Eg trur ikkje at denne fuglen er på besøk her kvart år, men nesten. Rundt tida då skulane har vinterferie dukkar han gjerne opp - fuglen frå det høge nord. Namnet er Sidensvans (Bombycilla garrulus). Den hekkar visstnok til vanleg berre i Aust-Finnmark, men visstnok ikkje kvart år. Etter kvart som det minkar med mat nordafor, kjem den på jakt etter bær lenger sør. I fylgje internettsida Miljolare.no skal den overvintre i Nord-Europa. Same kva - koseleg er den.
Når fuglane kjem sørover, kjem dei i flokk. Det var ikkje så mange som sat i Storelønnen vår i dag, berre 9 stk. Her er sju av dei.
I eit tre utanfor huset står det att eit prydtre med bær. Eg har rekna med at desse bæra har vore giftige, men Sidensvansen ser ut til å like bæra svært godt. Vi får vone at den veit kva den gjer.
Denne fuglen ser litt morsk ut, men den fekk i seg mange bær. Kanskje dukkar fuglane opp i morgon også for dei fekk ikkje med seg alle i dag.
Sidensvansen er tydelegvis ikkje så folkeredd. Eg fekk fotografere den på heller nært hald, men den flytta jamt på seg slik at den ikkje var heilt lett å få den skarp. Det må vel også nemnast at eg vart vel ivrig for plutseleg høyrde eg eit knas - eg trakka på det beste brilleparet mitt...
Fuglen passa sjølvsagt på at eg fekk fotografere den både frå framsida og bak.
Kabelen er litt i tjukkaste laget.
Og til slutt var det berre å ta turen attende til Storelønnen. Det var kjekkast der - i lag med dei åtte andre.
Så er det vel berre å ynskje god tur vidare til neste bærtre.