Er du europeisk eller amerikansk euro-/dollarturist får du kanskje Jørgen Halse til å sele på merra og frakte deg fram til parkeringsplassen ved enden av skogsbilvegen. Jørgen er i alle høve ein hyggeleg kar og seier nok ja om du har tenkt deg på Liahornet og lurer på om du får parkere bilen nesten i tunet hans.

IMGP9296 (Large) IMGP9300 kopi

Jørgen (Halse) selar her på merra og køyrer frametter dalen til parkringsplassen ved enden av skogsbilvegen.  Visste du at frå denne parkeringsplassen kan du sjå i - nei, ikkje sju, men åtte prestegjeld?

Målet for dagen var altså Liahornet og Liadalssetra er eit godt utgangspunkt. Les "Skiturar i Sunnmørsalpane" side 144. Ta av frå E 39 ved skiltet "Halse" rett før du kjem til Liadalen (frå Ørsta), køyr opp til den framste garden og der møter du kanskje Jørgen og merra.  Etter ein hyggeleg prat med han kan du parkere og gå- evt. køyre framover skogsbilvegen til parkeringsplassen. Følg så skilta til Liadalssetra.

Kvifor Liahornet?  Sjå foto under.  I tillegg hadde vi eit håp om å få oss ein fin fjelltur før uvêret som var varsla på yr.no frå klokka 12 - 13, slo til.  Liahornet er nemleg ikkje så høgt, men har likevel ei flott nedkøyring - heilt ned til setra.

_MG_1051 Liahornet-28.2.09 008

På foto til venstre er underskrivne på veg ned frå Saudehornet(arkivfoto). Det var her eg oppdaga den flotte sida ned frå Liahornet - fjellet i bakgrunnen.  På foto til høgre har vi kome fram til  Liadalssetra. På foto ser vi Odd Erik Hovden, Vegard Flø, Ronny Haugen og underskrivne.  Fotograf er Olav Haugen.

Prestegjeld er nemnt.  Når skredfaren er overhengande kan det sjølvsagt vere klokt å tenkje på slikt, men denne dagen  var nok ikkje faren for snøskred stor.  I det heile var vi nok overraska over at det ikkje var meir snø i fjellet her, men det kan nok kome av av dette fjellområdet er plassert nær havlufta.  Likevel, det skulle vise seg at eit hardt underlag kombinert med eit ca. 20 cm laussnølag skulle gje full valuta for det eventuelles strevet med å kome seg til topps.

Ingen av oss hadde vore på toppen før, men vi hadde lest vår "bibel", dvs. den nemnde boka. Vi gjekk opp gjennom det heller opne skogspartiet til det som vert kalla Skåla - kanskje kom vi opp vel langt til høgre og var vel såleis nærarer det andre fjellet i området - Grøthornet, men det vart likevel Liahornet.  Om vêret er betre enn denne dagen kan ein nok nå begge desse fjella på same tur utan store problem.

IMGP9308 kopi IMGP9313 kopi

Først opp gjennom eit ope skogsparti opp til Skåla.  På foto til høgre nærmar vi oss det området som vert kalla Vardane. På foto til høgre er det Odd Erik Hovden - sjølvsagt son til juletremannen Eilert - som er nærast.

Det var visst i dette området høgskulelektor Ola Einang trena før Mount Everest-ekspedisjonen i 85. Truleg brukte han då ikkje like lang tid som vi brukte for å nå toppen denne dagen.  Det varsla uvêret hadde nemleg nådd Liahornet lenge før oss.  Dermed vart vi snytt for det som skal vere ei flott utsikt m.a. utover mot øyane.

IMGP9314 kopi

Yr.no heldt det dei lova.  Her ser vi utsikta nedover mot Vardane og vidare innover Ørstafjorden.  Utsikta utover mot øyane var minst like god...

Hellinga opp mot Vardane og Liahorneter på det brattaste opp mot 35 grader, men mesteparten av sida er mindre bratt.  M.a.o. ideell for ei avslappande nedkøyring.  Som vanleg er når vêret viser seg frå denne sida, er det berre det som må gjerast som vert gjort og det i eit raskt tempo.  Diverre innser eg at skifelle-samanbrett-kurset-i-sterk-storm til Svein Myhre må repeterast på nytt ved første høve.

280220091402 kopi

Underskrivne, i kvit hjelm, må trene meir på Svein Myhre sitt skifelle-samanbrett-kurset-i-sterk-storm.  Mobilfoto: Vegard Flø.

Eg har allereie nemnt at underlaget var perfekt for ei fantastisk nedkøyring, men sikta var svært dårleg.  Av naturlege årsaker vart det lite fotografering i toppområdet - ok, eit bevis på at toppen vart nådd ligg under

IMGP9319 (Large)

Ikkje snakk om matpause her, nei.

Igjen - lysforholda var slett ikkje gode til fotografering.  Snøbygene gjorde ikkje situasjonen betre.  Og om nokon skulle lure - eg har allereie gitt lovord til Vegard for fargerike klede.  Mykje kjekkare å fotografere i fargar framfor svart/kvitt. Sjølv om eg no har fått meg randonneutstyr prioriterer eg framleis å fotografere telemarkkøyring.  Ikkje veit eg om stilen er mest effektiv med omsyn til fart, men Vegard er ein elegant telemarkkøyrar.  Sjå og lær av serien under.  Klikkar du på kvart enkelt foto, for du dei i stor utgåve.

IMGP9331 kopi IMGP9332 kopi

IMGP9333 kopi IMGP9334 kopi

IMGP9335 kopi 2

Ser du ut som om denne Herren lir på grunn av dritvêr?

Så senior Haugen - Olav.

IMGP9320 kopi IMGP9340 kopi

Slik koz likar visst mannfolk også.

IMGP9347 kopi IMGP9343 kopi

IMGP9350 kopi

Og på dei tre fotoa over er det Haugen jr. - Ronny.

IMGP9352 kopi

Og her kjem juletresonen frå Hovdebygda - Odd Erik, mannen som veit skilnad på Picea abies og pinus sylvestris.

Det gjeld å vere merksam på evt. stein som kan stikke opp av snøen i sida ned frå Liahornet, men å kalle steinen eit problem vil vere sterkt å overdrive.  Og ikkje nok med denne flotte sida ned til Skåla.  Det opne skogpartiet nesten heilt ned til setra var også ei stor glede.  Berre sjå under.

IMGP9355 kopi

Denne karen heiter fortsatt Olav med Haugen til etternamn.

IMGP9357 kopi

Så er det Vegard sin tur igjen

IMGP9360 kopi

Vegard har ikkje berre rett farge på kleda.  Stilen er også god.

Om denne turen kan tilrådast? Absolutt.

IMGP9366 (Large)

Og Olav(t.v.), Ronny, Odd Erik og Vegard var alle samde om at det var ein flott tur.

Og det var skrivaren også...