Knappast til å tru

Det er knappast ein kan tru at det er sant. Nyleg har det frå Sykkylvshald vorte gjenteke og støtta kravet frå Norangsfjorden om å bygge tunnel Velledalen – Urke, og eit par veker seinare sit Ørsta formannskap og tenkjer vyer og vil i tillegg ha tunnel vidare frå Øye til Viddal. I møtet uttalar Wenche Volle (Frp) at vi ikkje må gløyme bygdene: ”Eit sterkt sentrum treng bygdene, og omvendt.”  Eg vel å tru at slike utspel er positivt meint. 

 IMGP1579ver2

I dette området må det satsast for å gi eit kjempetilbod for  turistar. Biletet er frå Skårasalen i retning nordaust. T.v. ser vi Trandal, t.h. Urke. I mellom ser vi Saksa, litt t.h. i sollys, og omkringliggande fjellområde på Råna-halvøya. (Foto: Ivar Svein Mo)

”Frende er frende verst”

Dersom ein vil arbeide for livskraftige lokalsamfunn, må ein ha som siktemål at folket skal trivast, unge må finne det attraktivt å bu der og det må skapast arbeidsplassar.  Det må vere brei semje om ei slik målsetting og det må vere vilje til å finne ut korleis ein kan oppnå målsettinga. Det er derfor trist når ordførar i nabobygda Stranda, Frank Sve (Frp), slaktar vegsamband mellom Velledalen og Urke, ein ide sykkylvingen Odd Jostein Drotningshaug (Sp) lanserte nyleg. ”Frende er frende verst”, seier eit gammalt ordtak.

Eg vil med dette utspelet lansere eit par viktige framtidsretta tiltak som ikkje har direkte samanheng med den aktuelle diskusjonen om vegprosjekta. Vegprosjekta er i seg sjølv svært viktige for Norangsfjorden og regionen utanfor. Det same kan eg seie gjeld for dei prosjekta som eg tek opp her. Ei realisering vil vere viktig for dei aktuelle bygdene, men vil i vid samanheng bety mykje for Sunnmørsregionen. Tiltaka bør kome for å fremje turisttrafikk (ei velkjend målformulering i kommunar) ved å gjere reisemåla attraktive for velkomne gjester.

 Dronninga sjølv. Foto Arild Stokke

”Queen Elisabeth 2” har gått sin siste tur på Hjørundfjorden, men utviklinga innan cruise aukar, og nye turistskip vil kome dersom gjestene får tilbod som varer lenger enn til neste dag. Toppane på Saksa ser vi rett over baugen på ”Dronninga”. (Foto: Arild Stokke)

Fjorden som reisemål

Norangsdalen og Øye har meir enn hundre år gammal tradisjon som reisemål. Naturen er den same i dag og bør framleis vere noko av det beste reisemålet i landet for naturopplevingar – ikkje berre for dei få og velståande, men og for vanlege folk. Hjørundfjorden er det viktigaste reisemålet som kan kombinere opplevingar av både dei ville Sunnmørs-alpane og av eit unikt fjordlandskap.

Hotellet på Øye legg planar for utvidingar og det er grunn til å sjå føre seg mange ti-år framover der turistar, ikkje minst frå sentrale europeiske land, vil oppsøkje reisemål som kan by på ro og eigenopplevingar utanom det som byar og sentrum kan tilby.

 Kart Saksabana og kaia siste ver

Her er kart over området der gondolheis til Saksa og djupvasskai er innteikna.

Fleire cruiseskip

Fjordlandskapet presenterer seg på beste måten frå sjøen: Med cruiseskip, hurtigruta, med ferja eller i eigen båt. Cruiseskipa har hatt Øye som reisemål sidan 1880-åra. Hurtigruta har ikkje sett Hjørundfjorden på sitt rutekart til no, men eg veit at det er ein diskusjon om å korte ned reisetida ved å legge om frå Geirangerturen til Hjørundfjorden. Særleg ville det bli attraktivt om ein kunne få legge skipet til kai.

Fleire reiseoperatørar har tilbod med mindre skyssbåtar innover fjorden sommarstid. Det vert og arbeid med å få i gang arbeidet med Hjørundfjord-stien, ein gangveg rundt heile fjorden litt ovanfor strandsona.

Dei store skipa har lenge sett passasjerane i land med eigne landgangsbåtar, men det vert jobba for å få etablert ein del djupvasskaier som kan ta mot dei største cruiseskipa. På Hellesylt er det alt utarbeidd eit prosjekt i denne leia. Meir overraskande er det at i Ørsta vert det jobba for å bygge djupvasskai for cruiseskip. Vi er mange som spør om kva tradisjonar og framtidsplanar ein ser med å invitere turistar på nok eit sentrumsbesøk, inkl. ”by”-vandring og kjøpesenter, t.d. i Ørsta.

Djupvasskai

Dersom ein skal få framgang for turistnæringa i fjordlandskapet, vil det bli behov for ei djupvasskai i det optimale reisemålet – i Hjørundfjord -  spesielt vil Norangsfjorden vere aktuell. Grunntilhøva og fjordbotnen gjer at Øye, etter mitt syn, ikkje har det ideelle tilhøva.  Derimot synest eg at forholda ligg langt betre til rette på Urke. Noverande kai kan utvidast ein del meter utover og dermed får ein tilstrekkeleg djupne. I tillegg trengst eit par pirar frå land vil gje nødvendig sidestøtte til dei største skipa.

