Spørsmåla var som vanleg varierte. Og det var som vanleg kjekt når dei minste greidde oppgåvene som vi vaksne "åka beit" på.
Klikk på bileta for stor versjon, så kanskje kjenner du att fleire.
No er det like før "Frølandslaget "tek laust.
Kjende og ukjende. Alle har vinnarambisjonar.
Aleksander er ein av basane for opplegget.
Her er heimelaget som eg høyrer til. Ragnar, Magne, Emil, Ann Kristin, Helga, Dagny og fremst, Marie og Hallvard.
Her trur eg Pegarden United diskuterer spørsmål frå krigens dagar.
Tett med folk ved Feirøyelva.
Mengder med folk kjem til posten ved hønsehuset.
Det nærmar seg nest siste post ved det gamle Risetunet. Det er lenge sidan det var så folkesamt her.
Dette er påskerebus 2009.
Dette er teke frå omlag same vinkel 17. mai i 1967.
Måtte berre ta det med for dei som er under 45 år. Trappa høyrer til Årsethuset, nærast til høgre.
Stig Harald Myklebust har ansvaret for den nest siste posten.
Flatneslaget tek ut alt på siste post!
Her er lag 71- 74 komne til posten ved hønsehuset. Og endå var det visst fleire?
Resultatlista legg vel idrettslaget ut, håpar eg. Det var i alle fall kjekt å delta, både for store og små på vårt lag.
Om nokre år kan slike bilete vere kjekke å ha, ikkje sant?
Kommentarar