Knappast til å tru
Det er knappast ein kan tru at det er sant. Nyleg har det frå Sykkylvshald vorte gjenteke og støtta kravet frå Norangsfjorden om å bygge tunnel Velledalen – Urke, og eit par veker seinare sit Ørsta formannskap og tenkjer vyer og vil i tillegg ha tunnel vidare frå Øye til Viddal. I møtet uttalar Wenche Volle (Frp) at vi ikkje må gløyme bygdene: ”Eit sterkt sentrum treng bygdene, og omvendt.” Eg vel å tru at slike utspel er positivt meint.
I dette området må det satsast for å gi eit kjempetilbod for turistar. Biletet er frå Skårasalen i retning nordaust. T.v. ser vi Trandal, t.h. Urke. I mellom ser vi Saksa, litt t.h. i sollys, og omkringliggande fjellområde på Råna-halvøya. (Foto: Ivar Svein Mo)
”Frende er frende verst”
Dersom ein vil arbeide for livskraftige lokalsamfunn, må ein ha som siktemål at folket skal trivast, unge må finne det attraktivt å bu der og det må skapast arbeidsplassar. Det må vere brei semje om ei slik målsetting og det må vere vilje til å finne ut korleis ein kan oppnå målsettinga. Det er derfor trist når ordførar i nabobygda Stranda, Frank Sve (Frp), slaktar vegsamband mellom Velledalen og Urke, ein ide sykkylvingen Odd Jostein Drotningshaug (Sp) lanserte nyleg. ”Frende er frende verst”, seier eit gammalt ordtak.
Eg vil med dette utspelet lansere eit par viktige framtidsretta tiltak som ikkje har direkte samanheng med den aktuelle diskusjonen om vegprosjekta. Vegprosjekta er i seg sjølv svært viktige for Norangsfjorden og regionen utanfor. Det same kan eg seie gjeld for dei prosjekta som eg tek opp her. Ei realisering vil vere viktig for dei aktuelle bygdene, men vil i vid samanheng bety mykje for Sunnmørsregionen. Tiltaka bør kome for å fremje turisttrafikk (ei velkjend målformulering i kommunar) ved å gjere reisemåla attraktive for velkomne gjester.
”Queen Elisabeth 2” har gått sin siste tur på Hjørundfjorden, men utviklinga innan cruise aukar, og nye turistskip vil kome dersom gjestene får tilbod som varer lenger enn til neste dag. Toppane på Saksa ser vi rett over baugen på ”Dronninga”. (Foto: Arild Stokke)
Fjorden som reisemål
Norangsdalen og Øye har meir enn hundre år gammal tradisjon som reisemål. Naturen er den same i dag og bør framleis vere noko av det beste reisemålet i landet for naturopplevingar – ikkje berre for dei få og velståande, men og for vanlege folk. Hjørundfjorden er det viktigaste reisemålet som kan kombinere opplevingar av både dei ville Sunnmørs-alpane og av eit unikt fjordlandskap.
Hotellet på Øye legg planar for utvidingar og det er grunn til å sjå føre seg mange ti-år framover der turistar, ikkje minst frå sentrale europeiske land, vil oppsøkje reisemål som kan by på ro og eigenopplevingar utanom det som byar og sentrum kan tilby.
Her er kart over området der gondolheis til Saksa og djupvasskai er innteikna.
Fleire cruiseskip
Fjordlandskapet presenterer seg på beste måten frå sjøen: Med cruiseskip, hurtigruta, med ferja eller i eigen båt. Cruiseskipa har hatt Øye som reisemål sidan 1880-åra. Hurtigruta har ikkje sett Hjørundfjorden på sitt rutekart til no, men eg veit at det er ein diskusjon om å korte ned reisetida ved å legge om frå Geirangerturen til Hjørundfjorden. Særleg ville det bli attraktivt om ein kunne få legge skipet til kai.
Fleire reiseoperatørar har tilbod med mindre skyssbåtar innover fjorden sommarstid. Det vert og arbeid med å få i gang arbeidet med Hjørundfjord-stien, ein gangveg rundt heile fjorden litt ovanfor strandsona.
