I fjor var det rekordmange lag på påskrebusen langfredag.  Heile 53 lag var med då.  Likevel vart det ny rekord i år også - heile 72 lag og ca. 500 personar deltok på denne langfredagen.  Er det rart at primus motor og leiar i Sæbø IL si fotballgruppe, Alexander Riise Olsen,  gler seg stort?  Og ikkje berre det, på 1. påskedag var det som vanleg færre som deltok, men likevel var det heile 42 lag og ca. 300 personar som deltok denne dagen også.

IMGP9888 kopi

Færre deltok på påskerebusen 1. påskedag, men likevel kosa svært mange deltakarar seg i det fine påskeveret denne dagen også.  Her eit foto frå Sandvika på Sæbø.

Alexander Riise Olsen er svært takksam fordi så mange vil vere med å gå denne påskerebusen.  Ekstra kjekt var det alle synest å kose seg i det som ikkje kan kallast anna enn flott påskerebusvêr.  At dette arrangementet ser ut til å gje gode pengar i kassa til fotballgruppa - ca. 35.000,- netto mot ca. 23.000,- i fjor - gjer sjølvsagt ikkje gleda mindre.

- Så de får dekt løna til trenaren med dette arrangementet, Alexander?

- Og meir til.  Trenar Emile van Emden er ein god, men rimeleg trenar.  Kanskje må vi tilsetje ein assistent, humrar Alexander.  Nei, det vert nok ingen løna assistent, men pengane skal verte brukt til det beste for fotballgruppa, lovar Alexander.

IMGP9883 kopi

For svært mange har det blitt ein tradisjon å delta på påskerebusen.  Fredrik Heier er eitt år og førstegangsdeltakar, og han møter nok opp til neste år også.

Vi som deltek på påskerebusen ser at mange av deltakarane møter opp år etter år.  Alexander Riise Olsen veit om fleire lag som stiller opp år etter år - det har kort og godt blitt ein tradisjon for svært mange. Alexander set i det heile stor pris på alle som kjem for å delta på påskerebusen desse to dagane, langfredag og 1. påskedag.   Leiaren i fotballgruppa vil også nytte høvet til å takke alle sponsorane.  Han fortel at det ser ut til at det har blitt tradisjon for dei også å støtte fotballgruppa desse dagane.

IMGP9887 kopi IMGP9895 kopi

Er det nokon som kjenner seg att på desse fotoa, tru?

I år kunne deltakarane også få kjøpe middag etter rebusen.  10. klassingane ved Sæbø skule selde potetball med alt som måtte høyre til  i gymnastikksalen på skulen på langfredag.  1. påskedag vart det servert graut til stor glede for mange.  Alexander merka slett ikkje noko negativt med dette.  Deltakarane gledde seg over påskerebusen og dei gledde seg tydelegvis over at det var råd å få kjøpt middag også.  Så mange som 150 porsjonar med ball vart selde langfredag.

IMGP9894 kopi

Therese Lystad Holen(t.v.) og Grete Holen var sjølvsagt også med på påskerebusen.  Her er dei to på veg opp til posten oppe ved Skogaløda.

Det aller meste gjekk altså fint desse to dagane.  Likevel er det ein ting Alexander Riise Olsen ynskejr synspunkt på.  Bør den eine dagen av påskerebusen arrangerast på skjærtorsdag i staden for 1. påskedag?  Grunnen til spørsmålet er at fleire har ymta frampå om at dei synest det er leitt at dei ikkje kan delta på påskerebusen også 1. påskedag fordi dei må bruke denne dagen til å reise heim.

Så igjen:  Er det nokon som meiner at påskerebusen på Sæbø skal arrangerast skjærtorsdag og langfredag i staden for langfredag og 1. påskedag slik som tradisjonen til no har vore i ca. 15 år?  Vil fleire i så fall delta på begge dagane?  Skriv gjerne ein kommentar under.

IMGP9896 kopi IMGP9898 kopi

Martin Årseth Dimmen(t.h.) har nok ikkje fått førarkort - enno, men han var ein av postvaktene til fotballgruppe.  Her ved Hustadbrua.