Søndag 19.04 var Hjørundfjord Barnekor invitert på korkafe i Volda, la med Volda og Ørsta korskule som har to kor som heiter Mañana og White Spirit. Dei forskjellige kora skulle ha nokre songar sjølve og so avslutte i lag med Thank you for the music.

Etter ei god oppvarming og øving fekk vi handle oss kake, smørbrød, og ikkje minst lodd! So skulle vi i ilden igjen. 

Fyrst ute var Mañana som song bl.a. Tingeling, Emil og Lille Katt...

So kom White Spirit som song bl.a. Ask av guld, Here, There and Everywhere..........

Og så var det vår tur med Vårvise, Do a dear og I have a dream.

I korpausa var det lett underholdning med song, gitar og trekkspel - og ikkje minst ein ung herremann med hatt som spelte ein låt på trekkspelet til stor applaus!

Tøff kar :)

Dette vart ein kjempekjekke dag der vi fekk sjå monge talentfulle unge, både songarar og musikarar.

So var korkafeen slutt, og ein avslutta med Thank you for the music. Ongane ga alt! Og me voksne fekk nynne med på refrenget.....

Det var kjempebra jobba Hjørundfjord Barnekor!!!

 Mvh Gry(-skrivar til barnekoret-).