Torsdag framførde ungdomsskuleelevane ved Sæbø skule musikalen ”Norske hits” på Bondalen grendahus.  Og sjølv om det vel ikkje er heilt klokt, startar eg like godt med konklusjonen: Vi som var tilskodarar og tilhøyrar let oss ikkje berre underhalde, vi vart og imponert over det høge nivået anten det galdt solistar, sjonglør, dansarar  eller pop-/rockebandet under leiing av Gunnar Aurdal.

IMGP9706 kopi

 

Tusen takk, kjære elevar.

For andre året på rad framførde altså ungdomsskuleelevane ved Sæbø ungdomsskule ein musikal.  Dermed får vi vone at Hjørundfjorden har fått ein ny tradisjon.  For ca. eitt år sidan var det ”Grease” som stod på programmet og denne gongen var det stort sett norske hits som t.d. ”Krasafaren steinbu”, ”Forelska i lærer`n” og ”Neste sommer” som vart presenterte.

Vi som har passert både 40 og 50 år kan ikkje anna enn late oss imponere over desse ungdomsskuleelevane.  Kven av oss våga i det heile å stå på ei sene og synge solo, danse i lag med andre, eller drage ein solo på gitaren som den naturlegaste del av verda og det med ein full sal som tilskodarar? Diskusjonen om skulen har vorte fagleg dårlegare dei siste tiåra skal vi la ligge, men utan tvil har lærarstaben vorte langt flinkare til å få fram det beste i dei fleste av elevane på mange andre område.  Det er godt å sjå at elevane stolar ikkje berre på seg sjølv, men også dei andre medelevane.

IMGP9668 kopi

Kveldens pop-/rockband.  Frå venstre: martin Dimmen, Karl-Erik Sæbønes, Kjetil Rekkedal, Petter Julius Årseth(delvis i skjul), base-man Peder hauge Mo, bandleiar Gunnar Sigve Aurdal og Jakob N. Hustad.

Ikkje veit eg, men kanskje har musikalsk leiar , Gunnar Sigve Aurdal, lokka med både sjokolade og brus for å få med musikarane i bandet, men grunnen til at musikarane vert verande der frå det eine året til det andre, er utan tvil det høge musikalske nivået han har fått fram hos dei alle.  Bandet var kort og godt ei fryd å høyre på.

IMGP9649 kopi IMGP9654 kopi

På foto til venstre ser vi at Sindre Brautaset(heilt til høgre) også er med i bandet.

 Frå sena fekk vi solosong,  linedans og anna dans – ikkje berre til musikk frå bandet, men også til låtar på CD frå t.d. ”Vassendgutane” (at Rune Brautaset vart oppdaga mellom tilskodarane vart sjølvsagt sett pris på) og ”Madcon” .  Treng vi nemne at dansarane hadde stått for koreografien sjølve?

IMGP9646 kopi IMGP9657 kopi

T.v.: Sjølvkoreografert dans etter låten Beggin av "Madcon".  T.h.: Linedans etter musikk av "Vassendgutane".

Nytt av året var sjølvlaga musikkvideoar. Igjen var det sjølvsagt elevar som hadde hovudrollene, det var elevar som hadde filma og fotografert og det var ikkje minst elevar som hadde redigert og gjort alt det andre. Om det er ”Klypa” eller You Tube som har inspirert til videoane veit vi ikkje, men slike innslag ventar vi på til neste år også. Eit lite minus her var det at framvisaren/projektoren  kort og godt ikkje var god nok.

 

Det er urettvist å drage fram namn på ein musikkveld som dette fordi alle elevane var med på viktige oppgåver, men det må likevel vere på sin plass å nemne at truleg fekk Henning Solevåg frå Urke sitt offisielle gjennombrot som sjonglør. Fleire av oss har sett Henning sjonglert med ballar same om har gått til eller frå skulen, men i kveld imponerte han stort både med ballar, ringar og kjegler.

IMGP9688 kopi

Henning Solevåg fekk sitt velfortente gjennombrot som sjonglør torsdagskvelden.

Gunnar Sigve Aurdal er allereie nemnt.  Ein annan person som må nemnast er lærar Ingvil Aasen Flatnes.  Ingvil var, som rektor Oddny Flugekvam sa i si takk til slutt, den som hadde drege dei store linjene.  Den som kasta ei blikk Ingvil under musikalen såg raskt at ho kunne alle tekstane utanboks.  Og ikkje berre det – tydelegvis kunne ho alle dansetrinna også.

IMGP9659 kopi IMGP9682 kopi

T.v.: Maria Tvergrov dansa, spelte piano - og song solo.  Lærar Invil Flatnes hadde drege dei store linene.  I tillegg kunne ho sikkert alle tekstane utaboks - i tillegg til dei fleste dansetrinna.

IMGP9674 kopi

... Og vi som var tilskodarar denne gongen møter gjerne opp neste år til neste musikal også.

For oss som var tilstades som foreldre, besteforeldre eller andre tilskodarar, står det att berre å takke elevane og dei andre ved Sæbø skule som laga til slik ein triveleg kveld.  Vi møter gjerne opp til ein annan musikal neste år.