Søndagens kamp var ein kamp jentene måtte vinne for å avansere til 3. div. Litt nærvøse kanskje..
Kampen starta med eit raskt mål til Haram der Haram hadde føringa i førsta halvdel av første omgang. Etterkvart som Sæbø/Åmdal-jentene fekk nervane under kontroll halte dei innpå og resten av omgangen brukte jentene til å hente inn leiinga til Haram.
Haram prøvar å lure oss og klarar det nesten..
Haramspelarane var store, sterke og eldre enn oss men vi er ikkje heilt hjelpelause vi heller..
Karoline, Tiril, Sara, Else Marie og Rebekka i forsvar.
Liv Grete har snappa ballen og startar opphentinga..
og lobbar over målvakta..
Etter ein spennande siste halvdel av første omgang kunne jentene gå til pause med leiinga 15-13 og ein fot i 3.divisjon!
Andre omgang starta jevnt men vart aldri spennande. Jentene spelte kjempegodt både i forsvar og i angrep, mange fine pasningar med fint samspel og flotte enkeltprestasjonar vart viste fram.
Og ikkje minst hadde Rebekka ein kjempegod kamp i mål!
Malene i farta!
Liv Grete skårar!
Elisabeth finn nettmaskane!
Kathrine.
Else Marie
Torill hadde mange fine rush som gav resultat!
Liv Grete er i farta igjen men
Sluttresultatet vart:
55 eller 35-27.. Tavla i Ørstahallen er som ei gåte, men det er ingen tvil, dommarane og sekreteriatet har gjordt jobben sin.
Vi vann 35-27 og er klare for opprykk!
Desse var med på kampen mot Haram:
Rebekka Stokke, Monica Krøvel, Liv Grete Stokke (6 mål), Tiril Holen (2), Malene Aambakk (11), Torill Haugen Øye (4), Anette Mork (4), Sara Årseth, Else Marie Stokke (3), Elisabeth Melle (1), Karoline Stokke (1), Elisabeth Brekke, Sunniva Aarseth (3) og Kathrine Brekke.
Takk for kampen!
Mange hadde funne vegen til Ørsahallen, publikum er vikig!
Med opprykk til 3. divisjon fylgjer mange utfordringar som vi forhåpentlegvis greier å løyse. Vi er iallefall klar til innsats!
Kommentarar
Elisabeth Å Dimmen (Sæbøfans)