Dei to, Ivar Svein Mo frå Hjørundfjord bygdemobilisering og Kari Stokke frå Sæbø skulekorps tenkte nok at dei skulle få ein pengesum då dei for ei tid tilbake fekk  invitasjon til å møte i Aasentunet.  Invitasjonen var det SpareBank 1 Volda Ørsta som stod bak og det var m.a. det som vart kalla prosjektmidlar som skulle utdelast.  Likevel vart dei to svær glade då dei fekk vite kor stor summen var.

IMGP9483 kopi

Vidar Egset, SpareBank 1 Volda Ørsta sin "kulturminister, ønskte enkeltpersonar, lag og frivillige organisasjonar velkomen til Ivar Aasen-tunet.  Han ønskte velkomen til hornmusikk, kaker og ikkje minst: Store pengesummar.

I sin korte velkomsttale opplyste Vidar Egset i sparebanken at  ansvaret med å dele ut ulike stipend og gåvemidlar hadde han hatt i mange år - og forstod vi han rett tok han gjerne dette ansvaret i åra framover også. 

Og for den som måtte lure; Idar Egset sa også at SpareBank 1 Volda Ørsta slett ikkje hadde tenkt å slå seg saman med andre bankar.  Målet var framleis klart:  Det å vere ein sjølvstendig sparebank var nærast eit mål i seg sjølv og sparebanken skulle no spele ei viktig rolle i heile det som sparebanken no kallar Eiksundregionen.

IMGP9480 (Large)

SpareBank 1 Volda Ørsta støttar det lokale kulturlivet - som t.d. Volda Hornmusikk.

Og det kom meir frå Idar Egset:

Kvart år deler Sparebanken ut gåver til allmennyttige føremål. Den årlege utdelinga til ulike lokale prosjekt vert sett som eit utbytte til lokalsamfunnet, og det passar godt inn i banken sin visjon om å vere ein synleg pådrivar i utviklinga av regionen.
For å syne at det ikkje berre var tome ord sparebanken og Vidar Egset kom med, hadde han og dei andre i sparebanken med seg heile sju millionar kroner til utdeling og 2,8 millionar av desse - det som vert kalla prosjektmidlar - vart delte ut torsdagskvelden.
IMGP9499 kopi
Om personane på dette fotoet er glade?  Sjølvsagt, dei representerte nemleg lag og organisasjonar i Volda og Ørsta som fekk heile kr. 2,8 millionar i prosjektmidlar frå SpareBank 1 Volda Ørsta.
Hjørundfjord bygdemobilisering v/Ivar Svein Mo fekk heile kr. 50.000,-.  Ivar Svein veit kva desse pengane skal gå til - dei skal nemleg brukast til det som skal verte eit flott uteområde,  nærast ein park, på sjøsida av Hjørundfjordheimen på Sæbø. Dette grøntområdet skal vere mellom Sagafjord Hotell og Lissjeelva.
Til hjorundfjord.no seier Ivar Svein at målet er at dette området skal vere ferdig allereie til sommaren - og kanskje kan mykje vere gjort allereie til Hjørundfjorddagane?
Sæbø skulekorps v/Kari Stokke og Fredrik Johan fekk kroner 25.000,-. Også Kari veit kva desse pengane skal gå til - nemleg aspirantopplæring i Sæbø skulekorps gjennom kulturskulen i Ørsta.  
Til hjorundfjord.no seier Kari at det kostar å drive aspirantopplæring.  Kvart instrument kostar kanskje kroner 5000,- i gjennomsnitt.  I tillegg kostar det no kr. 2600 å ha eit barn i kulturskulen i eitt år.  Kari kan sjølvsagt ikkje love noko sikkert, men ho vonar at skulekorpset kan vere med på å betale ein del av denne kostnaden - altså ein del av eigenandelen i kulturskulen.
IMGP9503 kopi 2
Her ser vi frå venstre Ivar Svein Mo frå Hjørundfjord bygdemobilisering, Kari Stokke og sonen Fredrik Johan frå Sæbø skulekorps og marknadssjef i SpareBank 1 Volda Ørsta, Lillian Breivik.
Ørsta og Volda Ballettskule v/Synnøve Rekkedal Hill fekk også kr. 25.000,-.    Desse pengane skal gå til nye kostymer, eller meir konkret;  kostymer til framføringa av "Nøtteknekkeren".  Denne framsyninga kjem til neste år.
Og for å understreke det igjen:  Alle desse fire representantane for dei allmennyttige organisasjonane er svært glade og takksame for denne gåva frå SpareBank 1 Volda Ørsta.