Hugsar du den gongen Øyragata var gruslagt, utan aldersheim mot sjøen og ikkje fortau eller gangfelt? Gata er nesten ikkje til å kjenne att:
Bak husrekkja til venstre såg det slik ut:
Medan utsikta mot vest var slik:
Ein kan lære mykje av bilder frå ei svunnen tid. For meg er jonsokfeiring synonymt med Kapteinkvia. Men dukkar det ikkje opp eit bilde som viser at ein tidlegare feira jonsok i presteløda.:
Ja da, det var mykje meir folk i Hjørundfjorden før. Sjekk berre dette bildet frå Søndagsskulen i Sæbø:
Bildet er frå slutten av 50-talet, trur vi. Nokon som kjenner att seg sjølv eller andre?