Sunnmøre Festivalkor deltok sist sommar på sin tredje internasjonale korfestival i Tartu i Estland. Der var det ein stor Norisk Baltiske korfestival som samla nærare tre tusen songarar frå alle dei nordisk/baltiske landa. Året før deltok koret på ein europeisk korfestival i Cork i Irland, etter at det nystarta koret, året før, var i Italia på ein internasjonal korfestival i Rivo del Garda.
Som namnet ”festivalkor” tilseier er målsetjinga med dette reiseglade koret å delta på ulike festivalar. Planane er i full gang for nye festivalar og nye koropplevingar. Både Krakow og Island står på ønskjelista, opplyser leiaren i koret, Inger Lise Lystad frå Ørsta.
Koret, som har medlemer frå dei fleste kommunane på Sunnmøre, vil presentere noko av det nordisk/ baltiske programmet sitt på ein ettermiddagskonsert i Hjørundfjord kyrkje søndag 29. mars.
Koret har øvingshelg på Sæbø og avsluttar helga med ein minikonsert i Hjørundfjorden si storkyrkje, som mellom anna er kjend for sin gode akustikk.
Her ser vi Sunnmøre Festivalkor framfor den store utescena i Tartu i Estland.. Like før tretusen songarar entra ho og framførte fellesnummer frå alle dei nordisk/baltiske landa. (august 2008)
Lystad legg til at det ein svært triveleg gjeng som møtest ein gong i månaden rundt om på Sunnmøre, med høg humorfaktor og stor musikalsk innsatsvilje. Dersom nokon skulle ønskje å bli med i dette spesielle koret, heiter dirigenten Svein Eiksund og bur i Ulsteinvik - opplyser ho.
Kjernerepertoaret er prega av nasjonalt stoff - med komponistar som Grieg, Nystedt, Hovland, Sommerro, Grimstad, Kleive og fleire. Men også folketonar og meir internasjonal kormusikk står på programmet. - Det har vore spesielt å vere med på å framføre noko av det norske repertoaret i ulike europeiske katedralar. Gåsehudfaktoren har fleire gongar vore høg, legg ho til.
Songkoret og Hjørundfjord kyrkje ynskjer alle hjarteleg velkomne Søndag 29.mars kl. 16.30
Inngongsbiletten er kr.100,-
Kommentarar