Dei hadde med tre vaksne og Mikkel Riise vart romann. Han kunne kunsten godt.


I båten -1

Alle barn og vaksne har sjølvsagt på seg redningsvestar. Dei største barna har i tida etter jul arbeidd med emnet Titanic og veit kor viktig det er med tryggleik om bord. Dei yngste har arbeidd med emnet Elias (som dei fleste veit er ei redningsskøyte) og veit også at dette er noko ein må ha på i båt.

I båten 2

Vi hadde og med ein femåring på turen. Godt med store barn som ofte er modellar for dei mindre.

I fjøra

Det var ikkje plass til alle samstundes i båten, medan nokre var til sjøs leika dei andre i fjøra. Vatn og stein har ein magisk tiltrekningskraft på denne aldersgruppa, og også denne dagen vart der nokre våter føtter som måtte tørkast når ein kom attende til barnehagen.

I båten 4

Sjå, kor fint det er på fjorden vår.

I båten 5

Det vart mange roturar for Mikkel.

I båt på land

Og i fjøra finn ein mykje spanande. Sjå ein båt til - som skapt til å leike trygt i ! I barnehagen har vi laga vår eigen leikebåt. Dei vaksne har snudd eit bord oppned og hatt på plater på sidene. Veggane er kledd med blått stoff med fiskar på og i taket heng der måsar. Og sjølvsagt er der redningsvestar tilgjengeleg. I tida framover skal vi dramatisere turen vår på fjorden.

Til slutt ein liten spørjeleik. Elias er redningssøyta i Lunvik. Kva heiter redningsskøyta i Ålesund?

Redningsskøyta i Ålesund