Dei store skipa har lenge sett passasjerane i land med eigne landgangsbåtar, men det vert jobba for å få etablert ein del djupvasskaier som kan ta mot dei største cruiseskipa. På Hellesylt er det alt utarbeidd eit prosjekt i denne leia. Meir overraskande er det at i Ørsta vert det jobba for å bygge djupvasskai for cruiseskip. Vi er mange som spør om kva tradisjonar og framtidsplanar ein ser med å invitere turistar på nok eit sentrumsbesøk, inkl. ”by”-vandring og kjøpesenter, t.d. i Ørsta.
Djupvasskai
Dersom ein skal få framgang for turistnæringa i fjordlandskapet, vil det bli behov for ei djupvasskai i det optimale reisemålet – i Hjørundfjord - spesielt vil Norangsfjorden vere aktuell. Grunntilhøva og fjordbotnen gjer at Øye, etter mitt syn, ikkje har det ideelle tilhøva. Derimot synest eg at forholda ligg langt betre til rette på Urke. Noverande kai kan utvidast ein del meter utover og dermed får ein tilstrekkeleg djupne. I tillegg trengst eit par pirar frå land vil gje nødvendig sidestøtte til dei største skipa.
Kaia på Urke ligg vakkert til og er lite brukt etter at fjordbåten til Ålesund vart innstilt. Ei småbåthamn t.v. skal flyttast til området ved elveosen. Slogen i bakgrunnen.(Foto: Eldrid Øye)
Med denne kaia som mottak for skipstrafikk, legg ein grunnlag for utflukter til Norangsdalen og Hellesylt/Geiranger. Heile området vil ha nytte av i djupvasskai. Mitt primære syn er at gjestene skal få eit opplevingsrikt besøk som gir varige minner, ikkje dusinvarer, utan at eg definerer det nærare.
Beste utsiktsplass
For å gi eit verkeleg minnerikt tilbod til turistane, ville eg satse på at eit besøk i Hjørundfjorden både skal ha i seg fjordlandsskapet og Sunnmørs-alpane. Det var fjella som var det første og sterkaste trekkplasteret då turisttrafikken tok til på midten av 1800-talet. Då var det klatrarane og turentusiastane som såg verdien av fjell-landskapet. Dei har framleis same tilboda i fjella i dag og trafikken på dei attraktive vandrarmåla er sterkt aukande. Det skulle vere nok å nemne Slogen.
Frå Saksa ser vi her i søraustleg retning. Norangsfjorden med Norangdal i bakgrunnen. F.v. ser vi kjende fjell som Smørskredtindane, Slogen, Skruen, Keipen m.a.
Gondolheis til Saksa
Saksa er ikkje av dei høgaste fjelltoppane i Sunnmørs-alpane, men frå denne toppen får ein med eit utruleg godt oversyn over det fantastiske fjell-landskapet og fjorden. Den høgaste av dei tre toppane ligg på 1073 m.o.h, dei to andre nokre få meter lågare. Saksa er lett synleg frå fjorden og bygdene og oppstiginga tek 3-4 timar. Overgangen mellom den sørlegaste (og mest besøkte toppen) til dei to høgaste, er litt krevande, men kunne med fordel vore gjort lettare ved litt sikring med trinn og kjetting/tau.
Det er ikkje alle gitt å få seg eit topp-tur i Sunnmørs-alpane, i alle høve ikkje dei som er på kortare besøk eller dei mange som ikkje har dei fysiske forutsetningane som trengst. I mange andre land med fjell-landskap er gondolheiser eit svært utbreidd tilbod. Eg har opplevd i Østerrike at ein og same topp har to gondolheiser, ei frå kvar landsby under toppen. Og eg snakkar om heiser med større kapasitet (ca. 35 pr. gondol) og langt større spenn enn det Saksa-heisa må ha.
I Tromsø finn vi ei av dei få gondolbanene her i landet. Den er ikkje av dei mest moderne, men fungerer framleis. Gondolfestet rullar på berewiren, medan nedste wire dreg gondolen. Den eine gondolen går opp, den andre går samtidig ned og dreg den første opp.
Her i landet er det berre nokre få gondolheiser. Eg nemner Bergen, Tromsø og Rjukan og Gaustadtoppen (i tunnel).
Ei anna utgåve av heis med liten gondol blir kalla kabinbane. Her fungerer hovudwire og som trekkwire – skiheisprinsippet.
