Eg visste om nokre kjentfolk som skulle opp på den 1274 m høge Klovtinden inne i Kvistaddalen og spurde junior om vi skulle gå etter. Nyoppstått som han var, var han ikkje særleg interessert i det. Så gjekk det ein times tid - junior/Jakob (14) skulle ikkje berre på Klovtinden, han skulle nå att dei som hadde gått tidlegare på dagen også.
Klovtinden er ikkje så vanskeleg å finne fram til. Har du vore på Skårasalen finn du fram til Klovtinden. Skårasalen ligg på austsida av Kvistaddalen, Klovtinden på vestsida. No er også bomvegen/setrevegen open nesten heilt inn til parkeringsplassen i Kvistaddalen.
Vi parkerte - det hadde sikkert 30 andre bilar gjort før oss, bar skia ned til Årsetelva, gjekk over brua til Årsetsetra og snart kunne vi ta på oss ski og gå rett opp gjennom skogen. Du ser no Kopphornet og Klovtinden litt til venstre, men du må runde dette fjellpartiet til høgre. Jakob hadde lita tid og vi runda dermed litt lite og gjekk såleis opp eit litt for bratt parti - det var hardt underlag - men vi var snart oppe i den vesle dalen Kopphorndalen og såg Klovtinden rett fram. Nemnda vi den sure rypa som flaug opp? (Ho likte ikkje å bli uroa i oppdraget med å¨passe reviret sitt)
Jakob har fått los og aukar tempoet. Klovtinden, den nordre, ser vi rett fram. Vi nådde sjølvsagt ikkje att dei fire som gjekk framom oss, men høflege som dei var, venta dei på oss.
Kopphorndalen er "mitt" heimeområde, men eg må nok vedgå at den ikkje er den mest spanande fjelldalen som finns. I dalen er det mest ur, men vinterstid er dette ein slakk og fin skidal - når føret er godt. Når snøen er roten i sida opp til Skårasalen kan dette fjellområdet absolutt vere eit alternativ.
No hadde nok eg tenkt at det fekk greie seg med Kopphornet denne dagen, men Jakob var bestemt - det måtte bli Klovtinden. Det var nemleg der Ronny (Haugen) Olav (Haugen), Vegard (Flø) og Martin (Hovden) var. I toppområdet var underlaget hardt (vi treng ikkje nemne at faren sigla av stad igjen), men Ronny lånte Jakob velvillig isøksa si.
Målet nærmar seg, så eit kraftig...
...Jess! Jakob har nådd det han kallar sin første skikkeleg vintertopp, den 1274 m høge Klovtinden. (Jau, faren var nervøs)
Det er ikkje farleg å vere førstegangsbestiger når ein har erfarne fjellfolk som hjelper til. Frå venstre mot høgre: Martin Hoven(lengst bak), Ronny Haugen, Vegard Flø, Jakob Hustad og majesteten - han som er nærast - Olav Haugen. Bak sistnemnde ser vi den sørlege toppen. Tur opp på den får vente til eit seinare høve.
Som sagt - det er vanskeleg, men vi forstår at alle ikkje bryr seg om turar til fjells når snøen framleis ligg der tjukk. Verre, ja, nærast umogleg, er det å forstå at nokre tydelegvis irriterer seg over at fjella vert brukte til skiturar. Sjå på fotoa under. Som nemnt annan stad på denne portalen er t.d. Vassdalstinden svært bratt. På turen ned frå Klovtinden kan du sjølv velje om du vil renne brattare eller slakkare. Denn dagen gjorde vi det siste. Igjen er det flest foto av den eminente skikøyraren Vegard - men så er han som nemnt annan stad her på portalen, så lur at han har einn fargerik bunad på seg.
Vegard
Ronny ned til venstre, Sakshornet opp til høgre.
Vegard, i bakgrunnen på foto til høgre ser vi Kopphornet.
Snø eller skyer? For Olav spelar det inga rolle - han svevar nedover likevel.
Martin har Skårasalen som tilskodar. Mange var der i dag, men hadde dei like fine forhold som oss?
Skal vi prøve oss med eit to-tre hopp? Ok, det får greie seg med eitt.
Skal vi seie 17,5 for svevet?
Litt jamsis nedslag, men likevel 18 her.
Ronny
Jakob reknar altså dette som sin første skikkelege vintertopptur. I går kveld la eg merke til at han hadde leita fram ei noko slita bok som heiter "Skiturar i Sunnmørsalpane". Om det er eit godt eller dårleg teikn kjem vel an på augo som ser. I alle høve, han sette stor pris på å ha fire spesialistar på telemarkski rundt seg - spesialistar som tok godt vare på han. Så står det att å sjå om faren får velje sine toppar åleine heretter.
Er det ikkje på plass med eit par foto til av Vegard til slutt?
Og mannen er altså Vegard Flø.
Takk for turen. Eit lite p.s. til slutt: Ynskjer du ein brattare variant ned, kan du renne ned mellom Klovtinden og Kopphornet, men pass deg for ein bratt skavl. Sjekk denne ruta frå vegen/parkeringsplassen før du startar på turen.