Etter ein vinter med vedvarande skredfare og utan for mykje av det gode veiret, kom endeleg sjangsen til å få nytte telemarkskina. Riktig nok har det vorte nokre turar på dei meir slakkare og sentrumsnære toppane som Melshornet, Vallahornet og Sandhornet. Her blei endå til både fotty (Vallahornet under perioda med skaresnø) og langrennsski (Helgatun-Melshornet) teke i bruk som variasjon og erstatning for telemarskina. Men sist laurdag såg underteikna seg naudsynt med å bidra med litt stoff til portalen og tenkte det var på tide å «oppdage» nye områder som også han sjølv har hatt lite bekjentskap med.

På grunn av mangel på turkamerat, så var ikkje ambisjonane om nokon stor-topp så høge(sett frå den sikre sida), men heller finne seg ein topp med rolege og bedagelege former. Lenge har fjell som Levandehornet og Bergehornet virka freistande, men på grunn av at køyreavstanden ikkje skulle bli så altfor lang, og usikkerheit av kor stor skredfaren var falt altså valet på Hestefjellet, denne runde ryggjen(sett frå Liadal) som saman med Meraftafjellet/Tverrfjellet utgjer eit sentrum mellom Skorgedalen, Liadalsdalen og Risaskaret.

Ankomst: Ta av i av kjørsla frå E39 til Halse, så blir det å følgje vegen opp på høgda 1,2 km, for så å følgje traktorvegen vidare til vegen sin ende. Her er det ein stor snuplass, med bord og benkar som ein kan setje seg ned på og nyte den flotte utsikta utover Ørstafjorden. Eit skilt peikar nedover mot elva, der ein følgjer ein merka stil fram til Liadalssetra.

Eg batt skina på sekken og gjekk fredfullt innover skogen før landskapet ikkje så lenge etter opna seg og fleire hytter og sel kom til syne. Stadig fleire snøflekkar dukka også opp, og like etter setra kunne eg setje på meg skia og tusle meg sikk-sakk forbi einebuskene som klorte seg fast i mellom elvane og elvegjøla.

uskarpt

Det skal ikkje vere lett med sjølvutløysar... Ansiktsuttrykket til «fotografen» er samd. Betre hell seinare.

Fram mot Hestefjellet frå Liadalssetra

Innover mot Liadalsdalen med Hestefjellet sjult bak toppen like til høgre for midten av biletet. Flott dag med eit strålande føre.

I skibibelen til Hagen og Co, står der at det kan vere folksamt på toppen av Hestefjellet. Eg undra meg over desse orda, og på ein liten for-topp var det tina fram ein stein der det hang ei boks med ei bok oppi. Ikkje reint mindre undrande var eg etter å ha opna boka og fann berre 2 stakkarslege namn. Den eine personen hadde skreve seg inn i midten av februar den andre omlag ei veke før meg.

Så i eit kvitt-blått paradis blei eg vandrande innover dei kvite dynene i all einsemd, men koste meg ved tanken at der knapt var spor etter folk i fleire kilometers omkrins.

Kvite vidder

Her var det folksamt... Om du har godt auge kan ein sjå nokre steina på toppen heilt til venstre. Dette er toppen av Hestefjellet(?) og byrjinga av ein lang rygg som strekk seg nord-aust for Ørstamunnen

New panorama 4

Tverrfjellet/Meraftahornet til venstre, Vassdalstinden tornar opp bakerst og Saudehornet finn vi heilt til høgre. Ørsta-munnen er gøymd i gropa av skygge i midten.

På toppen blei det forsøk på nokre bilete med sjølvutløysar. Denne gang var fotografen fiks og sette opp ei ski og heldt fokus på den. Så var det å springe fram, kaste vekk skia og erstatte plassen til den. På denne måten blei resultatet i det minste ok. Kan vel også nemnast at med kun telelinse i sekken blei det også nokre meter å springe på dei ti sekunda...

Mej på Hestefjellet

Her ser vi endeleg fotografen/underteikna i skarpt modus med majesteten Vassdalstind i «skyggen» til høgre.

Kolåstinden, side pan

Kolåstinden 1432 moh tek seg flott ut frå Hestefjellet.

Spor

Dette biletet gir eg tittelen «Einsam».

Tree lines

Litt kunst er også viktig. Nokon som ser dimensjonane på biletet?

Lys

Igjen litt kunst.
Signatur

Så ein signatur som bevis på at Hestefjellet er eit fjell også for dei ikkje aller argaste skikøyrerane. Toppen har ein lett tilkomst og har triveleg terreng både for store og små.

Nipa

Ingen køyrer forbi Liadal utan å ta bilete av Liadalsnipa, eller berre «Nipa» som ho også vert kalla .

Som oppsumering kan ein sei at turen til Hestefjellet er triveleg, enkel og kan nåast lett frå Liadal. Frå enden av vegen blir det ca. 3-4 km ein veg, og ein må kanskje bere skina eit lite stykke om ein er på vårskitur. Frå toppen har ein god utsikt til dei meir dramatiske toppane som Saudehornet, Vassdalstinden og Kolåstinden, og terrenget passar for både liten og stor. Er du i tvil på føret, rasfaren eller i det heile er utmatta av ei lang arbeidsveke er turen til Hestefjellet noko for deg. Her finn du hvertfall roa!