Knut er gardbrukar og bur på Årsethaugen på Årset i Bondalen. Han er gift med Jane og på garden har borna Ann-Christin, Karoline og Jakob vakse opp.
Han har ein utruleg energi og uthaldenheit når det gjeld å skrive her med oss på portalen. Vi vil påstå at dei fleste av våre brukarar må kjenne namnet, for han har gledd mange med sine utrulege skildringar frå fjellturar i ord og bilde og ikkje minst nyheitsstoff og interessante artiklar.
Vi andre fastbuande i Ørsta kommune har også fått med jamne mellomrom lese hans innlegg i Møre Nytt, der han ikkje går av vegen for ta ein diskusjon med kven som helst.
Knut og familien er bortreist for dagen i dag, men vi har spora han opp på Rica Hell Hotell i Stjørdalen.
Frå Hjørundfjordportalen vil vi ynskje jubilanten lukke til med dagen, og vi ventar at alderen ikkje har gjort stor skade endå, slik vi fortsatt har ein frisk skribent i mange år framover.
Gratulerer
Kommentarar
av dagen hilsen Nutte og Daffa.
Hilsen fra Kari og Jørund.
Helsing frå oss i Larsagarden
stod i mot haglet frå portalen.
Med sin utrulege energi
kan han også gå på ski,
og eg vil ynskje han til lukke med dagen.
Gratulere så mykje med dei 50!
Helsing frå Skjåstaddalen.
Takk for fine artiklar og bilete her på portalen. Og ikkje minst fordi du tør rakrygga stå for saker du brenn for og som er viktige for Hjørundfjorden!
50 år er ingen alder !
Med ein journalist i magen du møter dagen
Rak i ryggen både på ski og med penn
Kamera og portalen er din følgesvenn
Berre skriv meir, du tåler rabalder.
Til lykke med dagen, heiderskar!
Mvh
Stå på!
Dette vart reint for mykje når eg no slo på pc-en og oppdaga kva som står her. Ein kan ikkje verte anna enn rørt av slikt noko.
Eg får berre seie det slik: Tusen takk til Hjørundfjordportalen/Ivar Svein Mo, Mari-Anne Bjørdal, Roy Lillebø, Pål-Inge Olsen(eg har køyrt gjennom Orkdal/Orkanger to gonger i helga..), Unn Frøland, Karin og Kåre Flatnes, Kjell-Johan Aarseth, Roy-Magne Mo, Synnøve Mo, Enok Kippersund, Alf Ole Aarseth, Paul Rønning, Hilde Muren & Co, Marit Riise Olsen, Helge Strand, Håvard Myklebust(på ski i helga?), Knut Riise & Co, Ann-Christing & Co (kjem snart heim no...) Kari og Jørund, Nutte og Daffa, Oddvar Olsen, Bjarne Hustadnes og Therese Lystad Holen. Og det skal de vite - eg set stor pris på dykk alle.
HELSING TURID RØNNNING
TRANDAL