For over tre år sidan hadde vi eit folkemøte på Bondalen grendahus der folk frå store delar av Hjørundfjorden var samla. Det var snakk om eit par tre hundere menneske. Møte kravde at ei bygdeutvikling måtte til og bygdedyret måtte avlivast. Underteikna vart utnemnd som leiar. I mandatet mitt fekk eg til oppdrag å sette saman ei styringsgruppe som var representativ frå heile fjorden. Styret i Hjørundfjord bondelag fekk som oppgåve å godkjenne samansetninga i henhold til geografi, yrke og kjønnskvotering sidan det var MR.fylket/Landbruksdep. som gav midlane til bygdemobiliseringa. Eit år seinare kom Bjørke inn med tre representantar. Dei andre bygdene har vi ikkje lukkast å få med folk i styret.
Styringsgruppa har mandat til å arbeide med bygdeutvikling i Hjørundfjorden av folkemøte den 1.02.06. Mandatet varigheit er til 1.07.09, eller til eit nytt folkemøte bestemmer noko anna.
Folkemøte på Bondalen grendahus 1.02.06
Sæbø sentrum har vore ei hovudoppgåve.
Bygdemobiliseringa sine arbeidsgrupper har hatt mange arbeidsoppgåver og det er nedlagt fleire tusen arbeidstimar. Det store prosjektet som har tekje altfor mykje tid for oss, er utviklinga av Sæbø sentrum. Her har arbeidsgruppa fått tak i midlar og bidrege med utfylling og utviding av kommunale eigedom på Sæbø, i samband med utgravinga av hamna på Hustad. HB la til rette og gjekk inn med økonomisk midlar for å hjelpe grunneigarane å verte kvitt overskytande masse.
Lisje-elva sept.06 mot Stokkehuset | Området nedom Stormøllen og den gamle Skyssbåtkai sept.06 |
Det er dette nye "landet" på Sæbø, kritikken går mot HB for at vi har meiningar om korleis det skal nyttast. Her har vi fått midlar som vi er forplikta til nytte til dette formålet som næring- og tettstadsutvikling, og kan ikkje berre gå inn for ei omdisponering. Arbeidet som har vore gjort har vore meir enn å skaffe Sæbø ei ny fergekai som ein kan køyre fortast mogeleg til og frå. Det har heile tida handla om korleis vi skal få bruke det knappe arealet på Sæbø til å skaffe nye arbeidsplassar og trivsel slik vi får busetning og den eksisterande handel og overnatting kan verte styrka. For å spare areal har vi ynkst at vegen vert liggande der den er i dag, rundt Slettdalshjørnet. Vi har heile tida ellers arbeidd ut frå den gjeldande reguleringsplan med ferjekaia i Sandvika og ikkje fått noko direkte protest om noko anna frå fastbuande på Sæbø.
Eit overordna mål har heile tida vore:
· Utvikle eit livskraftige lokalsamfunn der folk trivast og ungdom finn ei attraktiv framtid. Ikkje minst skal vi skape interesse for entreprenørskap og nyetableringar på bygdene.
Ca. 20 menneske med Styringsgruppa(11) har brukt arbeidstid og fritid for å arbeide for eit betre Sæbø og at bygda skal ta grep om eiga utvikling. Dette har vore i nær dialog og møtevirksomheit ilag med Sæbø Grendalag.
Utfyllinga er no ferdig og repr. frå Sæbøgruppa, Sæbø grendalag er her på synfaring 07.06.07
Fortjener HB denne kritikken som no er komen?
Som ein beskrivelse på arbeidet og standpunktet vårt har det vorte brukt ord som "steikjandes sjølvgode" og mistenkeleggjering av målet til HB osv. Ein må då lure på kvar er folkeskikken i dette? Desse personane som har jobba med å skaffe midlar og å skrive brev til det offentlege, fortjener respekt og ei betre behandling av folk. Dette er personar som ikkje har personleg vinning i Sæbø, men brenn for at vi skal få ei positiv folketalsutvikling i Hjørundfjorden. Sæbø er viktigt for heile fjorden er signala vi får frå grendalaga rundt fjorden. Eit tankekors er at HB har skaffa Hjørundfjorden ein heilt spesiell kommunikasjonskanal gjennom portalen, som nettopp var meint til samhandling og dialog, men no virkar mot sin hensikt. Ein ser også at kritikarane er folk som ikkje har vore villige i å delta i bygdemobiliseringa, men kjem på bana no når det er kanskje råd å få til noko, for å ivareta sine private interesse.