Rosina i pølsa
Ei gondolheis til Saksa reknar eg som rosina i pølsa som skulle serverast turistane og andre gjester. Nedre stasjon måtte ligge ved Urkegjerde. Det første spennet ville gå til austre del av Nakkane der det måtte vere ei mast. Vidare skulle neste spenn gå nesten til toppen av Saksa, berre nokre få høgdemeter å gå heilt opp. Øvre heisstasjon må ha ei utsiktsrampe og i same prosjektet bør innarbeidast ein lett og sikker tilkomst til dei to nordlegaste toppane.
Eg skal ikkje bruke mange ord for å beskrive utsikta frå Saksa. Eg meiner det ville blir ei verkeleg oppleving for mange om dei kunne få nyte Sunnmørs-alpane i alle dei fire himmelretningane, fjordane nedanfor og utsikt til øyane i nord med havet utanfor.
Kven tek tak?
Det er andre enn underteikna som veit meir om kven som best kan ta tak i dei prosjekta som eg kjem med forslag om i dette innlegget. Eg kan tenkje meg at den største reiseoperatøren som satsar på fjorden, ser eit potensiale til å auke interessa for turismeutviklinga i området. Stat, kommune, reiseoperatørar, bankar, kraftutbyggarar og privatpersonar kan og ha interesser i tiltak som snur ei negativ utvikling i distrikta til optimisme, arbeidsplassar og buglede.
Det er ikkje daglegkost at to turistskip møtest på Urkebukta. Hjørundfjorden toler langt fleire besøk av cruiseskip og passasjerane fortener å få sjå kva vi kan tilby dei. (Foto: Johan Urke)
Vi må lære oss å vere stolte av den naturperla vi har å forvalte på ein god måte. Eg veit at det alltid vil vere nokon som vil gå til kamp mot alle slike inngrep, som det vert kalla. Eg ser det ikkje slik. Tvert i mot vil nettopp slike tiltak vere det einaste som kan føre til framgang for dei utsette bygdene og er det som trengst for at dei skal vere liv laga, utan nedlegging og attgroing. Samtidig ville brukarane, våre velkomne gjester og turistar, få med ei oppleving for livet.
Kommentarar
Så vidt eg har høyrt har Skårasalen ei velrenomert nedkøyring for "Off pist" folket.
Andre veit sikkert meir om det. Dette bør utnyttast. Altså Gondolheis frå sjøen på Skår.
Eit anna prosjekt som det bør takast tak i er kvista og preparerte løyper med løypemaskin til Jenteskaret og Patchelhytta.
Er du kjent kan du gå trygt til begge desse stadane frå Urke. Problemet er visst du ikkje er kjent i området.
Når no hotellet på Øye skal ha heilårsdrift har dei problem med å vise gjestane trygge skiløyper.
Derfor bør det arrangerast eit spleiselag som kjøper inn og drifter ei løypemaskin.
Vi får då ei trygg kvista/preparert løype frå Urke og innover i dalen.
Etter det eg har fått med meg, er det veg til Skårasalen som er temaet der. Det er og ein fin utsiktsstad, men ikkje så bra som Saksa.
Eg håper det er råd å få til tilbod for turistar i sommarhalvåret. Det er då fjorden og Sunnmørs-alpane kan appellere til dei mange.
Det er på dette grunnlaget eg håper det er råd å få til ei konstruktiv meiningsutveksling, utan at ein hentar fram alle andre tiltak og blokkerer for saka eg presenterer. Sjølvsagt er det reiseoperatørane som veit best korleis dei beste tilboda kan utformast.
Kan det tenkjast at eit hurtigrutebesøk på Urke kan kombinerast med ein gondoltur på Saksa? Unikt dersom ein kan kombinere fjord og fjell på ein slik måte.
På Geiranger, aust for Sunnmørs-alpane, makta grunneigarane og hotella å bygge veg til Dalsnibba for nesten hundre år sidan. Skulle andre stader kunne makte slike tiltak som eg nemner?
Å forvalte betyr og at vi deler godene med andre. Det er ikkje så sikkert at det er rett at berre nokre få av oss skal ha alle naturopplevingar for oss sjølve. Det luktar egoisme. Skulle det ikkje vere råd å tilby mange tilkomst med kabin eller gondol til Saksa i dei enorme fjellmassiva mellom Bergen og Troms? Det er ingen gondolbaner i dette området. Eg snakkar ikkje kabinbane til Jakta, Slogen, Råna, Smørskredtindane.
To episoder renn meg i tankane:
Ein gong fekk far min oppleve ein helikoptertur til Stålberghornet som han hadde studert nedanfrå eit langt liv. Eg ville aldri ha teke frå han den gleda.
