Riksvegen.

For det fyrste, dersom fergekaia vert flytta bort til sjukeheimen, vil riksveg 655 ende der. Dette får svært alvorlege konsekvensar for utviklinga i Sæbø sentrum, det kjem ikkje til å skje noko opprusting i sentrum.

Statens vegvesen har då ikkje ansvar for sentrum, det vert Ørsta kommune sitt område på linje med andre kommunale område og vegar.

Ørsta kommune har ikkje midlar til å sette inn i opprusting av Sæbø, Ørsta kommune vil i mange år framover ha nok med dei LOVPÅLAGDE OPPGÅVENE SINE.

Der er ikkje avsett midlar til oppussing av Sæbø sentrum i økonomiplanen til kommuna, så vidt eg veit.

Statens vegvesen vil flytte fergakaia, dei vil heilt sikkert rydde opp etter seg, men dei vil ikkje ha ansvar for området på land.

Dette MÅ alle som no vil ha ferga flytta tenkje over, vil de ha opprusting av sentrum i Sæbø?

Statens vegvesen har fått bygningsprisar for vegane sine, eg har full tillit til at dei kjem til å gjere området i sentrum vakkert.

Tidsaspektet.

Andre grunnen til at eg meiner at fergekaia ikkje må flyttast, er at ein ny runde med regulering vil ta lang tid. Der er ingen garanti at midlane då er der. Det er no at Regjeringa løyver ekstra midlar på grunn av sysselsettingstiltak i samband med nedgongstider. Har de som ynskjer at kaia vert flytta, tenkt over konsekvensen av nettopp dette punktet. Det er no ein treng optimisme på Sæbø og i Hjørundfjorden, difor er det at arbeidet med kaia kjem i gong så SNART som mogeleg svært viktig. Vi må skape bulyst.

Dessutan har Bygdemobiliseringa greidd å skaffe midlar slik at ein vil alt i sommar få laga det fint til nedom sjukeheimen, la Statens vegvesen ta sjølve sentrumsdelen av Sæbø, det får ein til med reguleringa ein har idag. Sjå kor fint det har vorte alle stadar der Vegvesenet har laga miljøgate, slik kan det verte i Sæbø også.

Willehuset treng ikkje om å verte rive, det er ei perfekt naturleg innsnevring av vegen, nett slik Vegvesenet brukar å lage til for å demje farta til bilane.

20070326_0360

I mars 07 fekk Sæbø sentrum 350.000kroner frå Ørsta næringskontor for å utvikle næringsvirksomheit og til trivseltiltak. Det vart då utfylt masse frå småbåthamna til å bygge ny promenade og det vart plass til nye tomter. Kanten på promenaden går i dag utanfor toppen på gravemaskina. Skal dette arealet gravast oppatt og gjerast om til fergekaiområde?

 

Best bruk av knapt areal.

Tredje grunnen eg ser, er at vi treng arealet rundt sjukeheimen til parkeringsplass for tilsette og besøkande der. Ei fergekai i området vil ta mykje av parkeringa for å få plass til veg ned til ferga ( også store vogntok må med ferge ). Dessutan er det området alt for verdifullt til kai. Området kan nyttast til turisforemål, bustadar, osv...Hugs der er knapt om areal på Sæbø.

Flyttar ein kaia, vil det fine miljøet rundt lisjeelva verte øydelagt. Dessutan vil ein måtte rive opp prominaden som er laga pga  for dårleg grunn til fegekai. Skyssbåtkaia må flyttast. Arbeidet som alt er lagt ned der vil vere fånyttes.


Den gamle skyssbåtkaia vert riven mars07

Hausten 06 bevilga Ørsta kommunestyre ein halv milion til ny skyssbåtkai på Sæbø og bilde viser rivinga av den gamle utbrukte kaia. Den nye kaia har gjeve stor auke i transport av turistar og gjestar til serveringsplassane i bygda. Skal den nye kaia rivast etter berre to år i drift?

 

Langt til Ørsta for gjær.

Fjerde grunn;  handelstanden vil tene på at fergekaia kjem der den er regulert. Hugs det er langt til Ørsta for å kjøpe ein pakke gjær.

Femte grunn; liv i sentrum.

Legg om fartsfrensa til 30 km /t gjennom heile Sæbø. Ta fram att den gamle vóren, markert som litt oppheva fortau, så har ein også ein naturleg fartsdump.

Vil de som bur i Sæbø sentrum ha utvikling? Då må de gå for kaia der den er regulert idag.

 

Rekkedal 19.03.2009

Synnøve Rekkedal Hill