Kom på bana de unge og ta styringa!
Til de to unge, Alexander og Magne som etterlyser i kommentar at ungdommen må bestemme, så var det eit positivt signal vi har venta på. Det er heilt klart at de er dokke unge som skal ha ei sterk og god hand på roret når framtida til Sæbø skal avgjerast. Og å legge område mellom Sjukeheimen og Sæbø sentrum i asfalt er, etter HB sitt syn, uheldigt for uviklinga av Sæbø og her er det viktigt at alle forstår kva det betyr. Etter slik vi forstår det no, så er plasseringa av ferjekaia avgjort og trekt lenger mot Sæbø og den blir snudd mot Lekneset, og dermed ligg propellvatnet omlag der det er i dag. Dette vil gje ei betring i dagens forhold til Sandvika og badestranda. Ferja vil også kome inn mot kaia frå ei annan retning.
At vi skal bevare bebyggelsen i Sandvika er det vel ingen som har noko i mot, men vi kan ikkje sjå at dette skulle ha noko vesentleg betydning for ei plassering av ny kai. Om Willehuset vert regulert vekk er ei sak som må takast når vegen til Sæbøneset skal fullførast og trafikken har ikkje noko med ny kai å gjere, men trafrikkutviklinga frå/til Sæbøneset og Flatneset. Ei plassering av ferjekaia utover i Sandvika vil også styrke bakeriet og moglegheita for å få til næringsvirksomheit i lokala i bankbygget.
Når det gjeld plasseringa av vegen rundt Slettdalshjørnet eller nedom med Sjukeheimen, vert det ikkje avgjort før Vegvesenet og Ørsta kommune har lagt dette fram og behandla det som ei reguleringsendring. Saksgangen her veit ikkje kommuna og svare på no, før Vegvesenet har sagt sitt, men folk skal høyrast og vil få orientering har Vegvesenet lova. Ein kan då lure på kva som er hensikta med å heile tida framheve at Bautaen og Prestehagen vert øydelagt. Dette er etter vårt syn ein hersketeknikk og ei kynisk måte å manipulere følelsane til folk. Når ein vegprofil er klar vil alle være godt orientert over konsekvensane før det vert vedteke på kommunalt nivå. HB vil på det sterkaste ta oppatt at vi ikkje ynskjer noko flytting av Bautaen. Dette var innteikna på visjonen vår for å lage ein konstruktiv debatt, men når vi forstod kva det betydde for folk, så trekte vi det tilbake.
Kommuna og HB har brukt mykje tid på å få fram den lova profilen som skal teiknast av Vegsenet sin planleggjar, men den er endå ikkje komen. HB har ikkje tekje stilling til om vegen skal være her eller der før vi få sjå konsekvensane, men for å spare på Lisje-elva og område der, så er fyrste ynskje frå oss ei løysning rundt S.hjørnet. Skulle vegen verte lagt nedom, så må vegen flyttast slik parkeringsplassane vert sparde mest mogleg ved Sjukeheimen. Dette skulle ein tru var noko alle ynskte! Ingen kunne vel vente at HB skulle snu rundt og legge alle planer tilsides når det brått vart nemnd at ferjekaia skulle leggast på Øyrane? Dette er tre års viktigt arbeid for HB i sentrumsutviklinga. Men kvar vegen skal ligge er noko som vert avgjort etter HB si tid og det står att å sjå kva kommuna vel å gjere.
Etter underskriftskampanje og kraftig kritikk mot HB frå Sæbø, og påstandar om at Bygdemobiliseringa har fleirtalet imot seg, vil nok føre til at aktiviteten frå oss vert sterkt redusert. I samtale med Teknisk sjef i Ø. kommune sist fredag, må nok alt arbeid med Lisje-elva og ferdiggjering på Sæbøsida leggast stilt, til plasseringa av riksvegen er bestemt. HB vil då konsentrere slutt-arbeidet og midlar tenkt til Sæbø, fram til slutt 1.07.09, om parken nedom Sjukeheimen, dersom Sæbø ynskjer det?
Med Hjørundfjord Bygdemobilisering forsvinn eit kontaktorgan som har opparbeidd seg ein solid kompetanse.
