Så er kanskje våren komen framme på Lied også. Etter ein trist, tung og lang haust og vinter, så har eg sett fram til lysare tider. I dag begynte eg å rydde litt i hagen, fjerne lauv og kvistar og der oppdaga eg at blåveisen alt hadde sprunge ut.

Blåveis

Kan ikkje minnast at den har blomstra så tidlig her.  Blåveisen min, er kanskje ulovlig innvandrar, lurte med meg ei lita rot frå Arøy utafor Kragerø, dette er no 6 år sidan. Blåveisen trivest og har etter kvart vorte til mange planter. På mi vandring i hagen så sjekka eg om gullfiskane hadde overlevd vinteren. For det var med litt spenning, skal tru om dei er der i år? For to år sidan var der berre 1 av 12 att, der var ikkje teikn til kadaver så det var nok mink eller røyskatt som overlevde vinteren på gullfisk. Neste vinter tok eg ingen sjansar, så fisk og yngel fekk overvintre inne i akvariet.  Og der i eit hol i isen, såg eg at alt stod bra til, feite og fine fortsatt. 

 Gullfisk

For at ikkje dammen skal botnfryse, så har eg ei pumpe som sirkulerer vatnet. For håpe at våren er komen for å bli, men eg frykter vi har meir snø i vente her oppe på 242 meter over havet.