Knut Skram fødd på Sæbø.

Vi i nemnda for Hjørundfjorddagane er svært glade for å kunne presentere dei for publikum på Sunnmøre.

Knut Skram er fødd på Sæbø, han er døpt og konfirmert i Hjørundfjord kyrkje.

Etter songstudiar songstudiar i USA, Tyskland og Italia, debuterte han ved den Norske Opera i 1964. Han har vunne fyrsteprisar ved internasjonale konsertar.

Knut Skram er ein svært anerkjent tolkar av lied-repertoaret og har hatt ein omfattande verksemnd som konsertsongar. I tillegg har han spela inn ei rekkje solo-album og medvirka i mange TV-produksjonar.

skram
Knut Skram

 

Medlem i operahusjuryen.

Med sin bakgrunn som arkitekt og songar var Skram eit verdifullt medlem i operahusjuryen i Oslo, og han deltok under opninga av den nye operaen i Bjørvika i april 2008.

Knut Skram står på same scene i 2010 ved urpremieren på Gisle Kverndokk si ”Jorden rundt på åtti dager” og han skal også medvirke i ”Ariadne auf Naxos” same året.

 

 

Torhild Staalen

Torhild_Staahlen
Torhild Staalen

Torhild Staalen er fødd i Skien i Telemark. Ho utdanna seg til songar ved Musikkonservatoriet og Statens Operahøgskule i Oslo. Der tok ho vokalstudiar hos fleire kjende songarar, mellom andre Ingrid Bjoner og Aase Nordmo Løvberg. I tillegg har ho hatt studieopphald i Tyskland, Austerrike og England.

Staalen vart tilsett ved Den Norske Opera i 1967 og var fast songar ved operaen fram til 2000.Dessutan har Staalen sunge i mange oratorier og konsertar, også i radio og på TV.

 

Pianist frå Operaen.

Pianist under konserten vert Markus Kvits. Han er tilsett ved Operaen i Oslo.

Hjørundfjordkvintetten

Sidan dette er ein konsert i Hjørundfjord kyrkje, syntes vi at ein også må ha med ein lokale utøvarar. Hjørundfjordkvintetten, fem dyktige musikarar med tilknytting til Hjørundfjorden, skal spele til nokre av Staahlen sine songar.

Førehandssal av billettane

På grunn av kyrkja sine brannforeskrifter, kan vi kun selje 360 billettar.

Billettane til denne konserten vert lagt ut for sal laurdag 4.april kl 15:00 til 18:00 på

 

Sæbø Il sitt klubbhus.

Vil du sikre deg billett, bør du møte opp på Sæbø. Då har du fyrsterett på billettar. Dersom du ikkje har høve til det, kan du tinge på telefon 91 32 69 67 eller telefon 700 40 257 i det same tidsromet.

For i Storfjorden kan vi ha sal av billettar på Strikkekaféen på Bjørke måndag 6. april, men likevel er det fint om ein tingar på telefon laurdag den 4.april.

 

Billettane kostar kr 250 ved kontant sal og kr 260 ved tinging over telefon og tilsending ( porto).

 

Synnøve Rekkedal Hill

-leiar nemnda for Hjørundfjorddagane-