Ein annan gong delte eg gondol med ei indisk familie på 16 medlemer frå St. Anton (1300 moh) til toppen av Valluga (2811 moh) i Østerrike. Ingen av oss gløymer den turen.
Vi må akseptere at det trengst nokre grep for å legge til rette for livskraftige lokalsamfunn. Det gjeld vegar som knyter saman med andre og at trafikk kan gå både frå og til. Det siste betyr at vi må vere opne for at andre skal få god tilgang til det vi ønskjer å forvalte - dele med andre.
Lykke til
Dessverre er det alltid nokon som kjem med surmaga kommentarar. Det treng vi ikkje. Saklige, konstruktive tilbakemeldingar er (nesten) alltid av det gode, på denne måten kan idear vekse og utvikle seg vidare. Skal Hjørundfjorden vekse i framtida, er ein nøydd til å tenke i nye baner, og ikkje legge ein kvar god ide død med dårlig sarkasme.
Eg skal ikkje skryte på meg at eg er så veldig bereist, men nokre plassar har eg da besøkt. Eg har bla vore eit par gongar på Island, eit fantastisk land. Det er vel ingen som tenkjer på øydeleggjande turisme når dei tenker på øya i vest? Nei, islandingane har gjennom mange år lagt til rette for at turistar skal få oppleve denne sårbare naturen på ein god måte. Overalt er det flotte merka stiar som er avgrensa med tjukke tau. På veg opp vulkanar er det mange plassar tretrapper slik at ein ikkje skal trakke på lavaen. Gode informasjonsskilt fortel spennande historie bla på Reykholt.
I Schwartswald har dei bla gondolbane til toppen "Schauinsland". Eg har ein snev av høgdeskrekk, men det var likevel litt av ein opplevelse å ta denn bana opp blant høge tre til toppen. Landsbyen bana går fra er mindre enn Urke, og har gitt gode inntekter iform av restaurantdrift, omvisningsturar på toppen osb.
Det eg vil fram til er at ein må tenkje nytt når det gjeld turisme i fjorden. Javisst kjem det mange hit som vil oppleve "urøyrd" natur, men eg trur at det hadde komt like mange (om ikkje fleire)hvis ein kunne få nyte utsikta fra td Saksa utan å slite seg ihjel. Det er da ikkje snakk om å sette opp gondolbane eller bygge veg til kvar ein topp i fjorden, eg trur vi kan lære av islandingane og kombinere turisme med vern.
Eg synst ideen med gondolbane til Saksa er glimrande, og støttar han fullt ut!!!
og nyskapning er de som trengst i bygdene våre. Men vi mangla desverre grundera som er villige til å satse, de blir som regel bare med praten desverre.Kansje kan ungdommen som ofte kommentera innlegg på portalen komme tilbake til bygdene å skape ting?
Skal ein likevel til med noke til fjells bør det kunne brukast meir enn 3 mnd i året. Rentene skal betalast i 12 mnd.
Når eg har vore på Saksa har eg tenkt at dette ikkje er noke skifjell for dei fleste. Derfor tenkte eg FEIL PLASSERING.
Sure slekter er nok spreidde langt utom Hjørundfjorden. Elles så kjenner eg meg fin i magen i dag.
Vi må også passe oss for å uttrykke at vi vil verdsette våre gjester etter kor mange tusenlappar dei legg etter seg. Snu flisa og spør om du sjølv ville dra på besøk dersom du skulle analyserast etter prinsippet "du er OK dersom du legg att meir pengar enn du skaper bry." Dersom det er mange nok som som opplever turistane slik som Unn Frøland uttrykkjer seg, er er redd det ikkje skal vere lett å lykkast i turistnæringa.Og sjølvsagt må ein med eit slikt utgangspunkt rekne med å bli motteken som uønska når ein sjølv skal reise på ferie - ein er turist sjølv då.
Om ikkje, håpar eg at du kan utdjupe den litt.
Det er same tankegang som Sve brukar som er grunnen til at Ørsta og vil ha djupvasskai i sentrum. Mitt bodskap er at turistane vil betale for gode og varige naturopplevingar, ikkje krimskrams som ein finn på alle butikkar i alle store og små byar.
Ei bok som kan skape ettertanke, kan vere boka "Samtidsruinar" av Marit Eikemo. Vart kåra til årets nynorskbok i 2008.
http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2334781.ece
Det neste må vere å nedsetje eit interimstyre som utarbeider ein "Forprosjekt rapport".
