Sæbø grendalag
Grendalaget manglar 2 stk til styret. Har snakka med mange men det er ingen som kan tenkje seg å gå inn i styret.
Dersom det er nokon som kan tenkje seg å gå inn i grendalaget så kan Dykk ta kontakt med valnemda på mail:
saebogrendalag@yahoo.com
Vi må ha tilbakemelding før 21.03.09.
Skulle vi ikkje lykkast med dette så vil vi foreslå å leggje ned "grendalaget".
Mvh
Valnemda v/
Lagt inn av
Roy Lillebø
17.03.2009 23:12
17.03.2009 23:12
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Då ser det ut til at det blir opp til Årsmøtet å finne ut kva som skal skje framover med Grendalaget. Ingen har meldt seg så langt så eg håpar at alle som kan møte på mandag møter.
Mvh
Mvh
Roy Lillebø
Man treng no ikkje å bu fast i bygda for å sete i eit Grendalag.
Det viktigeste er at man er intrisert i bygda og vil gjere en innsats for å skape gode buforhold (trivsel) i bygda og at man vil skape arbeidsplasser for alle.
Kan man knyte til seg ressurspersoner med både overskot og kapital så ta vel i mot dei.
Søk etter folk som er intrisert i bygda
Kvar dei bur fast må ikkje vere ei hindring.
Bygdemobliseringa har no og folk som ikkje bur fast i Hjørundfjorden og har gjort en kjempejobb.
Sogelaget har og folk som ikkje bur i fjorden.

Perry Bjørke
Det har ikkje vore den store pågangen her endå, rettare sagt ingen. Eg er ute i nordsjøen no så eg er ikkje å treffe på mobil, men eg håpar på at nokon vil melde seg på mail snart.
Mvh
Mvh
Roy Lillebø
I den tida vi går inni, i Sæbø no, er Gredalaget viktigare enn nokon gong tidlegare. Når ein ser korleis det fungerar på Bjørke så henvender både kommuna og Vegvesenet seg til Bjørke Gredalag, og drøftar saker som har med felles interesse i bygda å gjere.
Når bygdemobiliseringa sluttar og der er ikkje noko grendalag, så vil der ikkje være noko kontaktorgan for Sæbø og dermed vil heile Sæbø og alle andre lide for det.
Og berre tvinge dei som i dag sit i styret til å fortsette er det inga hensikt i, og heller ikkje gyldigt. Dei som er på val må ha ny fullmakt av årsmøte, for å kunne sitje vidare i styret ellers vil eg tru at i ein gitt situasjon kan det verte reist tvil om gyldiheit i vedtaket som dei er med på.
Sæbø manglar no unge folk som vil satse framtida si på Sæbø og vil ta sin turn i grendalagsstyret. Her håpar vi at når nye tomter er på plass vil vi få unge folk og barnefamilier til å flytte til bygda.
Den som har anledning, meld frå til valnemda. Dette er svært viktigt! Det er heller ikkje allverden å være styremedlem i eit lag og det kan være svært givande og kjekt.

Ivar Svein Mo
Det er synd at ingen er villig å stille til val. Alle burde kunna ta sin turn og bruka litt tid på dette arbeidet i ein periode.
Skulle det ikkje lukkast å få nokon innan fristen, er mitt framlegg dette: Dei sitjande styremedlemene sit til årsmøtet 2010. Innan den tid er bygdemobiliseringsprosjektet over, slik at kanskje fleire då er klare til å engasjere seg i lokalmiljøet, med andre ord stille til val i Sæbø grendalag.

Kari Hame