I desse tider når tiltakspakken vert utdelt av Staten, ville HB være eit solid kontaktorgan for å skaffe midlar til Sæbø og Hjørundfjorden. Møre og Romsdal fylke og Mat og Landbruksdepertamentet er vår øverste støtte når det gjeld utvikling av bygdenorge. Eit grendalag vil ikkje ha same kontaktnettet ved bygdeutvikling og ei ny bygdemobilisering vert ikkje aktuell på lang tid framover, er beskjeden vi får frå fylket.
Den nye skyssbåtkaia har vorte til stor nytte for bygda, og om sommaren ligg der ofte to skyssbåtar. Dato 07.06.07
HB beklager den utviklinga arbeidet på Sæbø har teke og samtidig beklager vi over for andre bygder i Hjørundfjorden at vi har brukt opp tida vår til sentrumsutvikling på Sæbø på bekostning av andre viktige tiltak.
Men framtida ligg i ungdommen og vi vil på det sterkaste kome med ein apell:
Ungdommar- Overlat ikkje dette til dei over "60" og feriefolk å få bestemme dette viktige valet! Det handlar om Sæbø skal verte ein tettstad med liv og røre eller i motsett fall kan det verte eit asfaltbelagd ferjeleie.
Er det behov for eit ungdomsmøte der vi diskuterer dette, så ta kontakt. De sjølve bestemmer aldersgrupper og kva som skal til. Vi held hus og noko attåt. Vi kan gjerne stiller med nokon frå kommuna.
Dei som ynskjer det er velkomne å delta i bygdemobiliseringsarbeidet og Sæbøgruppa treng nye folk. HB vert sentrale når Landbruksminister Brekk kjem på besøk til Hjørundfjorddagane. Ei ungdommeleg avslutning på bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden ville være fint å kunne vise fram til statsråden og hans fylgje!
Vi ser fram til å ta med Statsråd Brekk til Rise og vise fram ein av dei to store og effektive fellesfjøsane som bygda har fått det siste året.
Ivar Svein Mo – leiar
Kommentarar
Som du skriv er det allereie ein diskusjon kring føringa av vegen, nedanfor Mjøllageret eller rundt Slettedalshjørnet. Er det ikkje då naturleg uansett å legge arbeidet med opprusting av området kring Lisjeelva på is, sjølv om det skulle være endeleg avklara at ferjekaia skal ligge i Sandvika?
Er ikkje vegføringa gjennom sentrum ein del av heilskapen og noko ein må ha eit klart svar på korleis ein ser løyst før den einskilde kan ta stilling til om ein ynskjer at ferjekaia skal ligge i Sandvika?
At vegen kring Slettedalshjørnet slik den ligg i dag er trafikkfarleg trur eg ingen er ueinige i. Her må noko gjerast. At HB ikkje ynskjer at Bautaen skal flyttast er prisverdig men det står att å sjå om dette verkeleg let seg gjennomføre medan ein samtidig stettar krava til ein sikker riksveg. Er ikkje dette noko ein burde fått svar på før ein inntek eit so bastant standpunkt (gjeld forøvrig begge sider i denne debatten)?
At ferjepropellen uansett ikkje kjem nærare badestranda enn i dag lovar godt. Det vart tidlegare nevnt bårene frå ferja men eg vil understreke at det ikkje er desse som er hovedproblemet som eg ser det. Vi har vel alle sett, spesielt dei siste åra med den nye ferja på plass, korleis støttemuren ved ferjakaia har sokke lenger og lenger ned. Orsaken til dette er truleg at dei kraftige understraumane som ferja lagar sakte men sikkert grev ut sandfundamentet under kaia. Kring ei ferjekai kan dette løysast med skikkeleg fundamentering men ein kan ikkje sikre fundamentet til ei badestrand, eller utfaret til eit naust, på same vis. Det eg og mange med meg er redde for er altså ikkje større bårer på overflata men at badestranda etterkvart vil bli heilt 'undergravd' og forsvinne på sjøen.
-Men i ei sak der det er delt folkemeining på kva løysing som er den rette , vil nok denne nemnda for Sæbø (Sæbøgruppa) berre verte oppfatta som ein av partane i saka . Det reknar eg med ville verte det samme dersom Sæbøgruppa var oppnemnd som ei kommunal nemnd , den ville likevel bestå av frivillege folkevalde personar.Og ikkje vere til slik enorm belastning for enkelte (som meg), når utgangspunktet er ei fagforeining for bønder.