Denne tek føre seg det marknadsmessige, evaluering av prosjektet, finansiering og drift.
Er det ikkje midlar til denne rapporten ein gong er det berre å gløyme heile saka!
Vil minna Unn og andre som ikkje likar "turistar" om at "turistane" og har internett.....Kjekt å lese at ein ikkje er likt. Eller forresten. Ein blir jo det berre ein har pengar nok.
Vi må ta den tid som trengst for både å drøfte saka og vurdere nøye kva vegar som er opne for å kome vidare. Derfor håper eg at det er instansar som fattar interesse.
"Møre-Nytt" vil ha saka på trykk torsdag. Då vil det politiske miljøet i kommunen bli orientert. "Nytt i Uka", ei gratisavis for Nordre Sunnmøre, kjem ut i Ålesund i eit opplag på 40.000. Dei har saka onsdag. Kanskje reiseoperatørar og fylkespolitikarar får ein ide?
Så lurer er på om Bygdemobiliseringa har ei rolle når slike utspel kjem? Vidare spør eg meg om Ørsta kommune kunne vere ein vegviser for å hjelpe å få fram midlar til eit forprosjekt. Kunne det tenkjast at der finst ein budsjettpost som kan vere ei opning til å kome vidare. I så fall er formannskap og politiske parti utfordra. Det kan synast som Ørsta næringskontor har gode forbindelsar og også vere vegvisar til ressurskjelder; "hoppidet" må vel nærme seg nettopp det som denne saka inneheld. Ei klargjering om midlar til djupvasskai er på langtidsbudsjettet og om det er er gjort eit vedtak som låser lokaliseringa til Ørsta sentrum, er viktig. Urke grendalag og Urke kailag vil sikkert ha eit ord med i laget.
Vi er mange som ventar i spenning på om det er råd å kome videre eller om saka skal leggast til sides i denne omgang. I så fall har nok modningstida vore for knapp.
Turister vi kan prate med, lære av, guide... De turistene jeg har vært borti har ikke vært mye til bry.
Turisme er en næring og en næring driver man som regel for å tjene penger på den. Det er en ærlig sak at cruiseturister verdsettes i kroner og øre, men de bruker ikke penger uten at de har noe å bruke dem på...
Og det er mange som har inntekter fra turisme uten at de tenker så mye over det.
Ferger, rutebusser, butikker, bensinstasjoner... I noen barnehager går det til og med et barn eller to som har foreldre som jobber med turisme.
Vi har også de som satser direkte på turisme. Som vil bygge gondolbaner til fjells og tuneller i glass og stein. Vei til Skårasalen og hotell på Stålberghornet. Vi kan le, rase, forferdes og bifalle, men uten vyer og storslagne idéer blir ingenting skapt. Ikke alle vyer er gjennomførbare, ikke alle er liv laga, men noen viser seg å bli svært vellykkede.
Tidligere vyer har gitt oss Hotel Union, Hotel Sagafjord, campingplasser, Christiangaard, utleiehytter, Rekkedal gjestehus, et fantastisk sted på Fivelstadhaugen (kanskje vurdert som galskap i sin tid det også?) og tilbud jeg sikkert ikke vet om.
Det er egentlig bare pengene som stopper oss, og penger - det kommer forhåpentligvis turistene med;)
Turisme trenger jo heller ikke være av den sorten som gjør ekstremt store fysiske inngrep i naturen vår. Naturen er det verdifulle trekkplasteret vårt som gjør det interessant å komme hit.
Skape arbeidsplasser i et bærekraftig jordbruk...
Jaja, dream on Bjøringsøy. Hadde jeg hatt egnet plass ville jeg ha satt opp et par utleiehytter i tillegg.
Nå som "Egget" i Volda lever et usikkert liv; har noen sjekket klangen i Olavsdalen, eventuelt med et lite overbygg / en katedral...? Klokkura vet vi "funker"... ;-)
Men det er ikkje til å stikke under ein stol at eg set pris på "småskala-turisme" som ikkje lagar dei heilt store inngrepa. Men gondolbane hadde likevel ikkje vore så verst, sjøl om eg ser for meg andre toppar.
Eit slik anlegg på Urke vil nok gagne nabo-kommunane våre i den retninga meir enn vår eigen kommune. Det er berre ein tanke eg har som eg rekna med får enkelte til å kvese.
