J16 spelte i kveld sin 12. kamp for sesongen. Jentene har vunne 10 kampar, spelt 1 uavgjordt og tapt 1 og leiar dermed pulja si  to poeng framfor Aksla som har to kampar meir spelt.

Jentene har tidlegare tapt ein kamp og det var mot nettopp Volda.
Vi visste før kampen at det ville bli satt frimerke på Malene og jentene hadde tydeleg prestasjonsangst..

mot Volda 2

Kathrine, Else Marie og Nina kjempa godt i forsvar. Rebekka redda to straffer og hadde ellers 13 flotte redningar!

Første omgang var berre rot. Absolutt ingenting fungerte og Volda rykte frå. Berre målvaktene var bra..
Pauseresultatet var 7- 11 og det såg svart ut..

Andre omgang starta med eit raskt mål av Malene og dermed var kampen i gang!
Det var som om det var eit anna lag som kom på bana og jentene spelte godt.
Flotte avslutningar og godt forsvar + ei Malene som "reiv seg laus" gang på gang gav kampen ny energi.
Sluttresultatet vart 19- 15 og ny siger til jentene!
Rebekka hadde ein ny flott kamp i mål og må nok få mykje av æra for at det vart siger!

mot Volda 4

Time out for blide jenter som leiar kampen med 5 mål og to min. att  å spele!

 

mot Volda 6

Kathrine, Aina, Malene og Else Marie i forsvar.

mot Volda 1

Glade jenter etter å ha slått Volda! Håpar at respekta er borte no!!!

Stine

Jubelrop for Stine som har bursdag!

Desse var med på kampen mot Volda:
Rebekka Stokke, Monica Krøvel, Malene Aambakk (9), Else Marie Stokke (4), Tiril
Holen, Kathrine Brekke (2), Karen Ose Lid (1), Aina Opsal Bakke, Nina Hustad (3) og Ingeborg Aam.

Jentene spelte  kamp mot Ørsta søndag og også den kampen vart veldig rotete og jentene spelte ikkje opp mot sitt beste.
Likevel kunne dei gå av bana med siger 31-23!

Mot Ørsta var desse jentene med:

Monica Krøvel, Rebekka Stokke, Malene Aambakk (15), Else Marie Stokke (8), Kathrine Brekke, Tiril Holen (2), Karen Ose Lid (3), Aina Opsal Bakke, Kristina Y. Hovdenakk, Ingeborg aam, Hanne Stokke (3), og Nina Hustad.