-Det forstår eg godt, kan ikkje være lett med slike motstandarar.
Det er nesten komisk- Vi har same mål i vårt engasjement- Det beste for Sæbø sentrum. Eg trur eg skal tore å seie: Vårt forslag vil flytte fergekaia ca. 60 meter og innerst inne veit alle at ingen butikk går konkurs av dette !
Eg meiner : skal HB gjere jobben sin -bør dei lytte til oss også- ikkje berre seg sjølv.
Per Stein Straume
Alle søknader etter midlar vart knytt til reguleringsplanen. Likeeins alle planlagde og gjennomførde tiltak. Sjølv om enkelte av oss i gruppa ikkje er like samd i alle momenta i den. Vi har bygd nytt land, bygd ny kommunekai til hurtigbåt og Ålesundsbåt og laga ein flott strandpromenade på begge sider av Lisjelva. Vi arbeider med ny bru over Lisjeelva, også den etter vegløysinga etter reguleringsplanen. No manglar vi stort sett berre jord og grønt så er dette området ferdig.
Så snudde vi kalenderen til 2009 og såg at dei tre arbeidsåra snart var over. Samstundes vart det krise i Norge og staten leita etter ferdige prosjekt som dei kunne bruke midlar på for å halde sysselsettinga oppe. Vegvesenet tenkte kanskje: Sæbø, kva med ferjekaia der? Iallfall sende dei brev til kommunen og spurde om planane var klare viss her kom nye pengar frå regjeringa?
Då kjem innlegget på portalen: lat oss omregulere og flytte hurtigbåten og ferjekaia. Arbeidet som er gjort dei siste tre åra endrar vi på, vi vil ha det annleis!
Debatten starta brått, men vart fort om korleis vi i HB kommuniserer og ikkje om argumenta våre.
Eg tenkjer, kor synd de ikkje kom til HB, Sæbøgruppa eller Sæbø grendalag med dette engasjementet, tankane og argumenta mykje tidlegare i prosessen. For meg er det i seinaste laget. Eg har likevel lytta til argumenta dykkar, tenkt og vurdert, og kome fram til at eg ikkje er samde med dykk.
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=588
Innlegg av Bjarne Hustadnes 22.02. 2008
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1549
HB har nok gjort noko feil: -trudd dei har blankofullmakt til alle meiningar på bygda si vegne
- ikkje hatt dialog med folket.
No har eg derimot lest det meste om saka og lurer spesiellt på når var det folkemøtet om saka som vart nærast annonsert 21.12. 2006.? (om dette møtet har funne stad - er det ikkje referert her på portalen.)
Eg har lært dette: engasjement er bra- men kun om du er einig med HB.
Og til slutt- vegvesenet har ikkje kome langt i planlegginga. Lat oss få sjå planane/skissene - kor mykje skal fyllast ut?- kvar ligg kaia ? miljøgata ? etc.
Frå engasjert tilhengar av openheit
Per Stein Straume
Men kar kaia er og blir, det bryr eg meg innerst inne lite om.
Eg er gjerne med på et møte der vi som er yngre kan komme med våra sine synspunkt, men da er det viktig at eg får med meg fleire so ikkje berre mine synspunkt blir lagt til grunn
Poenget vårt er at vi alltid har møtt dei same argumenta, ikkje mas om reguleringsplanen. Då kjem det til å gå år før vi får ny ferjekai. Vi meinar at riksvegen skal gå til sentrum – ikkje gjennom. Og vi trur at butikkane får meir handel om ferjekøa står like ved butikkane. Vi trur også at dei nydelege aniskringlene og hjørundfjordbrødet kjem til å selje like godt, sjølv med ny ferjekai på Sæbøøyrane!
Det er dessuten ingen som har kommentert dei opplysningane eg hadde under her... Eg har stor tru på å prøve å trekke køa/kaia lenger ifrå Sandvika. Dette trur eg også vil styrke butikk-argumentasjonen samt skape litt meir fred på Sæbø...
Den siste tiden har HB`s rolle endret seg. Endringen er deres sterke føringer for hva som er riktig vei å gå. Etter min oppfatning er dette føringer som legger en demper på folkemeningen, der folkemeningen burde få råde fritt i alle fora,uten å møte forventninger fra HB om å innrette seg etter deres oppfatning av en god løsning. Hb burde istedet tone ned egne synspunkt å la folkemeningen få myldre med respekt for andre synspunkter, og behandle dem deretter, som et av mange forslag og meningsytringer som er synonymt med mobiliseringsarbeid. Vi har alle en aksje i dette arbeidet, - husk at dette er statlige midler.