Derimot ei gondolbane, med rustne stolpar og vaierar, på lik linje med ei stor høgspentlinje, tek seg ikkje særleg godt ut oppover ei grasgrodd li. Utan å bli for usakleg håpar eg aldri at noko slikt skal byggjast og øydeleggje fjella på Sunnmøre, isåfall får ein halde seg til skisentera rundt om kring der dei er best eigna.
Når det gjeldt dei som meiner ungdomen bør kome tilbake til bygda og satse, så trur ikkje eg det er berre dei/oss som har skuld i at ikkje fleire tørr og satse. Nei vanlegvis ligg svaret i ein generasjon eller to tidlegare som sit og eig på jorda og som i mange tilfelle ikkje er særleg interessert i å gjere så mykje med den og ser det helst best at jorda ligg som ho er og at ingen kjem og brukar arealet til å for eksempel byggje seg eit lokale som kan brukast til diverse satsingar. Men slik har det vel alltid vore i desse trange fjord-bygdene på Vestlandet, her får vi boltre oss fast på ei fjellhylle og tvi-holde på den til vår siste dag?
Til sist men ikkje minst vil eg igjen få minne dykk på det gode forslaget om Hjørundfjordstien, som kom på bana for litt over eit år sidan, og håpar snart å få setje «spada i marka». Trur dette kan vere det rette steget for Hjørundfjorden, med bygdene rundt, til ein endå meir samanknytt fjord.
Inntekt får man ikkje første året.
Man må vere villig til å legge ut i fleire år før pengene kjem inn att.
Den som tør får det til men då må man ta valget mellom sitt private forbruk og penger til det man vil satse på og har tru på.
Kven velger vekk sitt private forbruk i fleire år mot at pengene går til oppbygging av turisme.
Litt gal må man vere.
Ny bil kan man gløyme då!
Ei slik bane må byggast slik at den omtrent ikkje fører til inngrep, og nettopp det trur eg er einaste måten noko slikt kan realiserast. Her må ein vinkle det mot ei "grøn" bane. Eg ser for meg startpunkt ved kraftverket som lagar rein energi frå eit småkraftverk, også med minimale inngrep. Det å bygge ein bilveg til ein fjelltopp i dette årtusenet er å kaste seg baklengs inn i framtida. Ei gondolbane er kanskje lettare å få aksept for, men aldri på dei mest heilage stadane i fjorden.
Såkalla naturvernere er meir som en bremsekloss for nyteknkning og nyskapnining i bygdene.Eg meiner ikkje vi fare ille åt med naturen men slik situasjone er i bygdene i hjørundfjorden i dag trengst det folk som tenker nytt.Det e et utrykk som heiter :Skal man lage omelett må man knuse egg.Skal man starte noko må ein grave og snu på torva Ting vil i ei periode sjå rotete ut men når det er ferdig vil det bli bedre en det var(Ta dokke en tur til Urke å sjå kor fint arbeid Tussa har gjort der,Til slutt:Det viktigaste for fjorden e å få veg Velledalen -urke-Øye-Viddal
Nei bygg djupvanskai å Urke og skap blest om d, norangsdalen e flott å besøke og dei som ar muligheita kan traske seg oppi fjellheimen.
Blir djupannskaia en suksess kan en vurdere nye tiltak, men å bygge i villelse ser eg ingen grunn til.
Hjørundfjordråsa er ein unik ide. Noko som må takast vidare. Den vil kunne åpne for nye moglegheiter for dei ulike bygdesamfunna i fjorden. Den vil også gi dei besøkande eit meir variert og utvida produkt.
Eg er einig med at vi treng folk som tør og satse, tenke nytt og nyskapande. Men samtidig trur eg dette kan gjerast utan dei store naturinngrepa. At slike tiltak ” vil vere einaste som kan føre til framgong (..)” er eg ikkje samd i. Eg har større tru på både folket og fjorden til det. Urørt natur er, og vil bli meir og meir, ei sjelden vare på verdsbasis. Enkelte inngreper vil vere vansklege å sette i reversj. Naturen er unik som den er. Den er ei perfekt kulisse.
”Pølsa”, som den og vert kalla har vi råvarene til alt, vi treng berre finne rette krydderet.
”Rosina” er eg redd for at det må ekstern storkapital til for å finansiere. Og at dei eksterne investorane vil stikke av med gevinsten av pølsa.
