I fjor var det rekordmange lag på påskrebusen langfredag. Heile 53 lag var med då. Likevel vart det ny rekord i år også - heile 72 lag og ca. 500 personar deltok på denne langfredagen. Er det rart at primus motor og leiar i Sæbø IL si fotballgruppe, Alexander Riise Olsen, gler seg stort? Og ikkje berre det, på 1. påskedag var det som vanleg færre som deltok, men likevel var det heile 42 lag og ca. 300 personar som deltok denne dagen også.
Færre deltok på påskerebusen 1. påskedag, men likevel kosa svært mange deltakarar seg i det fine påskeveret denne dagen også. Her eit foto frå Sandvika på Sæbø.
Alexander Riise Olsen er svært takksam fordi så mange vil vere med å gå denne påskerebusen. Ekstra kjekt var det alle synest å kose seg i det som ikkje kan kallast anna enn flott påskerebusvêr. At dette arrangementet ser ut til å gje gode pengar i kassa til fotballgruppa - ca. 35.000,- netto mot ca. 23.000,- i fjor - gjer sjølvsagt ikkje gleda mindre.
- Så de får dekt løna til trenaren med dette arrangementet, Alexander?
- Og meir til. Trenar Emile van Emden er ein god, men rimeleg trenar. Kanskje må vi tilsetje ein assistent, humrar Alexander. Nei, det vert nok ingen løna assistent, men pengane skal verte brukt til det beste for fotballgruppa, lovar Alexander.
For svært mange har det blitt ein tradisjon å delta på påskerebusen. Fredrik Heier er eitt år og førstegangsdeltakar, og han møter nok opp til neste år også.
Vi som deltek på påskerebusen ser at mange av deltakarane møter opp år etter år. Alexander Riise Olsen veit om fleire lag som stiller opp år etter år - det har kort og godt blitt ein tradisjon for svært mange. Alexander set i det heile stor pris på alle som kjem for å delta på påskerebusen desse to dagane, langfredag og 1. påskedag. Leiaren i fotballgruppa vil også nytte høvet til å takke alle sponsorane. Han fortel at det ser ut til at det har blitt tradisjon for dei også å støtte fotballgruppa desse dagane.
Er det nokon som kjenner seg att på desse fotoa, tru?
I år kunne deltakarane også få kjøpe middag etter rebusen. 10. klassingane ved Sæbø skule selde potetball med alt som måtte høyre til i gymnastikksalen på skulen på langfredag. 1. påskedag vart det servert graut til stor glede for mange. Alexander merka slett ikkje noko negativt med dette. Deltakarane gledde seg over påskerebusen og dei gledde seg tydelegvis over at det var råd å få kjøpt middag også. Så mange som 150 porsjonar med ball vart selde langfredag.
Therese Lystad Holen(t.v.) og Grete Holen var sjølvsagt også med på påskerebusen. Her er dei to på veg opp til posten oppe ved Skogaløda.
Det aller meste gjekk altså fint desse to dagane. Likevel er det ein ting Alexander Riise Olsen ynskejr synspunkt på. Bør den eine dagen av påskerebusen arrangerast på skjærtorsdag i staden for 1. påskedag? Grunnen til spørsmålet er at fleire har ymta frampå om at dei synest det er leitt at dei ikkje kan delta på påskerebusen også 1. påskedag fordi dei må bruke denne dagen til å reise heim.
Så igjen: Er det nokon som meiner at påskerebusen på Sæbø skal arrangerast skjærtorsdag og langfredag i staden for langfredag og 1. påskedag slik som tradisjonen til no har vore i ca. 15 år? Vil fleire i så fall delta på begge dagane? Skriv gjerne ein kommentar under.
Martin Årseth Dimmen(t.h.) har nok ikkje fått førarkort - enno, men han var ein av postvaktene til fotballgruppe. Her ved Hustadbrua.
Kommentarar
I år var det monge grupper som hadde meir enn
6 voksne på gruppa si.
Har sagt de tidlegere prøv neste år med skjærtorsdag og langfredag,og då kan alle nyte resten av påska med andre sysler. Påskeafta er en kansje litt laber dag? Da de er mange som har familieselkap i tillegg så skal som regel folk ut seinere på kvelden.
Eg er i utgangspunktet open for å endre dagane for Skattejakta til Skjærtorsdag og Langfredag. Påskeaftan trur eg er ein dårleg dag fordi det då er opne butikkar, og i alle fall dei fastbuande nyttar denne dagen til å oppgradere kjøleskapet :-)
Så vidt eg hugsar, var den første Skattejakta over tre dagar. Skjærtorsdag, Langfredag og 1. påskedag. Så fann vi ut at det vart for mykje, og gjekk over til to dagar. Kvifor det vart Langfredag og 1. påskedag hugsar eg ikkje. Det var vel berre slik at slik vart det.
Når det gjeld kontroll av deltakarar undervegs, tal på deltakarar, bruk av hjelpemiddel osb., meiner eg at ein av Skattejakta sine suksessfaktorar er at dette byggjer på tillit. Vi juksar ikkje.
Likevel ser eg at det nok er behov for å ha fleire vakter, spesielt viss vi også skal ha arrangement Skjærtorsdag og ikkje 1. påskedag. Det viktigaste med fleire vakter er uansett å få arrangementet til å gli betre, og kunne ta fleire grupper samstundes på postane. Det vil redusere ventetida på å kome i gang.
Utfordringa er rettinga. Der er det no gode system, men uansett system, vil det ta over timen å få rette alle svara.
Når det gjeld bruk av hjelpemiddel syns eg det er trist at det ikkje kan byggast på tillitt. Men eg må sei at i år såg eg fleire tilfelle av juks en nokon gong før. Mykje mobiltelefona i sving, og lag med særs mange vaksne på. Om det hjelp veit eg ikkje, men kanskje ein kunne hatt to linje nederst på kvart spørmålsark der reglane om hjelpemiddel står klart og tydelig. Så kanskje nokon kjenner litt på samvitet sitt? :)
Uansett kva det blir til må eg få takke for en kjempejobb av arrangørane i alle år, og for mykje moro og hjernevriding :D
Går det ikkje, er det jo tross alt berre å gå tilbake til det gamle.
Eg skal ikkje sitte her i Bergen å prøve å lage stor styr for Hilde eller Linda sitt påske opplegg. Men det kan jo kanskje være greit å vite at det er ikkje alle som berre skal på jobb i nærområdet når kvardagen er der, og vi kan da dessverre ikkje alltid reise mandagen