Finnmarksløpet, Nord-Europas lengste hundesledeløp.

For det første:  Du må få med deg det som skjer under Europas lengste hundeløp, Finnmarksløpet, kvar kveld på NRK 2 klokka 2010.  Og la det vere sagt med ein gong:  Min favoritt er min tidlegare kollega Roger Dahl og pr. akkurat no ser det også ut til at det er han som er i føringa.  Den argaste konkurrenten hans er Nina Skramstad, den tidlegare sambuaren til Lars Monsen.  Men alt dette kan du lese mer om ved å klikka på finnmarkslopet.no.  I Finnmarksløpet er det to klasser - 500 km 8 - spann og 1000 km 14 - spann.  Nina og Roger deltek i den lengste klassa.

DSC_8194 kopi

Her ser vi mannen som gjerne vert kalla Mr. Finnmarksløpet - Roger Dahl.  Her er han under "sjarmørstarten" (Det er ein ny start litt lenger oppe) i Alta sentrum sist laurdag. Foto: Ole Johnny Myhrvold, finnmarkslopet.no

I eit topp moderne hundeløp har sjølvsagt deltakarane med seg GPS.  Du kan difor følgje deltakarane og sjå kven som er i føringa ved å klikke her.  Altaposten.no har også ei fyldig dekning av løpet og har også lagt ut diverse filmsnuttar.  Les meir - og sjå - ved å klikke her.  Du kan også sjå Roger, som den første, kom inn til Kirkenes i natt ved å klikke her.

Og kvifor skal hjorundfjord.no skrive om Finnmarksløpet?  Ja, sei det, men det skuldast nok at dette løpet kort og godt er eit fantastisk arrangement der mange, også frivillige, står bak (eg har også fått æra av å helse på eit par av dei) og som er svært så hyggelege å sende foto m.m. til hjorundfjord.no

Likevel, det viktigaste er nok at Roger og underteikna har vore kollegaer ved Alta lensmannskontor i 4 år.  Vi kom begge til Alta i 82 og vi vart raskt kameratar.  Etter den tid har eg late meg imponere stort over det han har fått til.  Eg skal kome tilbake med oppdateringar etter kvart.

Og ikkje minst:  Her i Hjørundfjorden har vi ein mann som kjenner godt til hundekøyring.  Namnet er Frode Holen.

OJM__JM_2096 kopi

Her er Roger Dahl på veg ut frå Neiden i dag, tirsdag. Foto: Ole Johnny Myhrvold, finnmarkslopet.no

Siste oppdatering:  Tirsdag klokka 2350.

Fekk du ikkje med deg kveldens sending på NRK2?: Klikk her

Klokka 2318:  Roger Dahl kjem som førstemann inn til Varangerbotn.

Roger Dahl

Roger Dahl - kort tid etter starten på laurdag.  Foto:  Magne Ek, Altaposten.

starten, alle foto Magne Ek

Nina Skramstad ut frå Start.  Nina ligg i gruppa rett bak Roger ved sjekkpunkt Sirbma - på veg mot Alta igjen.  Foto:  Magne Ek, Altaposten.

Onsdag 11.3.:

Stemningsfoto frå Varangerbotn, klikk her.

Klokka 0945:  Roger Dahl inn til Sirbma som førstemann.  Han køyrde nærast rett gjennom dette sjekkpunktet - tok seg berre tid til å skifte belegg på sleden. Sjekk posisjonane til deltakarane her.

Klokka 1520:  Roger Dahl kom  først inn til sjekkpunktet på Levajok, men berre fire minutt seinare kom Kjell Brennodden inn.  Dette vil seie at mellom dei to sjekkpunkta Sirbma og Levajok har Brennodden køyrt ca. 45 min raskare enn Roger.  Spørsmålet no er:  Kva vil Nina Skramstad gjere?  Ho er ikkje så langt bak dei to i teten og kanskje vil ho køyre rett gjennom Levajok utan å stoppe?

Klokka 1832 - damene tek over.  Kjell Brennodden køyrer først ut frå Levajok, men hundane vil kvile seg litt til og stoppar.  Dette utnyttar Inger-Marie Haaland - førstegangskøyrar - og køyrer rett gjennom Levajok og tek føringa.

Roger Dahl kviler lenger enn dei andre og ligg no på fjerdeplass - vel timen etter Haaland.

Torsdag 12.3.09:

Klokka 0059: Inger-Marie Haaland, førstegangskøyrar, kjem først inn til Karasjok og 8-timarskvilen.  Veteranen Kjell Brennodden(60) kjem inn berre ca. 5 minutt seinare.

Kva så med vår favoritt, Roger Dahl?  Han kom som nemnt først inn til Levajok, men på dette tidspunktet var det Kjell Brennodden som heldt størst fart. Men så kom Inger-Marie Haaland, køyrde forbi både Roger  og Kjell, og leiar no berre ca. 10 timar før målpassering i Alta.  Roger Dahl må enno vente ei tid før han får køyre ut frå Karasjok på grunn av den obligatoriske 8-timarsstoppen der. Men eg heiar framleis på Roger...

Klokka 0859:  Inger-Marie Haaland først ut frå Karasjok i det flotte vêret og aukar straks forspranget til Kjell Brennodden som igjen plagast med å få hundane i gang.

Klokka 1715:  Haaland kosar seg og aukar forspranget.  Berre eit alvorleg uhell kan nekte henne sigeren.  Målgang i Alta ca. klokka 1945 - midt under Dagsrevyen.  Sjå NRK2 klokka 2008.  Så langt ser det ut til at vår helt, Roger Dahl, vert nummer 4.

Klokka 1910: Inger-Marie Haaland er vinnar av Finnmarksløpet - 1000 km - 2009.  Ikkje berre er ho vinnar av dette løpet, men ho er også Noregsmeister og vinnar av ein snøscooter. 

IMG_5315cropped

Vinnaren Inger-Marie Haaland.  Foto:  Finnmarkslopet.no 

Kjell Brennodden tek seinare andreplassen, Trond Ørslien tek tredjeplassen og han som leia lenge - Roger Dahl, vår favoritt - tok fjerdeplassen.  Sjølvsagt må vi også ha med ein annan favoritt, Nina Skramstad, ho tok femteplassen.

Trond Ørslien (Large)

Trond Ørslien tok tredjeplassen og fekk ei flott hytte i premie - Saltdalshytta.  Foto:  Magne Ek, Altaposten.

Sjekk foto frå Finnmark Dagblad her.