Onsdag i forrige veke var eg og Torine på trilletur langs den fine elvarampa vår før vi skulle på helsestasjonen på 6 vekes kontroll. Då bestemte eg at skal det verte småbarnstreff så må eg berre bestemme meg for ein dag. Leita fram mobilen og ringte til Elisabeth på helsestasjonen og ba henne henge opp ein lapp på døra om at det vart småbarnstreff i dag 10. mars heime hjå meg.
Så då vi kom på helsestasjone hang der ein fin lapp på døra, så tusen takk til Elisabeth som hjalp meg med å informere dei andre småbarnsmødrene.
barnedåp Torine 080
Her er Anne med Oda, Irene med Olav og Hege med Ida(snart 6 år)og Marius på 2 år( ikkje med på bilete).

barnedåp Torine 079
Her er Michele med Solveig, Torine og Lavin med Hallvard i leik på gulvet.

I ettermiddag fekk eg telefon frå Nernett, nettsida til journalistutdanninga i Volda, dei ville gjerne skrive litt om småbarnstreffet. Sidan eg var på Bondalseidet på skirenn måtte dei ringe på att til meg i kveld. Så kanskje kjem der ein artikkel også på den nettsida.

Tusen takk til dei som kom på småbarnstreff i dag. Håper vi kan få det til fleire gangar, og kanskje vi kan få til nokre felles trilleturar??