I år har vi utvida område framover dalen og årskontigent for 2009 er lagt ut i postkassene t.o.m fram til Tryset. Dette reknar vi med at folk har ulike meiningar om og vi kan tenke oss og få litt tilbakemeldingar på om kva folk meinar.

 

  • Grendalaget har ansvar for toaletta ved fergekaia og leiger vaskehjelp

 

For at folk skal kome i kontakt med oss gjer vi merksam på at vi har ei forslagskasse på Bellingen. Denne ber vi folk bruke så ofte de har lyst, om de har noko på hjertet til oss i styret i Grendalaget, de vil vi skal ta opp dette året.

 

 

Synnøve Mo - skrivar