Laurdag morgon kom Frode Sætre og yngste sonen hans,Magne Sætre, på besøk på Raudstad i Skjåstaddalen. Magne har eg vorte kjend med som klassekamerat etter at eg byrja på Volda Vidaregåande i fjor haust, og no var sjansen komen for at vi skulle ta oss ein tur i lag.

Turen gjekk i kjent lende for meg; opp til Raudstadsetra, inn Lauadalen, opp Blåbreskaret, runde Blåbreen og strake vegen til Storhornet 1600 moh. Det blei, som Knut(Hustad) skildra med ord og bilete frå turen til Tungremtindane, ein svært flott og ekte påskedag med knall blå himmel, fint føre og gode bilete.

Sundag viste vergudane igjen at forholda på Sunnmøre og Vestlande varierer fort og det såg ut til å bli ein middels start på påska. Likevel såg tysdag ut til å verte ein fin dag, og ettersom billappen er i boks, så avtalte eg med Magne om å hente han i Volda, for så å suse vidare mot Vartdal og gjere eit forsøk på Fossholtinden 1200 moh denne dagen.

Måndags kvelden hadde eg fått førespurnad om tur til Randers, men både eg og Magne tenkte at dette ikkje var rette dagen for ein slik tur av øvste hylle, og kunne konstatere at Fossholtinden ville bli eit flott mål på denne dagen. Etter inspirasjon frå Fred Ingar(Somby) sin tur tidlegare, køyrde vi fram Årsetdalen og parkerte på Vartdal Skitrekk. Her gjekk turen til fots til enden av løypetrasséen, der dei første snørestane låg. Til vår forbauselse så kan det verke som Vartdal Skitrekk er eit meget godt skitrekk, og med stort potensial. Kan også nemnast at skisentert har ein meget fin half-pipe, noko slett ikkje alle skisenter rundt om kring på Sunnmøre har.
(1)

Magne på veg oppover Skitraseen til Vartdal Skisenter. Vassdalstinden bak.

Som det stod i tur-bibelen Hagen og Co, var skogen opp til dei kvite flatene trasig og bratt. Reint enklare er det ikkje i dag, 13 år etter( boka eg har er frå 1996), og litt tid gjekk med på å finne beste vegvalet.

(2)      (3)

Litt trasig skog, men snart skulle vi få oppleve kvite flater.

Om litt blei forholda mykje betre, og det bar strake vegen mot toppen. Legg ved eit par bilete til frå oppstigninga.

(4)

(5)

 

Vartdal i bakgrunnen.

(6)

Toppen nærmar seg.

(7)

Vinden aukar på, skavlane heng ikkje for utan grunn.

(8)       (9)

Utsikt tilbake. Legg merke til det skyfrie havet, og kanskje ikkje så lett å sjå, men fjorden var nærast blikk stille.

(10)

Etter ein liten rast, auka vinden på oppover mot toppen og tørrsnøen som var komen dei siste dagane blei kasta i alle retningar. Dette gjorde at det kom fram knallhard snø, og oppe på toppen var underlaget nesten berre is. I infernoet av vindkast og virvelvindar, blei det ikkje enkelt å dokumentere liv på toppen denne dagen, men det blei gjort nokre forsøk. Bileta talar for seg.

(11)

Toppvarden strevde med sitt.

(13)

Nede i lia var det blikk stille, her oppe var det knapt verande.

Pano

Eit forsøk på panorama med antydningar til liv nede i venstre hjørne. Mi unnskyldning for dårleg bilete: Noko vind og eit objektiv som hadde hatt det tørrare under vatn...

 

Vel oppe hadde vi bestemt oss for å få av fellane for så å komme oss ned frå topp-området fortast mogleg. Magne følgde instruksjonane og konsentrerte seg mest om å få av fellane. Den ivrige fotografen frå Bjørke hadde derimot sett seg ut eit motiv ved toppen av Åvasstinden. Ei skarp egg, med snøføyke og Kolåstinden bak er eit riktig flott motiv. Spørsmålet stod på om det var verdt streve å drage fram telelinsa og risikere henne, eller om ein skulle bukke under for veret. Kanskje han heller burde lære av turkameraten som lot slike fasilitetar vente til ein kom ned til meir omstendelege forhold?

(12)

Ufyseleg terreng vidare mot Åvasstinden. Kolåstinden høgst til høgre. Bilete blei teke med original objektivet til kameraet.

 

Etter å ha fått av fellane, skrensa vi oss ned første meterane frå toppen før det bar laust i fint driv nedover mot skogen. Her hadde vi sett oss ut ei interessant renne på veg opp og stoppa for å undersøkje henner nærmare. På grunn av noko flatt lys, var det vanskeleg å sjå kvar vi skulle angripe henne i frå, og om det i det heile var forsvarleg å renne henne. Det blei til at vi følgde kanten av renna eit lite stykke ned før vi kom oss inn i gjelet. Bileta under er henta der i frå. Det kan vel også nevnast at Magne er ein ivrig alpinist, men har også det eg vil kalle «doktorgraden» i telemarkskjøring.

(14)

Ein betenkt kar studerer løypeprofilen, som han har gjort så mange gonger før.

(15)

Fin renne. Vartdal Skitrekk heilt nede.

(ekstra)

Magne gjer seg klar for litt morro.

(16)

I farta...

(17)

Fin stil i den tunge snøen.

(18)

Det smalnar inn og minkar på snø.

(19)

Ubalansert?

Etter ein flott tur får vi håpe veiret held seg...

Blant alle bileta var der ikkje eit einaste som indikerte skikkeleg ruta opp så eg legg ved ein link frå turen til Fred Ingar der han har teikna inn ruta opp skogen. Vi rann ned den første renna til høgre.

http://www.hjorundfjord.no/grafikk/artiklar/_igp1432b.jpg