Malene Aambakk og Else Marie Stokke var 2.april med på Regional Landslagssamling i Trondheim. Norges Handballforbund/Region Midt-Norge kallar inn til 4 samlingar i sesongen og dette var siste samling sesongen 08/09.
Jentene som er f. 1993 har vore med på alle 4 samlingane og har gode sjansar til og få vere med også neste sesong.
Spesielt kjekt er det at dei er to som får vere med, både sportsleg og ikkje minst sosialt.
Sivert Årseth er også med på RLM for G 92.
Samlingane har i følge NHF/RMN ”som mål å gi ambisiøse, motiverte og unge håndballtalenter en kartleggingsarena for våre yngre landslag”.
LK 92, Mia H. Høgdahl.
Else Marie i skuddet..
Malene, jentene blir følgt nøye med av trenarane.
Mange nye øvelsar gir inspirasjon og det er kjekt å ta med heim til treningane.
Trenar Geir Tore Leira, Malene Aambakk, Else Marie Stokke og trenar Mia H. Høgdahl etter ei vellykka treningsøkt!
Sosialt er det veldig kjekt å vere fleire. Etter ein laang biltur på 6,5 timar er det her innhaldet på badet på hotellromet som må studerast..






Kommentarar