Kursendringen til HB har tatt form av styring ovenfra og ned, nært beslektet med politikk. Mobiliseringsarbeide foregår motsatt vei, nedenfra og opp.
Et eksempel på dette er apellen fra Ivar Svein til ungdommen, der han i samme artikkel har lagt føringene om hva ungdommen bør gå for.
Ellers så ser jeg at han ikke ønsker de over 60år og feriefolk sine ytringer. Dette bekrefter styringstankegangen, som vel ikke hører hjemme her?
Ungdommen kan lære av de som er eldre, også de over 60år?
Ivar Svein mener selvsagt at for få unge tar del i debatten, at det er problematisk at vi/de over 60 legger premissene og dermed tar avgjørelsene.
Den ene aldersgruppe utelukker selvsagt ikke den andre.
Leser en HB sin leiar sitt innlegg, og Hilde M. sin kommentar, må en då forstå at denne saka ikke er vurdert og foreslått etter "innfallsmetoden."
Etter mitt ringe skjønn i alle fall, er omsynstagen i alle retninger ivaretatt.
Jeg skal ikke stikke under en stol at jeg går inn for nytt fergeleie omtrent der
det no ligger. Av grunner som HB viser til.
La strandpromenaden ligge ventende på alt annet enn asfalt!
Med soveromet i "Stokke-huset" mot noværende riksvei rundt Slettedalshjørnet er veien å akseptere, men en event. vei-trase klint sør for blokka som skissert av Myklebust som ledd i en ny
reguleringsplan vil føre til
protest/anke/trenering.
Sæbø og nytt feergeleie har ikke tid til å vente.
Bygg nytt ferge-leie i samsvar med reguleringsplan og "den tause majoritets" ønske!
Hilsen Helge Strand
f.t Brosundet Ålesund.
http://www.tinyurl.com/reguleringsplan
Denne planen er det nok ikkje eg som har vedteke, om so hadde vore ville den nok sett noko annleis ut.... :-)
En plan som var ei forutsetning for at Sæbø Bygg A/S fikk bygge leiligheter i Stokke-huset. Som gjorde at undertegnede med flere kjøpte leiligheter i komplekset.
Den nye riksveitraseen skulle gå ned ved sjukeheimen og videre mot sentrum.
HB vurderer det slik at den noværende vei-traseen rundt Slettedalshjørnet er å foretrekke. Som jeg personlig no ikke vil protester imot, tvertimot bifalle.
Men dine Myklebust sine forslag er vel å legge en ny riksveitrase
P.S
Beklager at jeg kom til å trykke på feil knast!
http://www.hjorundfjord.no/grafikk/artiklar/bilde4.jpg
Grunnen til at vegen her ligg relativt nære husveggen din (ca. 16 m. frå senterlinje på veg til husvegg) er eit ynskje om å spare Lisjeelva. OM nyekaia vert liggande i dette området kan sjølvsagt dette justerast ettersom kor værneverdig ein tykkjer denne elva er.
Eg skal fortelje deg om Lisj-elva. Så spør meg!
For å stadfeste det eg veit har eg fått ein påliteleg mann sine mål.
Mellom Stokkehuset (Bl.a min eigedom) og elva er det 10 meter. Her foreslå altså du å legge den nye riksveitraseen.
Det er grunnen til at eg spør om løgnaktigheit...
Eg har til hensikt å ivareta mine interesser. Som du freister, antek eg.
Desse karta viser ei avstand frå midten av Lisjeelva til husveggen din på 14,6 meter øvst ved riksvegen.
Som du ser på denne skissa
http://www.hjorundfjord.no/grafikk/artiklar/bilde4.jpg
har eg her lagt øvste del av Lisjeelva i røyr for å kunne lage endå større avstand til Stokkehuset. Dette gjev ei totalavstand frå senter på nyevegen til husveggen din på ca. 16 meter.
Men som sagt, dette er berre skisser og forslag og sjølvsagt må dette teiknast på skikkeleg vis av profesjonelle, på same vis som dei andre forslaga for veg gjennom sentrum, før ein kan ta endeleg stilling til kva som er best for Sæbø.