Det vart ei kjekk ykt for dei frammøtte på dugnaden måndag. Vêret var perfekt til føremålet, og vi er komne godt i gang med vårryddinga og vedlikehaldsarbeidet i Bondalsparken. Men vi treng ein kveld til for å kome i mål til "sesongstart". Difor arrangerer vi ein dugnad til, førstkomande torsdag kl 18.30
Arbeidsoppgåvene er mange og varierte. Vi skal:
Rydde skog
Rake
plukke stein
brenne rusk
lakke resten av plattingen og scenegolvet
reparere benkane
Ungdomslaget stiller med kaffi/brus og noko å bite i.
Ta med høveleg reiskap/utstyr.
Vel møtt!
Helsing BFUL
Kommentarar