Har du foto frå områda rundt Viddal, Leira, Øye, Urke, Trandal, Standal, Ytre Standal, Hjørundfjordstranda eller Bondalen?

 Då vil vi i nemnda for Hjørundfjorddagane gjerne ha dei tilsendt til synnove_hill@hotmail.com

 Planen vår er å ha ei ”Hjørundfjordutstilling” med bilete frå heile fjorden og dalane rundt.

 Fotograf får namnet sitt på fotoet, men kvar biletet er teke vert festa på baksida av fotoet- slik at dei som ser på utstillinga kan tevle mot seg sjølv med å finne kvar motivet er henta frå.

 Vi har alt fått mange fine foto.

 Nemnda plukkar ut kva for bilete som vert synte.

 Takk for hjelpa!

Honoraret vert i form av gleda det gir å hjelpe oss som arrangerar Hjørundfjorddagane 2009- 6. og 7. juni.

 

Synnøve Rekkedal Hill

Leiar for nemnda i Hjørundfjorddagane 2009.