Det er ikkje nok med berre attraksjonen eller naturen i seg sjølv, ein må ha personleg initiativ, god marknadsføring og utvikling av konseptet i tillegg.
T.d har ikkje hotellet på Sæbø, trass i særpreg og fantastisk beliggenheit klart å få ut potensialet i same grad som dei andre du nevner.
Dersom det vert noko av den gode ideen "Hjørundfjordråsa", vil dette aspektet være essensielt, ellers vil råsa fort gro att..
Eg hadde ikkje venta at alle skulle vere enige i det eg foreslår. Dessverre er det kanskje for seint, er det fleire hjørundfjordingar som har sagt til meg. "Dette skulle ha kome for 30 år sidan, då det var optimisme og vi såg ei framtid for bygdene", seier mange. Eg trur framleis der er håp for å utvikle næringsgreina turisme, ei arbeidsintensiv næring.
Samtidig må ein prøve å finne fram til eit rasjonelt jordbruk som jan gi lønsemd. Eg trur at alle gardane på Urke kunne gå saman om eit geitefjøs med stordrift. Dette ville og vere bra for beiteutnyttinga.
Veg til omverda er viktig. Hadde ein fått gjennomslag til Sykkyven frå Urke, ville mykje ha vore vunne. Ordføraren på Stranda har hosta fram tilsagn om 1 milliard - 1000 millionar - for å ruste opp ein ras-trygg veg for sambandet mellom Stranda og Hellesylt. Dette til ein veg som det ikkje er så sannsynleg at den vert stamveg for Vestlandet ein gong!
Tverrsambandet Sykkylven- Ørsta bør vere interessant for begge kommuner, og er ikkje berre til hjelp for Sykkylven, slik mange sentrum-ørstingar trur. Det er trass alt berre ei mil mellom riksvegen i Sykkylven og riksvegen gjennom Urke. Knappe tre mil frå Urke til Ørsta, medrekna ei ferje, burde lokke sykkylvingane til Ørsta. Ferjesambandet Festøy - Hundeidvik kan då glatt leggast ned, ein ikkje uvesentleg innsparing. Vegen vil vere viktig som tverr-tilknytning til stamvegen, antan den vert over Hovdebygda eller gjennom Sykkylven.
Så litt om dei siste kommentarane som har kome.
Blodpølsene skulle ha rosin i endane der det vart knytt igjen - alt for smaken si skuld. "Rosina i pølsa" er å forstå som høgdepunktet på ei oppleving, eller det aller beste. Og det er slik eg meiner det og med å kalle opplevingsturen til Saksa (Soksa - som vi seier i dialekten).
Eg trur ikkje på ei framtid for Hjørundfjord-turisme dersom alt skal gjerast i så liten skala at det er berre ei svært avgrensa og eksklusiv gruppe som skal få delta. Når Geiranger prøver å sette eit tak på 5.000 ilandstigingar pr. dag, skjønar vi litt den andre ytterligheita. Det trengst både satsing i det små og i større skala, også i vår fjord. Det er storkapitalen som har overteke Union Øye. Dersom dei får det til å gå rundt, har eg ikkje noko imot at dei lykkast der andre gir tapt. Derfor håper eg at nokon med kapital kunne finne interesse for ei sommardriven kabinheis til Saksa. Eg har masa om at dette er einaste gondolheisa mellom Bergen og Tromsø. Like fullt er det nokon som skriv om gondolheiser til alle fjelltoppar! Ski-folket skal få ha sine heiser der dei finn det best. "Off-pist"-folket må greie seg sjølv og skifte fjell kvar helg, medan Røde Kors skal stå på vent for å hente ned att.
Nei, eg har foreslått ein EINESTÅANDE ATTRAKSJON i fjordlandskapet på Sunnmøre. Og ei slik kabinbane er IKKJE skjemmande og eit stort inngrep i naturen.
Nok ein gong er eg redd for at det skal hentast fram dei vanlege formuleringane om naturøyding, ikkje berekraftig og ressursmisbruk som vil legge den vanlege bremsa på mest alle tiltak som er mynta på å gjere naturen og landskapet tilgjengeleg for fleire og andre enn egoistane.
Takk for oppmerksomheita! Håper vi kan møtast når kaia skal opnast for det første cruiseskipet og når dei første hurtigrutepassasjerane får seg ein vel fortent tur på Saksa i gondolheis berre nokre hundremeter frå kaia!
Per Stein Straume