 Urke kai i dag

Kaia på Urke ligg vakkert til og er lite brukt etter at fjordbåten til Ålesund vart innstilt. Ei småbåthamn t.v. skal flyttast til området ved elveosen. Slogen i bakgrunnen.(Foto: Eldrid Øye)

Med denne kaia som mottak for skipstrafikk, legg ein grunnlag for utflukter til Norangsdalen og Hellesylt/Geiranger. Heile området vil ha nytte av i djupvasskai. Mitt primære syn er at gjestene skal få eit opplevingsrikt besøk som gir varige minner, ikkje dusinvarer, utan at eg definerer det nærare.

Beste utsiktsplass

For å gi eit verkeleg minnerikt tilbod til turistane, ville eg satse på at eit besøk i Hjørundfjorden både skal ha i seg fjordlandsskapet og Sunnmørs-alpane. Det var fjella som var det første og sterkaste trekkplasteret då turisttrafikken tok til på midten av 1800-talet. Då var det klatrarane og turentusiastane som såg verdien av fjell-landskapet. Dei har framleis same tilboda i fjella i dag og trafikken på dei attraktive vandrarmåla er sterkt aukande. Det skulle vere nok å nemne Slogen.

Utsikt frå Saksa mot søraust 

Frå Saksa ser vi her i søraustleg retning. Norangsfjorden med Norangdal i bakgrunnen. F.v. ser vi kjende fjell som Smørskredtindane, Slogen, Skruen, Keipen m.a.

Gondolheis til Saksa

Saksa er ikkje av dei høgaste fjelltoppane i Sunnmørs-alpane, men frå denne toppen får ein med eit  utruleg godt oversyn over det fantastiske fjell-landskapet og fjorden. Den høgaste av dei tre toppane ligg på  1073 m.o.h, dei to andre nokre få meter lågare. Saksa er lett synleg frå fjorden og bygdene og oppstiginga tek 3-4 timar. Overgangen mellom den sørlegaste (og mest besøkte toppen) til dei to høgaste, er litt krevande, men kunne med fordel vore gjort lettare ved litt sikring med trinn og kjetting/tau.

Det er ikkje alle gitt å få seg eit topp-tur i Sunnmørs-alpane, i alle høve ikkje dei som er på kortare besøk eller dei mange som ikkje har dei fysiske forutsetningane som trengst. I mange andre land med fjell-landskap er gondolheiser eit svært utbreidd tilbod. Eg har opplevd i Østerrike at ein og same topp har to gondolheiser, ei frå kvar landsby under toppen. Og eg snakkar om heiser med større kapasitet (ca. 35 pr. gondol) og langt større spenn enn det Saksa-heisa må ha.

Fjellheisen Tromsø

I Tromsø finn vi ei av dei få gondolbanene her i landet. Den er ikkje av dei mest moderne, men fungerer framleis. Gondolfestet rullar på berewiren, medan nedste wire dreg gondolen. Den eine gondolen går opp, den andre går samtidig ned og dreg den første opp.

Her i landet er det berre nokre få gondolheiser. Eg nemner Bergen, Tromsø og Rjukan og Gaustadtoppen (i tunnel).

 kabinbane

Ei anna utgåve av heis med liten gondol blir kalla kabinbane. Her fungerer  hovudwire og som trekkwire – skiheisprinsippet.

Rosina i pølsa

Ei gondolheis til Saksa reknar eg som rosina i pølsa som skulle serverast turistane og andre gjester. Nedre stasjon måtte ligge ved Urkegjerde. Det første spennet ville gå til austre del av Nakkane der det måtte vere ei mast. Vidare skulle neste spenn gå nesten til toppen av Saksa, berre nokre få høgdemeter å gå heilt opp. Øvre heisstasjon må ha ei utsiktsrampe og i same prosjektet bør innarbeidast ein lett og sikker tilkomst til dei to nordlegaste toppane.

Eg skal ikkje bruke mange ord for å beskrive utsikta frå Saksa.  Eg meiner det ville blir ei verkeleg oppleving for mange om dei kunne få nyte Sunnmørs-alpane i alle dei fire himmelretningane, fjordane nedanfor og utsikt til øyane i nord med havet utanfor.

Kven tek tak?

Det er andre enn underteikna som veit meir om kven som best kan ta tak i dei prosjekta som eg kjem med forslag om i dette innlegget. Eg kan tenkje meg at den største reiseoperatøren som satsar på fjorden, ser eit potensiale til å auke interessa for turismeutviklinga i området. Stat, kommune, reiseoperatørar, bankar, kraftutbyggarar og privatpersonar kan og ha interesser i tiltak som snur ei negativ utvikling i distrikta til optimisme, arbeidsplassar og buglede.

Møte på fjorden

Det er ikkje daglegkost at to turistskip møtest på Urkebukta. Hjørundfjorden toler langt fleire besøk av cruiseskip og passasjerane fortener å få sjå kva vi kan tilby dei. (Foto: Johan Urke)

Vi må lære oss å vere stolte av den naturperla vi har å forvalte på ein god måte. Eg veit at det alltid vil vere nokon som vil gå til kamp mot alle slike inngrep, som det vert kalla. Eg ser det ikkje slik. Tvert i mot vil nettopp slike tiltak  vere det einaste som kan føre til framgang for dei utsette bygdene og er det som trengst for at dei skal vere liv laga, utan nedlegging og attgroing. Samtidig ville brukarane, våre velkomne gjester og turistar, få med ei oppleving for livet.